ISO Cecilie Wilhelmsen frå Volda Inner Wheel klubb til venstre, og President Ragnhild Høydalsvik i Ørsta Inner Wheel klubb til høgre.

Tradisjonen tru, vart første Inner Wheel-møtet i eit nytt år halde i fellesskap i Ørsta og Volda Inner Wheel. Dette året var det voldingane sin tur å halde møtet på Volda Turisthotell. Temaet for kvelden var flyktningkrisen og korleis den påvirker oss lokalt.

Tradisjonen tru, vart første Inner Wheel-møtet i eit nytt år halde i fellesskap i Ørsta og Volda Inner Wheel. Dette året var det voldingane sin tur å halde møtet på Volda Turisthotell. Temaet for kvelden var flyktningkrisen og korleis den påvirker oss lokalt.

Denne kvelden hadde vi invitert André Eiksund, leiar ved Volda sitt statlege mottak for flyktningar, til å halde eit foredrag. Volda mottak er eit delvis desentralisert mottak i Volda kommune. Mottaket mottok sine første bebuarar i november 2008, og vart gradvis bygd opp til ein kapasitet på 120 plassar. Seinare er kapasiteten utvida, og mottaket har frå 2014 avtale med UDI om 160 plassar. 25 tilsette har sitt daglege virke her og Volda kommune får 2 millionar kroner i tilskot, i året, for å drive dette. Staten dekkjer norskundervisinga som flyktningane får. Språkundervising er viktig for å få bebuarane til å lettare og raskare å kunne bli integrert i nærmiljøet.

André Eiksund fortalte levande frå kvardagen sin ved ein arbeidsplass som både er krevjande men også gjev svært mykje att. Via media får vi mange gongar inntrykk av at det er ein hårfin balanse mellom folk sin frykt og avsky. Mange har ofte sterke meiningar og alt for mange gonger kjennest det ut som om nokre står på sidelinja og ventar på å få bekrefta sine eigne fordommar. Men mange tek ansvar og er flinke å støtte opp om våre nye landsmenn i ein vanskelig situasjon.

André seier at det aldri er ein kjedeleg dag i jobben på mottaket. Jobben er hektisk, dynamisk og utfordrande. Ein blir kjent med mange flotte, spennande folk med mange opplevingar i bagasjen, både på godt og vondt.

Etter eit spennande og lærerikt foredrag over eit stadig meir aktuelt tema, trekte vi damene opp i restauranten der karbonadesmørbrød, kaffe og kake venta oss. ISO Cecilie Wilhelmsen frå Volda Inner Wheel ønskte gjestane velkomne og vi opna med songen vår; «Tenn lys».

Det vart gode samtalar mellom Inner Wheel-venninner, der vi snakka om det vi hadde høyrt. André og to bebuarar frå mottaket, sette seg til bords i lag med oss og fleire kom med spørsmål og fekk svar.

Det vart meir song, «Dansen på Sunnanø» og «Blowin’ in the Wind» (Bob Dylan). Deretter loddsal der premiane blant anna var friske vårblomster i sterke fargar. President Ragnhild Høydalsvik frå Ørsta Inner Wheel takka for maten og uttrykte glede over å få feire slike dagar i lag med Volda Inner Wheel. Vi har det alltid kjekt i lag når vi møtast.

Etter øvrig program og meir koseleg prat rundt om på borda, avslutta vi med songen «Din tanke er fri» med tekst av Alf Cramer.

Sekretær i Volda Inner Wheel
Borgny Molnes

Hvis du fortsetter å bruke siden, godtar du vår personvernserklæring og bruk av cookies. mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close