Prosjektarbeid i Volda IWK

Som dei fleste klubbar i IW er også Volda IW organisert i ulike komitear. Ein av desse er er prosjektkomiteen. Arbeidet dette året har vi delt i tre område: Medlemsverving, samtalegrupper retta mot innvandrerkvinner og støtte til prosjektet ” Safe Motherhood Ambassadeurs”.

Medlemsverving
Vi starta hausten med fokus på medlemsverving. Alle medlemmene vart oppfordra til å invitere med seg så mange kvinner dei ville til eit møte der vi ville presentere klubben vår på ein god måte. Kven er vi? Kva arbeider vi med? Kva støttar vi? Korleis har vi det på møta våre?
Som velkomst viste vi kva IW er og betyr for oss gjennom ”Hjulet” , eit tablå med song, diktlesing og ytring om kva IW er for oss. Programmet denne kvelden var spesielt retta mot kvinner. Ein svært engasjert foredragshaldar snakka om pilgrimsturane sine til Santiago de Compostela. ISO orienterte om prosjekta våre, elles 3 min, loddsal og song som på eit vanleg møte.
Talet på frammøtte var dobla denne kvelden, og dette gav grunnlag for fleire nye medlemmer. Vi har no 11 observatørar, og det vert spanande kor mange som melder seg inn på maimøtet.

Samtalegrupper retta mot innvandrerkvinner.
I Volda har Læringssenteret ansvar for inkluderingsprogrammet for flyktningar. Som eit lokalt prosjekt har vi starta opp med samtalegrupper med språktrening og leksehjelp. Vi er 8 kvinner frå IW som møter innvandrerkvinner kvar veke til samtale og ulike aktivitetar som gir språktrening. Dette tiltaket er ein vinn – vinn situasjon for oss alle. Vi i Volda IW har fått betre kjennskap og forståing for desse kvinnene sin bakgrunn og kultur, og også deira evne til å tilpasse seg eit liv i eit nytt land. Vi ser fram til møta med kvinnene , og etterkvart har vi utvikla eit godt vennskap. Kvinnene har vore med på fleire IW- møte, mellom anna Internasjonal dag. Dette meiner vi støttar opp om grunntanken til IW: VENNSKAP – HJELPSEMD – INTERNASJONAL FORSTÅING.

Kvinner hjelper kvinner
Vi var på leiting etter ei god inntektskjelde for å støtte prosjektet vårt i Etiopia, då ideen om moteframsyning dukka opp. Vi engasjerte to lokale klesbutikkar, ein skobutikk og ein veskebutikk. IW- kvinnene stilte som mannekengar . Gjett om dette vart suksess! Hotellet var stappfullt av kvinner som kosa seg med vårens motar, kaffi, kaker og loddsal. Inntektene frå loddsalet går til prosjektet vårt, og utan å røpe noko kan vi gle oss over å sende ein tosifra sum.

Kveldens høgdepunkt og overrasking var då kvinnene frå Eritrea entra golvet i sine fantastiske nasjonaldrakter og frisyrer. Desse kvinnene frå læringssenteret presenterte seg sjølve og fortalde litt av sine historier på godt norsk. Omtale av moteframsyninga kom på første side i ”Møre” , og ikkje minst vart vi ”midtsidepiker” i avisa.

Prosjekta våre dette året har gitt oss ein ny glød. Samtidig har tiltaka marknadsført klubben og gitt oss nye medlemmer.

På vegne av klubben Else-Mari Holsvik og Aashild Longvastøl

Referat frå fellesmøtet til Ørsta og Volda Inner Wheel klubbar den 6. januar 2016

Referat frå fellesmøtet til Ørsta og Volda Inner Wheel klubbar den 6. januar 2016

ISO Cecilie Wilhelmsen frå Volda Inner Wheel klubb til venstre, og President Ragnhild Høydalsvik i Ørsta Inner Wheel klubb til høgre.

Tradisjonen tru, vart første Inner Wheel-møtet i eit nytt år halde i fellesskap i Ørsta og Volda Inner Wheel. Dette året var det voldingane sin tur å halde møtet på Volda Turisthotell. Temaet for kvelden var flyktningkrisen og korleis den påvirker oss lokalt.

(mer…)

Hvis du fortsetter å bruke siden, godtar du vår personvernserklæring og bruk av cookies. mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close