* Charterdag: 10.okt. 1956
Møtedag: Første onsdag i mnd. kl. 19.00
Møtestad: Hotell Ivar Aasen om ikkje anna vert annonsert
Fadder: Bergen IW
Medlemstal: 20
Styret 2022-23
- President: Solrun Vadstein Sætre epostadresse: solrun.satre@gmail.com
- Visepresident :
- Past president : Møyfrid Vadstein epostadresse: vadsteinm@gmail.com
- Sekretær: Anne-Mari Øyehaug epostadresse: anne.mar.oyehaug@gmail.com
- Kasserar: Jenny Godø Vatne epostadresse: jenny@tussa.com
- ISO : Eli Lannerholm epostadresse: e.lannerholm@tussa.com
- Styremedlem Liv Aam epostadresse: livaam15@gmail.com
PROGRAM 2022-23:
* 07.09.2022: Medlemsmøte på Hotell Ivar Aasen kl. 19:00. Besøk frå Ørsta Røde Kors
* 05.10.2022: Medlemsmøte på Hotell Ivar Aasen kl. 19:00
*22.10.22: InterCitymøte. Ørsta IW er vertskap
* 02.11.2022:
* ??.12.2022- Adventsmøte
*10.01.2023: Den internasjonale IW-dagen
*11.01.2023: Fellesmøte med Volda IW og Ulstein IW??
* 01.02.2023: Årsmøte med val av nytt styre kl. 19.00. Møtestad Hotell Ivar Aasen. Distr.pres. 3-minutt?
* 01.03.2023: Arbeidsmøte/ ekstern foredragshaldar kl. 19.00. Møtestad Hotell Ivar Aasen 3-minutt: Turid
* 24.03.-26.03 2023: Distriktsårsmøte Tromsø
* 05.04.2023: Medlemsmøte på Hotell Ivar Aasen kl. 19:00
* 03.05.2023: Tur til ??
*??.06.202: Sommaravslutning
Dersom du er forhindra i å kome på møte, hugs å melde frå til presidenten i god tid!!
GODT INNER WHEEL-ÅR !
Ørsta IW medlemsmøte onsdag 4.05.22
Endeleg kunne Ørsta IW ta ein vårutflukt igjen. Turen gjekk til Josybuda på Kalvatn i Volda kommune. Vi hadde felleskøyring frå Ørsta ,og 11 medlemmer drog avgarde.Vi vart godt tekne imot av vertskapet og kl 19 var vi vel på plass i Josybuda, ein restaurert og ombygd løe som nå er ein fin serveringsstad og selskapslokale.Klubbpresident Møyfrid hadde forfall, så visepresident Solrun leidde møtet. Vi opna med å synge «Kom mai du skjønne milde». På menyen stod sosekjøt med tilbehør. Til dessert fekk vi karamellpudding med krem. Praten gjekk livleg rundt bordet. Solrun orienterte om junimøtet, det skal vere på ungdomshuset i Åmdalen. Rotary er invitert, og opplegget følgjer det gamle mønsteret. Medbrakt mat, kopp, asjett, kaffekanne. Kvart medlem tar med gevinst. Solrun vil sende ut nærare orientering.
Solrun las sitt siste månadsbrev og siste brevet frå Diso Mona.Ho fokuserte spesielt på Dorcas hus som hadde oppstart 1.1. 22. Ho kom med oppfordring å støtte prosjektet.Marit Aasen hadde 3-minutt. Ho hadde rydda i gamle kort og brev og funne lokalt stoff. Så ho las opp « Austefjordsongen». Aktuelt sidan vi var i nærområdet. Forfattar var ukjend. Så hadde ho et innslag skrive av Agnes Ryste om lokale folk som hadde ærend på det gamle posthuset i Hovdebygda. Møtet vart runda av med av med song, «Vi tror på Inner Wheel» ca kl 21.30.
Kari Juel Rogne sekr.
Medlemsmøte 06.04.22
President Møyfrid ønskte velkomen , og vi song «Alle fugler».
11medl.møtte.
På maimøtet blir det utflukt til Josybuda, medl.kunne melde seg på.
D-president Solrun refererte frå Distriktårsmøtet 26.mars. Framtida til D-27 vart diskutert, aktuell problemstilling er å flytte alle klubbane inn i eit distrikt . For D-27 er det meir aktuelt å gå inn i D-31.
D-styret 21-22 stiller samla på nytt for klubbåret 22-23. Solrun held fram som D-president.
Nasjonalt prosjekt Narkotikahund går vidare. Dei ulike klubbane er ikkje pålagde å betale inn til prosjektet.
Neste D-årsmøte blir i Tromsø 24.-26.mars 2023.
Ørsta IW skal ha Intercitymøte 22.oktober 2022.
Jenny har mottatt takkebrev frå Svalene for tilsendte kr 5000,-.
Lotteripengane frå Ryst Saman blir delte mellom Svalene og Ørsta /Volda ballettskule.
Guri Rogne var ansvarleg for hovudposten denne kvelden. Tittel: Ein fysioterapeut sin kvardag.
Ho er barnefysioterapeut i Volda kommune,40% er vanleg fysioterapi , 60% er knytt til helsestasjon for barn og unge. Arbeidet blir delt mellom helsestasjon og skulehelseteneste. Arbeidet skal fremje fysisk helse,gode sosiale miljø,førebyggje sjukdom og skade, avdekkje og avverje vald og overgrep.Tilbodet skal tilpassast den einskilde sitt behov og livssituasjon. Foreldre må alltid inkluderast når det gjeld born si tilpassing.
Det er viktig at helsestasjonen har eit tverrfagleg tilbod: Fysioterapeut,ergoterapeut,helsesjukepleiar,jordmor,lege,adm.personale.
Gjennom arbeidet sitt møter Guri alle born i Volda kommune frå dei er 4 uker gamle.
I skulen møter ho 1.klasse foreldre- tek opp m.a. kosthald,aktivitet i veke og helgane .
Så møter ho elevane i 5.kl. Tek opp aktivitet/fritid, gaming,mat m.m.
I 8.kl er det foreldremøte/elevmøte med helsesjukepleiar /fysioterapeut. Så er det fem samlingar med jente/gutegrupper. Emne er m.a. kropp, sjølvtillit, å kunne seie nei.
Ho avslutta med at helsestasjonane er i utvikling, og det er viktig at kommunane
veit kva innbyggjarane treng.
Så vart det kaffi og smørbrød.
Så song vi , og i desse urolege tidene valde vi «Ein song om fred.»
Så vart det lufta planer om junimøtet. Vi inviterer Rotary, og møtet blir på ungdomshuset i Åmdalen. .
Berit Hatlestad hadde 3-minutt. Ho hadde gode tankar om jentene i Afganistan og manglande utdanning under Taliban. Styresmaktene svik alle unge kvinner i landet nå og i framtida. Vi kan vere takknemlege fordi vi bur i Noreg . Presidenten avrunda og takka for møtet kl 21.30.
Ørsta IW møte onsdag 2.mars på hotellet.
10 medl. var tilstades.
President Møyfrid hadde forfall, så Solrun Sætre leide møtet. Ho ønskte velkomen, hadde nokre få ord om alvoret i verda nå, men vi var alle samde om at vi skulle la det alvoret liggje denne kvelden.
Solrun hadde helsing frå Anna Inga, eit av dei eldste medlemene i klubben.
Så litt om dei neste møta. Aprilmøtet blir på hotellet, ikkje heilt avklart om program.
I mai blir det nok tur til Josibuda. Vi vil invitere Rotary til junimøtet, lokalet blir bestemt seinare.
Solrun stemmer for klubben på vala til Headquarters. Det er elektronisk avstemming .
Ellers må medlemmene hugse gevinster til Ryst saman 25.mars på Rjånes.
ISO Turid las brev frå DISO om IW`s internasjonale arbeid og engasjement. Ho hadde også brev frå Svalene:
Frå «Svalene» – november 2021
Skulen (Cristiania) har hatt stengt i neste 2 heile skuleår. No har dei litt etter litt starta med gjenopning. Nedstenginga har vore uhyre belastande for elevane. I tilleg til pandemien har det vore politisk uro i Peru, som mellom anna har ført til auka pris på matvarer. Svalene vil sende pengar til matutdeling til elevane sine familiar i desember.
Svalene minner om at det er høve til å gi julegåver til elevane, som kan tingast gjennom Svalene.
Ein av grunnleggjarane av Svalene, Maria Havnnes Giæver, døde i fjor, og ho har tilgodesett Svalene i testamentet.
Ein av elevane ved skulen skriv eit innlegg om korleis det har vore med fjernundervisning, og takka vere Svalene har alle elevane hatt tilgang på PC, slik at dei får delta i undervisninga. Ho rosar rektor Maria Salazar de Cotera og alle lærarane som har gjort ein fantastisk jobb også i denne tida.
Ørsta IW møte onsdag 2.mars på hotellet.
10 medl. var tilstades.
President Møyfrid hadde forfall, så Solrun Sætre leide møtet. Ho ønskte velkomen, hadde nokre få ord om alvoret i verda nå, men vi var alle samde om at vi skulle la det alvoret liggje denne kvelden.
Solrun hadde helsing frå Anna Inga, eit av dei eldste medlemene i klubben.
Så litt om dei neste møta. Aprilmøtet blir på hotellet, ikkje heilt avklart om program.
I mai blir det nok tur til Josibuda. Vi vil invitere Rotary til junimøtet, lokalet blir bestemt seinare.
Solrun stemmer for klubben på vala til Headquarters. Det er elektronisk avstemming .
Ellers må medlemmene hugse gevinster til Ryst saman 25.mars på Rjånes.
ISO Turid las brev frå DISO om IW`s internasjonale arbeid og engasjement. Ho hadde også brev frå Svalene:
Frå «Svalene» – november 2021
Skulen (Cristiania) har hatt stengt i neste 2 heile skuleår. No har dei litt etter litt starta med gjenopning. Nedstenginga har vore uhyre belastande for elevane. I tilleg til pandemien har det vore politisk uro i Peru, som mellom anna har ført til auka pris på matvarer. Svalene vil sende pengar til matutdeling til elevane sine familiar i desember.
Svalene minner om at det er høve til å gi julegåver til elevane, som kan tingast gjennom Svalene.
Ein av grunnleggjarane av Svalene, Maria Havnnes Giæver, døde i fjor, og ho har tilgodesett Svalene i testamentet.
Ein av elevane ved skulen skriv eit innlegg om korleis det har vore med fjernundervisning, og takka vere Svalene har alle elevane hatt tilgang på PC, slik at dei får delta i undervisninga. Ho rosar rektor Maria Salazar de Cotera og alle lærarane som har gjort ein fantastisk jobb også i denne tida.
Foredragshaldar denne kvelden var Ingeborg Tusvik Nupen. Ho driv «Nupen Helse», og er utdanna kosthaldsrettleiar og ernæringsterapeut. Ho er utdanna allmennlærar i botnen, men helsa gjorde at ho måtte konsentrere seg om den delen av utdanninga si som er best for henne nå og som gir henne mykje.
Ho starta tidleg som instruktør på treningsenter, men var også opptatt av helse og ernæring. Då ho fekk born, tok ho kosthaldsrettleiarutdanning. Ho arbeidde først med kosthald via Topptreningsenteret. P.g.a. eigne problem med fysisk og psykisk helse, valde ho forlate læraryrket og heller starte si eiga verksemd med helse og kosthald med god støtte frå familien.
I firmaet «Nupen Helse» arbeider ho med einskild individ. Viktige område er fysisk helse, mental helse, sosial helse og den «bagasjen» pasienten har med seg. Ho arbeider ved Medi 3 i Ålesund måndag og torsdag. Ellers er ho på arbeidsplassen sin i Vikegt. 31 i Ørsta. Dessutan arbeider ho nettbasert.
Tlf. Nupen Helse 992 55 003. Netts. Https: llwww.nupenhelse.no
Ein sprudlande og dyktig foredragshaldar. Vi i klubben hadde ei god stund. Hjarteleg takk til Ingeborg!
Deretter las Solrun brev frå D-president, og tok opp sakene som skal på årsmøtet:
Så hadde Turid 3-minutt, der ho hadde funne ei morosam og kraftfull ordveksling mellom ein bonde i Bondalen og ein frå Ørsta sentrum, henta frå Mørenytt i 1929,
Vi avslutta møtet med «Alle fugler små de er». Kari Juel Rogne, sekr.
Foredragshaldar denne kvelden var Ingeborg Tusvik Nupen. Ho driv «Nupen Helse», og er utdanna kosthaldsrettleiar og ernæringsterapeut. Ho er utdanna allmennlærar i botnen, men helsa gjorde at ho måtte konsentrere seg om den delen av utdanninga si som er best for henne nå og som gir henne mykje.
Ho starta tidleg som instruktør på treningsenter, men var også opptatt av helse og ernæring. Då ho fekk born, tok ho kosthaldsrettleiarutdanning. Ho arbeidde først med kosthald via Topptreningsenteret. P.g.a. eigne problem med fysisk og psykisk helse, valde ho forlate læraryrket og heller starte si eiga verksemd med helse og kosthald med god støtte frå familien.
I firmaet «Nupen Helse» arbeider ho med einskild individ. Viktige område er fysisk helse, mental helse, sosial helse og den «bagasjen» pasienten har med seg. Ho arbeider ved Medi 3 i Ålesund måndag og torsdag. Ellers er ho på arbeidsplassen sin i Vikegt. 31 i Ørsta. Dessutan arbeider ho nettbasert.
Tlf. Nupen Helse 992 55 003. Netts. Https: llwww.nupenhelse.no
Ein sprudlande og dyktig foredragshaldar. Vi i klubben hadde ei god stund. Hjarteleg takk til Ingeborg!
Deretter las Solrun brev frå D-president, og tok opp sakene som skal på årsmøtet:
Så hadde Turid 3-minutt, der ho hadde funne ei morosam og kraftfull ordveksling mellom ein bonde i Bondalen og ein frå Ørsta sentrum, henta frå Mørenytt i 1929,
Vi avslutta møtet med «Alle fugler små de er». Kari Juel Rogne, sekr.
ØRSTA IW MØTE ONSDAG 3.NOV.2021 PÅ STRØMPENESET
Klubben vart ønskt velkomen av Lars Oskar Fossen, eigar av det gamle,ærverdige fabrikkbygget og ansvarleg for den store og omfattande moderniseringa av den gamle fabrikken.Bygget er frå 1937 og vart ein stor og viktig arbeidsplass for trikotasje.
Fossen fortalde korleis han fekk kontakt med Kåre Aam som var med på å starte
Ørsta Stål i 1947. Aam vart viktig for han for å forstå korleis ein kunne setje i gong ei verksemd.
Faren vart alvorleg sjuk, og Lars Oskar ville gjerne gjere noko som kunne glede faren
som sterkt hadde ønskt asfalt i Strandgata. Det fekk Fossen til før faren gjekk bort for tjue år sidan.
Første steg av moderniseringa vart det som blei kalla Vik Marina. Fossen fekk leiinga i Ørsta Stål med på laget, og elles har han hatt godt samarbeid med Ørsta kommune, bank og ulike etatar. Han understreka kor viktig det er å ha gode medspelarar og folk ein kan stole på rundt seg.Entusiasmen har vore den store drivkrafta heile tida. Det store fabrikkomplekset er nå fullt renovert og huser først og fremst Vik Ørsta, men her er også andre leietakarar.
Så tok Jan Olav Hoggen ,avd.leiar/teknisk sjef over for å informere om Vik Ørsta/SafeRoad Company. Han presenterte bedrifta gjennom Power Point. Bedrifta er lokalisert i Ørsta og Vik i Sogn med 275 tilsette. Kåre Aam, Henrik og Paul Bjørdal
starta bedrifta 3.januar 1947 med ein aksjekapital på kr 40 000. Produksjonen starta i eit nytt bygg like ved Morkagjølet i desember 1947. Vidare utbygging skjedde i Skorgeura utover 50-60 talet. I 1970 bygde dei fabrikken i Hovden.
Bedrifta er sterk på innovasjon og utvikling. Vik Ørsta bruker 30-35 MNOK på produktutvikling og automatisering. Vik Ørsta er ei leiande kunnskapsbedrift og leverandør av lysmaster,tunnelsikring,bergsikring,marinaer, rekkverk. I 2008 fusjonerte Ørsta Stål AS og Vik Verk i Sogn.Overbygginga er SafeRoad konsernet med totalt 2200 tilsette med fabrikkar og salskontor i Europa. Vik Ørsta er det største.
Så var det tid for pause, og L.O. Fossen spanderte smørbrød og kaffe. Det var loddsal, og ikkje minst overrekking av nydeleg orkide til Eldrid Ose, vårt eldste medlem som fylte 95 år 31.oktober.
Deretter var det sightseeing i bygget ved Jan Olav Hoggen. Imponerande var dommen , og ei anna Ørsta bedrift , Fora Form, har møblert alle lokala.
Desember/julemøtet er ikkje bestemt.
Vi får invitasjon frå Rotary med når og kvar. Det blir påmelding.
Møtet slutt kl 21.00. Kari Juel Rogne, sekr.v
Ørsta IW møte 6.okt. Rjånes feriesenter kl 19-21.
Frammøte: 14 medlemmer.
President Møyfrid ønskte velkomen til nytt møte som vart opna med lysseremoni.
Ørsta IW klubb vart 65 år 10.oktober, og vi ønskte å markere dette åremålet med lysseremonien. Desse medlemmene tok del: Eldrid Ose , vårt eldste aktive medlem, Jenny Vatne kasserar og president Møyfrid Vadstein.Vi song «Tenn lys».
Song: Blant alle saker.
Hovudpost var medlemsbokquiz med ulike spørsmål om internasjonale og nasjonale reglar og informasjon. Dermed fekk vi alle ei oppfrisking av innhaldet i boka.
Så var det kaffepause med prat rundt borda og loddsal.
Etter pausen gjekk presidenten. gjennom fasiten til quizen. Deretter var det trekning av klubblotteriet.
Neste post var det Iso Turid som hadde anvar for. Ho refererte brev fra Diso med bl.a. påminning om at Iso skal vere medlem av programkomiteen i klubben. Fauske IW er 25 år nå i haust og er den yngste klubben i D-27. Diso Mona ønskte at dei ulike klubbene skulle samtale om «Pink First» – mottoet og innhaldet i verdspresidenten sitt program som omhandlar kvinnekår og rettar.
Narkotikahund nr. 19 er overlevert til Tolletaten nå i 2021.
«Safe Motherhood» prosjektet er nå avslutta.
Distriktpresident Solrun hadde sendt eit innhaldsrikt månadsbrev. Ho hadde gratulasjonar til både Fauske, Ørsta og Ålesund IW-klubbar. Ho orienterte også om ev. oppløysing/nedlegging av D-27. D-31 er aktuelt som vidare distrikt.
Møtet denne gongen vart avslutta med songen «Dei gamle fjell».
Neste møte er 3.nov. på Ørsta Stål, Strømpeneset. Oppmøte ved Frikyrkja kl 18.45 for køyring utover.
Kari Juel Rogne, sekr.
Medlemsmøte Ørsta IW klubb onsdag 1.09.21 på Rjånes Turistsenter
På dette første møtet i 2021 møttest 11 av 20 medlemmer på Rjånes Turistsenter.
Leiar og eigar av senteret ,John Ivar Solvang, fortalde om oppstarten og utviklinga av senteret som tidlegare var nytta som leirstad for skuleelevar og anna møteverksemd av ein kristeleg organisasjon.Senteret hadde stått unytta i i fleire år då Solvang kjøpte rett før nedstenginga p.g.a. Covid -19.
Det hadde ikkje vore enkelt, men eit grundig oppussingsarbeid vart likevel gjennomført. Hovudhuset har fått ei solid ansiktsløfting , og det same gjeld hyttene som har gått gjennom ei grundig renovering og standardheving. Dei har sengeplass til 50. Ute er det ein stor parkeringsplass, og dei har også parkering for bubilar.
Hovuddrifta er sommarstid og også knytt til Sandvik friluftsenter med fiske og fjellturar. Dei driv også båtutleige. Og denne sommaren har vore fantastisk for senteret.
Elles har dei kafedrift med f.eks. balldag på torsdagane og servering av søndagsmiddagar. Dei arrangerer bryllaup, fødselsdagselskap og konferansar.
Vi avslutta innslaget med ei hyggeleg omvising i hyttene og på den store uteterrassen med utsikt over hamna og fjorden.
Så hadde vi ei god kaffestund med rundstykke, vårruller og ostekake. Deretter var det utlodding og utdeling av nye medlemsbøker.
ISO Turid las brev frå Diso i D-27 der vi bl.a. fekk høyre meir om Narkotikahundprosjektet som held fram. Til nå har IW-Norge finansiert 19 hundar.
Vi fekk høyre om Coronabidrag til utviklingsland og ikkje minst om det nye prosjektet der IW-Norge samarbeider med Kirkens Nødhjelp om Pansy Foundation i Burundi/Rwanda. President Møyfrid las brev frå distriktpresident Solrun. Møyfrid etterlyser gode forslag til program.
Dette blir nok det siste året av D-27, ingen er klar til å bli president.for D-27 neste år, D-27 er invitert til å bli med i D-31.Solrun har tatt på seg ansvaret med å vere D-pres. dette klubbåret, ho har med seg Jenny fra klubben son sekretær og Anna Driveklepp frå Volda som kasserar. Årsmøtet blir i Ørsta 25.-27.mars 2022.
Tilslutt hadde vi ein diskusjon om møtestad. Vi vart einige om å ha oktober og november møta på Rjånessenteret kl 19.-21. , men det krev at vi kan organisere felleskøyring frå Ørsta utover . Vi er mange som ikkje køyrer i mørket! Møtet vart avslutta kl 21.50.
Kari Juel Rogne, sekr.
Julemøte onsdag 2.desember på Hotell Ivar Aasen, Ørsta Inner Wheel
Det vart eit enklare julemøte enn vi hadde tenkt og planlagt fordi hotellet var eigentleg stengt, men dei opna for oss og ordna smørbrød i staden for juletallerken. Det sosiale samværet og hyggen klarte dei femten medlemmane å ordne sjølv.
Vi opna møtet med å syngje «Deilig er jorden».
Tre av medlemmane stod for programmet med sine ulike juleminne.
Den første var Eva Kolås som fortalde litt om sin bakgrunn og oppvekst i Hjørungavåg.Ho fortalde om eit spesielt juleminne frå 1968 då ho var 12 år og den eldste i søskenflokken på sju. Dei hadde juleførebuingar både på skule og heime. Det spesielle ved denne jula var at familien fekk eit nytt medlem – ei lita søster som julegåve. Akkurat det som Eva ønskte seg mest av alt. Ho avslutta med dikt både om jul og om Corona.
Neste medlem ut var Anne Mari Øyehaug,f.1939, som kunne fortelje om mange og ulike minne i Fyldalen i Follestaddalen.I familien var det mor,far, tre barn og ein kjær onkel Knut.Garden var del av eit klyngetun med gode naboforhold.Juleførebuinga starta allereie om hausten med slakting og turar i nøtteskogen. Seinare vart det baking , vasking av hus, turar med bussen ned til Vik for å hente varer på fryseriet til Martin Ose. Noko som var ei spennande oppleving. Alt skulle vere reint til jul, og søskena bada i sinkbaljen på kjøkenet. Juletreet vart henta inn julaftan, og ungane var med på pynting.Sjølvsagt var det mykje god mat , lammeribbe og fruktdessert på julaftan.I dalen var det ein fin tradisjon med julefestar på skulen, både for born, ungdomar og vaksne. Veldig spesielt var det at Follestaddalen hornmusikk køyrde rundt i dalen og spelte julaftan.
Turid Karlsbakk var den siste som serverte oss juleminne om litt av kvart.Ho var yngst i flokken på sju og attpåklatt. Eit godt juleminne er då nissen kom med ei grå dokkevogn frå Grepa. Eit anna år fekk ho dokke frå Amerika,dokka vart oppkalla etter tante Lise. Dei var så heldige å få amerikapakke kvart år. Vareutvalet var ikkje så stort i Norge etter krigen.Faren var sjømann og mykje vekke, så ofte var det mora og søskena som feira julaftan saman. . Turid syntest det var litt rart at broren Øyvard alltid var på do når nissen kom.Første juledag kl 7 om morgonen var det juleotte i kyrkja, og mora og Turid gjekk. Ein jul var heile familien avgarde, men Turid syntest det var rart at dei store brørne gjekk tilsengs sjølvom mora deira hadde lagd til god frukost.
Etter alle desse juleminna avrunda Eli Berit med ein prolog som mor hennar hadde skrive om jula.
President Møyfrid avslutta med at så langt veit vi ikkje kva som skjer i januar , men ein ting er klart at det blir ikkje fellesmøte med Volda IW.
Vi avslutta med å syngje «Deilig er jorden» på nytt og ønskte kvarandre ei god adventstid og god jul!
Kari Juel Rogne, sekretær
Medlemsmøte Ørsta IW klubb onsdag 4.november på Hotell Ivar Aasen
16 medlemmer møtte.
President Møyfrid Vadstein ønskte velkomen, og vi opna med songen « De nære ting».
Foredragshaldaren denne kvelden var Lisbeth Hoggen Totland, helsesjukepleiar på Volda helsestasjon med spesielt ansvar for ungdomskule – vidaregåande skule.
Samarbeidspartnarar er kommunepsykolog, ressursteam, PPT, barnevernet. Det er mykje lovpålagt arbeid, men det er viktig at helsesøster og samarbeidspartnarar kjem tidleg inn i arbeidet med ungdom som slit.
Ungdomen i dag har mange spørsmål til hjelpeteamet, ofte er det viktig berre å få lufte tankar og problemstillingar. Desse kan vere: Er eg normal, fysisk og psykisk?
Om prestasjonar, søvnproblem, angst og depresjon, seksualitet. Lista er lang.
Det er overvekt av jenter som tar kontakt med helsesøster. Mange av problemstillingane heng saman med påverknad frå databruken, influensarar og bloggarar.
Helsestasjonen har ulike skuleprogram å støtte seg til, bl.a. Ungdata, ei spørjeundersøking i regi av Helsedirektoratet anna kvart år.
Helsestasjonen i Volda er eit lågterskeltilbod med eigen helsestasjon for ungdom og studentar.
Dette vart eit svært interessant og informativt programinnslag denne kvelden.
Deretter var det tid for kaffe og rundstykker,loddsal og god prat.
Pres. Møyfrid orienterte om januar møtet, IW `s internasjonale dag. Kvart år har vi fellesmøte med Volda IW og vi veksler mellom kven som har ansvaret. I 2021 er det Ørsta som har ansvaret. P.g.a. Covid-!9 fann Ørstastyret at denne gongen bør vi vere kvar oss.
Desember møtet blir onsdag 2.desember kl 19 på hotellet. Det blir juletallerken og dessert. Kr 425,-. Drikke kjem i tillegg . Det var påmelding på møtet og 16 melde seg på.
Til slutt song vi « Dei gamle fjell».
Kari Juel Rogne, sekretær.
Medlemsmøte Ørsta IW onsdag 7.oktober på Hotell Ivar Aasen, Skårasalen
President Møyfrid Vadstein ønskte velkomen til dei 15 frammøtte . Vi opna med songen « Vi tror, vi tror på Inner Wheel».
Foredragshaldar denne kvelden var Ingebjørg Røyrhus Øyehaug. Ho har arbeidd med fleire dokumentarprosjekt og vore lærar i vidaregåande skule.
Temaet denne kvelden var historia om Synnøve Aarflot Riste, ei ung og gåverik kvinne frå Volda , f, 1858. Ho lengta ut frå det mørke livssynet representert ved Haugianismen i Volda. Hausten 1879 vart ho elev ved kveldsskulen i Volda leia av Per Riste, og her møtte ho Grundtvigianismen.Per vart seinare ektemannen hennar. Ho gjekk også sommarskulen på Vonheim Folkehøgskule leia av Christoffer Bruun, her trefte ho også Bjørnson. I 1881 gifta Synnøve og Per seg og busette seg i Garvargarden/ Ristegarden i Volda. Heimen deira vart ein møtestad for radikale ungdommar i Volda og nabobygdene. Synnøve var svært aktiv i kulturlivet i Volda og Sunnmøre. Ho var opptatt av kvinnesak, røysterett, parlamentarisme og målsak. I 1884 vart parlamentarismen innført på Stortinget og jamstellingsvedtaket i språksaka. I 1887 vart Målskulen oppretta i Ristegarden med Rasmus Steinsvik frå Dalsfjorden og Per Riste som lærarar. Ristegarden vart sentral i litteratur, politisk tenking i bygda og nabobygdene. Rasmus Steinsvik og Synnøve var sentrale i stiftinga av bladet «Vestmannen».Det vart det første bladet på landsmålet i Norge.Rasmus vart redaktør,og Synnøve var ein nær samarbeidspartnar, og det utvikla seg til eit kjærleiksforhold. Men det vart ingen skilsmisse mellom ektefellene. Synnøve Aarflot Riste døydde i barselfeber 22.oktober 1889. Enkemannen Per tok seg av vesle Synnøve saman med dei andre barna deira.
Etter maten vi song vi «Vestland, Vestland» før Eldrid Ose hadde tre minutt . Ho fortalde frå sitt lange og innhaldsrike liv som starta i Narvik i 1926 til det vaksne livet med ektemannen Magnar og tre born både på Austlandet og ikkje minst i Ørsta der ho har vore aktiv i ektemannens firma, politisk aktiv og samfunnsengasjert. Ikkje minst var ho ein aktiv korsongar.Mannen gjekk bort i vinter, men ho bur framleis i heimen sin og har god støtte i mange etterkommmarar. Eldrid gav eit interessant perspektiv over eit liv i nærare hundre år med ei utruleg utvikling.
Så over til klubbstoff: Solrun orienterte om at Convention er avlyst, men planen er å gjennomføre ein virtuell Konferanse.
ISO Turid Karlsbakk las sommarbrev frå Stege IW på Møn. Ho hadde også skrive eit hyggeleg svarbrev til dei. Deretter las ho brev frå DISO i D-27. Mottoet til verdspresidenten er : «Lead the change». IW bør flgje med i utviklinga i verda, t.d. gjennom FN.Frå 2021 blir det eit nytt landsprosjekt for IW Norge. Møyfrid las månadsbrevet frå distriktspresident Karin Gabrielsen.
Forslag til neste møte onsdag 4.11: Turid Karlsbakk spør datter om å ha program, ho er helsesøser i Volda.
Eva og Jenny er vertinner og tar ansvar for tre minutt.Vi diskuterte møtet i desember. Rotary er førebels ikkje aktive, så vi går for julemøte på eiga hand på hotellet 2.desember. Nærare orientering kjem på neste møte.
Ørsta IW sekr. Kari Juel Rogne
Frå medlemsmøtet 02.09
Det var gledeleg at 18 av medlemmene møtte denne kvelden. President Møyfrid leia møtet, og etter formell takk til dei som gjekk ut av styret, og dei nye i styret vart ynskte velkomne til sine verv, hadde vi lysseremoni.
Vidare vart det tatt opp i klubben om vegen vidare.Vi vart samde om at vi vil ta møta etter kvart, i staden for å legge langtidsplan for dette IW-året. På neste møte vil Anne-Mari og Eldrid ta ansvar for hovudpost og 3-minutt, programmet som opphavleg var sett opp på aprilmøtet
Av klubbsaker las presidenten brev frå distriktspresidenten, Solrun refererte frå brevet IIWpresidenten hadde sendt til distriktspresidenten, og ISO Turid las rapporten ho hadde motteke frå CENTRO MARIPOSA:
Bergen 23.08.20
TAKK – lite ord med stort innhold!
Mariposa-prosjektet bæres økonomisk av alle oss viktige støttespillere – og driftes fortsatt av trofaste Willer og Cristina og deres lille stab.
Covid-19 rammer hardt i Sucre. Willer forteller at over hundre tusen er smittet og dødstallene øker. Dessverre antyder helsemyndighetene at bare 10% av de smittede er registrerte. Det er forventet at antall smittede vil synke i midten av september. Helsesentrene (sykehusene) har kollapset, skriver han. Jeg tenker på forskjellene mellom et et fattig land og et rikt land. Selv om jeg har kjent på en uro i møte med korona er den nok langt fra den frykten som preger folket i et land med dårlig helsestell og styresett, og som forsøker å få kontroll så godt som de kan.
Streng og nødvendig nedstengning av samfunnet er nødvendig og krevende.
Leksehjelpen får ikke lov å fortsette og er lukket inntil videre. Tankene mine går ofte til de sårbare små som er tvunget til et karanteneliv med voksne som ikke tar ansvar. Lite mat, vold og misbruk….
Mariposahjemmet har full drift med noen få ansatte.
Cristina forteller at jentene som har bodd sammen siden før jul samarbeider godt og er gode for hverandre. Tenåringsmødrene får god hjelp med å styrke tilknytningen til barna sine.
Det kan virke som at hverdagene med karantene og mye hjemmeliv, tross alt, har skapt noen sterke og trygge bånd mellom jentene, barna og de voksne på huset.
Det er sterkt å høre at de ikke vet hva de skulle gjort uten hjelpen fra oss! Det er fint for meg å bringe videre takknemligheten og trøsten vi gir ved å dele av vår overflod til de som har så mye mindre.
Så, igjen, TAKK!
Varm hilsen fra Hildegunn, på vegne av styret i Centro Mariposa Norge
FRÅ ELDREFESTEN 10.mars 2020
Trass i frykt for koronasmitte greidde vi å arrangere eldrefest, og det var mange som fann vegen til Ørsta Kulturhus.
Hovudposten var: CENTRO MARIPOSA, åpne vinger til nytt liv.
Det var heilt naturleg for meg å tenkje på å hjelpe andre då Ørsta Stålindustri A/S vart seld og familie-bedrifta var historie. Eg var ein av dei heldige arvingane etter at pappa, Henrik Bjørdal i lag med tvillingbroren Paul og svogeren Kåre Aam, grunnla og bygde opp og fram fabrikken som vart ei hjørnesteinsbedrift i Ørsta-bygda.
Eg har reist mykje i mitt liv og var på leit etter eit hjelpearbeid som det var naturleg for meg å ta del i. Og med eitt låg liksom prosjektet og venta på meg då dotter mi, Kjerstin, reiste til Bolivia for å arbeide som sosionom på frivillig basis.
Då eg besøkte henne i Sucre, Bolivia, hausten 2009, og fekk sjå med eigne auge det arbeidet ho brann for i lag med bolivianske kollegaer, kjende eg at her trong dei hjelp for å verte i stand til å hjelpe fattige på ein betre måte. Teamet ho arbeidde i lag med hadde ein draum om eit senter som ga dei heilt andre høve og føresetnader for å kunne hjelpe.
Hausten 2010, for snart 10 år sidan, var tomta kjøpt og teikningane for bygningar klare. Sakte men sikkert vart Centro Mariposa ein realitet, og offisielt innvigd 4. desember 2011! I dag er det liv og røre i desse bygningane som huser mellom anna prosjektet Mariposa. Vald og omsorgssvikt er utbredt i familiar i Bolivia. Dei mest utsette er born og unge. Nokre av dei vert forletne av foreldra. Mariposa sitt ynskje er å gje støtte og profesjonell hjelp til risikoutsette born, unge og familiar gjennom ulike hjelpetiltak.
Kjerstin og eg gler oss til å fortelje meir om prosjektet vårt på eldrefesten tysdag 10. mars, som IW, Ørsta har saman med Rotary, Ørsta. Vi er svært takksame for at IW, Ørsta er med og støttar prosjektet vårt, og drøymer om at også fleire vil vere med.
Helsing Hildegunn Bjørdal Alnes og Kjerstin Bjørdal Alnes
Tidlegare har dei vore intervjua i MøreNytt:. Salet av Ørsta Stålindustri gav dottera til Henrik Bjørdal meir pengar enn ho sjølv og familien trong. I tida etterpå har Hildegunn Bjørdal Alnes jakta eit prosjekt som ho kunne støtte. Hjartesaka fann ho i byen SucreiBolivia. «Kva drøymer de om?» Dette spørsmålet stilte Hildegunn på stabsmøte i OASID. Det er denne frivillige, bolivianske organisasjonen, eller først og fremst vanskelegstilte barn i Sucre, som får nyte godt av engasjementet og den økonomiske overfloda til Hildegunn. Grunnlaget for hjelpa vart lagt i etterkrigstidas Ørsta. Der starta faren hennar, Henrik Bjørdal, tvillingbroren Paul og svogeren Kåre Aam, Ørsta Stålindustri.
Frå Ørsta til Sucre I barndommen var Hildegunn mange sommarmånader i Ørsta og ho føler det er passande at ho offentleggjer planane sine i kommunen der grunnlaget var lagt. Men korleisfannhjelpadenlangevegen frå sunnmørskommunen til byen Sucre, som ligg i det nest fattigaste landetpå denvestlegehalvkule? – I oppveksten lærte eg å vere raus og eg har alltid vore oppteken av hjelpearbeid ute, fortel Hildegunn. Dette tankesettet forplanta seg til dottera Kjerstin, som på frivillig og uavhengig basis drog til Boliviafor å bidra som sosionom. Kjerstin fekk høve til å bruke sosionombakgrunnen sin i eit prosjekt for paraplyorganisasjonen OASID. Saman med fagpersonar som pedagog, fysioterapeut, psykolog og sjukepleiar arbeider dei inn mot statlegebarneheimar.
Hadde funne prosjektet Samarbeid med det offentlege i Bolivia er ikkje berre lett. Politiske endringar fører gjerne til endringar i leiinga på barneheimane òg. Alternative måtar på å nå barn og ungemedarbeidetOASIDgjer,var difor etterlengta. I fjor haust vitja Hildegunn dottera i Sucre. Ho skjønte mest umiddelbart at ho hadde funne prosjektet ho leita etter.– Eg trudde eg var førebudd på det som skulle møte meg, men eg tok feil. Historiene til barna gjorde sterkt inntrykk på meg, og eg ønskte så gjerne å hjelpe dei, fortel ho. Det var difor Hildegunn utfordra leiinga i organisasjon til å fortelje om draumane sine for arbeidet.
MEDLEMSMØTE * ÅRSMØTE I ØRSTA INNER WHEEL 05.02.2020 på hotellet kl.19.30.
14 stk som møtte. President Solrun ønskte velkommen og starta møtet med å tenne lys for Kirsti som har gått bort. Alle røyste seg og vi minnes ho med 1 minutts stillheit. *Så gav ho ordet til han som skulle ha hovedposten i kveld, avdelingsleiar for brann og beredskap, Kurt Kristiansen. Han kom til Ørsta for 4 år sida. Det vart åpna ny stasjon i 2017. Ørsta har fire stasjona i kommuna, Ørsta,Vartdal,Sæbø og Øye. Ørsta sentrum har fått tre nye bila. En med stor kanon på taket som det tar under 1 minutt å tømme. Der er også brannbila på Vartdal,Sæbø og Øye slik at dei raskt kan rykke ut og starte sløkkinga, før det kjøme assistanse frå Ørsta m fl om det er behov for det. Om det blir behov for ekstra hjelp på Øye kan dei også få hjelp frå Hellesylt og Stranda. Alle brannmenn må vere røykdykkera. Det var 200 hendelsa i 2019. Ingen dødsfall. Det har vorte fleire og fleire helseoppdrag for kvart år. Alle bilane har hjartestartera + på stasjonane. Utrykningstid på dag er 4 minutt. På natta 6 minutt. Har mange oppdrag i lag med politiet. Har 102 øvelsa i året = på 2-3 tima pr gang. 19 store øvelsa i sentrum. Vartdal/Sæbø har 7 øvelsa kvar og Øye har 6 øvelsa i året. Det tar 6-7 år før en er topputdanna i brannvesenet. Brannmenn er med når det er øvelsa på institusjonane, skolane mm. Det er to ganga i året øvelsa på Ørstaheimen. Avdelinga har 5 heiltidstillinga + 2 feiera. 21 mannskap. 4 delte vakte. 5 delte innsattsledera. Røykdykkera. Kjemikaliedykkera. Det er 10 konstabla på deltid men ingen vaktordning på Vartdal og Sæbø. På Øye har dei 7 brannkonstabla på deltid. Han avslutta med å sei at det er kjekt å jobbe i Brannvesenet. Vi er som søstre og brødre ( er 3 damer som jobber der også) Vi må stole 100% på kvarandre. Alle har faste rutiner når dei blir kalla ut. Og alle veit kva oppgave dei har. Alt er uhyre strengt og det må det vere. Om eg skulle velge yrke på nytt så hadde eg tatt det same valget ein gong til. Så svarte han på spørsmål frå salen. Han anbefalte alle å ha brannteppe for hand på kjøkkenet om det begynte å brenne. Kari Juel Rogne hadde panneloket klart når ho laga smultringa, det rådet hadde ho fått av mor si. Til slutt fekk den blide,trivlige avdelingsleiaren klapp frå salen,roser og klem frå presidenten. Han takka ja til å vere med oss under matykta. Han vart også med på felles bilde av heile forsamlinga. Vi song “ Blant alle saker” før mat,kaffi,åresalg og trekning. Den siste delen tok Jenny seg av. * Så fekk Eli-Berit ordet og det vart årsmøtesaker. Valnemda hadde bestått av: Eli-Berit,Berit og Solrun. Eli-Berit las opp navna etter tur og alle vart valde med klapp! Styret for 2020 /2021 ser då slik ut : President: Møyfrid Vadstein, Sekretær: Kari Juel Rogne, Kasserer: Jenny Vatne Godø, Iso: Turid Karlsbakk, Past president: Solrun Vadstein Sætre, Styremedlem: Liv Aam. Visepresident vart ikkje valgt fordi ingen hadde tatt det på seg. Revisor = Marit Aasen. President Solrun takka Eli-Berit for arbeidet i valnemda og la til at det er inga sak å vere president når alle er så flinke til å bidra med 3 minutt og skaffe hovedposta mm. *Så vart det behandla nokre saker som skal opp i Rådet. – Sak 4-2: Auke i reisefordelinga frå kr85,- til kr 185,- pr. medlem frå 01.07.2020 . Vedtatt. -Sak 4-3:Abonnement-kr100,- for 3 medlemsblad om ein vil ha det tilsendt frå 01.07.2020. -Sak4-5:Landstreff – Alle medlemmane betaler inn kr50,- pr år til ein sparekonto. Her støtta medlemmane samrøystes styret. Dei som reiser kan sjøl dekke utgiftene sine.
– Sak/ny tekst- lovendring: Past rådspresident møter på første møtet,uten stemmerett. Det slutta vi oss til. *Skal vi fortsette å ha møta våre på hotellet, spurte Solrun. Og vi var alle enige om at det fungerer godt no. Så det vil vi fortsette med. *Eldrefesten den 10.03.2020. Vår del av pengane frå eldrefesten skal gå til “Mariposa” I forkant av festen blir det et intervju i Møre-Nytt av representant frå mariposa prosjektet. Fin pr for eldrefesten det. Så vart det sendt rundt liste som vi kunne skrive oss på – for tidlig eller seint frammøte. *Så fekk ICO/Ragnhild H ordet. 6.mai blir det VÅRTUR til Ullaland. Vi møter 15.45 ved Frikirka og køyrer samla inn dit. Etterpå blir det mat og drikke på Josybuda på Kallvatn, ca kl 18. Ansvarlige for vårturen er Marit,Åse Margrete og Ragnhild H. Meir info kjøme på aprilmøte. *Ragnhild las julehelsing frå klubben i Stege i Danmark. som Solveig K Jonsdottir hadde sendt til oss. Ragnhild delte også ut et brev frå Svalene, der dei informerte om arbeidet og takka for støtta dei får. “ Ei riktig God Jul og Godt Nyttår ønskes alle våre medarbeidere,” sto det på siste side. Til slutt så roste Ragnhild – President Solrun – for alle dei fine og gode orda som ho sa om Kirsti i kirka i gravferda henna. * Så fekk Sigrun ordet og heldt 3 minutt. Ho las utdrag frå ei bok som Ivar Mork har skreve, som har tittelen “Reisegalskap 2” Og vi fekk vere med på ei reise frå Kambodsja til Laos. Ho starta turen med at han står i Bangkok og venta på kofferten sin…. President Solrun takka henne for at ho og Ragnhild Ø hadde ordna med hovedpost og for den 3 minutts reisa ho gav oss. Til slutt las Solrun et dikt, “ To barn i verden.” Og vi avslutta med å synge “Venskapsvise”
Eva Kolås
REFERAT FRÅ MEDLEMSMØTET ONSDAG 06.11.19
Det var 20 medlemmer som møtte. President Solrun Vadstein Sætre opna møtet og sa at ho var svært glad for oppmøtet og spesielt ønskte ho Lars Petter Øye frå Foreningen Norden velkomen. Presidenten nevnte årets TV aksjon og at det var posetivt at det kom inn over 250 millioner kroner til Cares arbeid for jenter og kvinners rettigheter og muligheter. Så song vi “Blant alle saker” før ho gav ordet til Lars Petter Øye. Foreningen Norden er en frivillig organisasjon som har som formål å styrke og utvikle et folkelig nordisk samarbeid. Medlemsland er Norge, Danmark ( inklusive Sydslevig),Sverige,Finland,Island og Færøyane. I Møre og Romsdal har vi tre foreninger. Det er Ørsta/Volda, der Eldbjørg Tvergrov har overtatt ledervervet etter Lars Petter Øye som no er kontaktperson. Så er det Molde og omegn og Ålesund. Foreningen har 4500 medlemmer og 70 lokallag i Norge. I år har foreningen hatt 100 års jubileum. Til sammen har dei nordiske landa og selvstyrte områder ca 40 000 medlemmer. Lars Petter ønska fleire medlemmer velkomne, spesielt yngre.Ørsta vidaregåande skule har eit godt samarbeid med foreningen norden.Elevane ved resaurant og matfag,kokk og servitør førebur kvart år eit skikkelig nordisk gjestebod med mykje god og spanande mat på menyen. I år vart lokalet fylt opp frå dei opna dørene, så det er tydeleg at dei nordiske smakane lokker til seg folk. Ellers viste Lars Petter bilder og fortalde frå kjekke treff og besøk når søsterforeningane hadde vore på besøk her i distriktet. Til slutt svarte han på spørsmål frå tilhøyrerane. Presidenten takka Lars Petter for at han kom og han fekk den raude rosa som takk. Han fekk også vere i lag med oss under matykta. Så vart det mat og kaffi, god prat og åresalg. Så vart det klubbsaker. *Presidenten orienterte om to utmeldinga. *Dei som møtte på IC møtet på Atlanterhavsparken meldte tilbake om eit kjekt møte + god mat. Men litt amputert på slutten fordi lokalet dei var i skulle brukast til nytt møte. *Så fekk ISO Ragnhild Høydalsvik ordet. Ho las eit nyheitsbrev frå Mariposa – prosjektet frå Hildegunn, på vegne av styret i Centro Mariposa Norge. Kunstmalar Roald Stevik frå Trondheim har donert to trykk til inntekt for Mariposa. Kunstlotteriet er i gang og dei som vil støtte det kan kjøpe lodd, er 100,- pr. lodd. Og det kan Vippses til Hildegunn. Mobilnr er 48182110. Brevet med bilder frå det forebyggande arbeidet vart utdelt. *Presidenten orienterte om dei internasjonale prosjekta som vi skal røyste over. 1. Care Norge. 2.Dr. Mukwege,Penzi hospital. 3.Hamlin Foundation. 4.NMS. 5. Sos – barnebyer. Vi fekk utdelt lappa der alle fem prosjekta var trykt på – så kunne ein sette kryss bak det ein ønska å støtte. Presidenten samla inn lappane. *Presidenten refererte månadsbrevet frå distriktspresidenten. Der ho avslutta så fint med desse orda frå Johanne Koren “ Hver dag har man lov til å begynne på ny. Det glimter et håp i hver morgengry” *Juleavsluttning blir 17.12.19 på Rekkedal. *Eldrefesten blir 10.03.2020. Inntekta går til Mariposa – prosjektet. *Berit Hatlestad hadde 3 minutt. Ho tok for seg aviser og avisinnlegg og språklige spørsmål frå Sunnmørsposten og Vikebladet/Vestposten. Til slutt las ho et dikt frå Vestlandsperla som hadde stått i Ørsta avis i 1933 og heite “I haust”. *Presidenten takka Berit og Eli Berit som hadde skaffa hovedpost og Berit for 3 minutta. *Til avslutning song vi “ Vennesongen”. Presidenten takka for frammøtet og ønskte vel heim. Og ho oppmoda oss om å møte på julemøtet på Rekkedal i desember.
Eva Kolås referent
Referat frå medlemsmøtet onsdag 02.10.19
Vi var 14 medlemmer som møtte fram til dette møtet.
President Solrun Vadstein Sætre opna møtet og ynskte velkomen, spesielt til Gudny Fagerhol, som skulle ha hovudposten. Vi song ein opningssong, «De nære ting, og så las presidenten helsinga som Helene Torkildsen sende ut i samband med 95-årsjubileet til IIW 10.januar i år:
I går – i morgon- takk og tro/ Vi skal få det til å gro / I tidens ånd -og tidens stil/Varm verden med INNER WHEEL
Så fekk Gudny Fagerhol ordet. Ho er opphavleg frå Snåsa, og har hatt god kontakt med «Snåsamannen», fekk mellom anna eit langt brev då ho vart vald som ordførar. Ho er ei langt over gjennomsnittleg aktiv dame, og dei fleste i bygda har hatt kontakt med henne gjennom dei verva ho har hatt, og har. Ho er aktiv i saniteten, soknerådet, Hovdebygda soge- og velferdslag, Ervingen blandakor og i klagenemnda for eigedomsskatt. I tillegg var ho ein periode varaordførar og seinare ordførar i bygda, og i fleire periodar var ho representant i Fylkestinget. Ho kan telje 23 nemnder og råd ho har site i, og i fleire av desse som leiar. Ho starta i politikken i 1979, og det viktigaste målet for henne har vore å ha fokus på kvinnene si stilling i samfunnet. Elles er ho bekymra over utviklinga i politikken. Tidlegare var det kjekt på møta, og mange saker løyste dei tverrpolitisk. No har miljøet blitt mykje kaldare, også lokalt.
I sogelaget har turstiane vore den viktigaste oppgåva. Og ho har vore pådrivar for integrering av våre nye landsmenn, gjennom felles aktivitetar i lokalmiljøet. Dei gir ut bok kvart år, i år kjem bok nr. 27 .
Presidenten takka Gudny for eit engasjerande foredrag, og gav henne den raude rosa. Samstundes takka ho Sigrid Hovden for at ho hadde ordna avtalen med Gudny.
Etter matøkta hadde vi klubbsaker.
- Presidenten refererte frå D-presidenten sitt månadsbrev, og las brevet frå DISO (i ISOs fråver). Begge ynskte lukke til med val av nytt prosjekt. DISO informerte også om ISO/DISO-treffet, som ho planlegg å legge til søndag etter årsmøtet.
- Styret foreslo at vi skulle øyremerke inntekta av eit fast møte til Mariposa-prosjektet, slik vi gjer med «Svalene», og vi fann at inntekta av pensjonistfesten er passe. Då kan vi presentere dette under presidenten sin tale til publikum, og bygdefolket kjenner kanskje til dette prosjektet.
- Val av nytt prosjekt: Sidan ISO ikkje var til stade, var det presidenten som la fram informasjon om dei ulike prosjekta. Sidan vi var så få på møtet, valde vi å utsette valet til novembermøtet, og Solrun sende dokumentet med prosjekt og vedlegg til alle medlemmene, slik at dei kunne få gå gjennom dei på ny før neste møte.
- Neste møte har Berit og Eli-Berit ordna med. Dei har kontakta Lars Petter Øye, leiar i Foreningen Norden Ørsta/Volda.
Elles er det eit ynskje frå presidenten at vi får inn programmet seinast 14 dagar før møtet.
Vi avslutta møtet med «Vår skute IW».
Solrun Vadstein Sætre, referent
REFERAT FRÅ MEDLEMSMØTE 04.09.2019
20 medlemmer møtte.
President Solrun Sætre opna møtet og ønskte velkommen til første møtet etter ferien.
Hotellsjef Diana Molskred hadde eit innlegg om hotellet. Ho starta med å presentere seg . Diana er frå Hareid. Har to sønna. Ho var ofte i Ørsta i oppveksten fordi bestemora budde her, Anna Brune Mo. Diana er eit ordinært kvardagsmenneske med hjartet på rett stad, uredd, viljesterk og barmhjertig som ser og vil folk best. Diana er god veninne med Lilli Bendris. Passa ungane hennar når ho kom til Hareid i feriane. Og jobba på restauranten hennar når ho budde i Oslo. Hotell Ivar Aasen er no ein del av Havila Holding A/S. Ho er stolt av å jobbe under Per Sævik og med hans spennande konsept,der han vil satse på turisme. Ei kopling mellom fire kystruter og hotelldrift, der turistane kan hoppe av og på for å oppleve både på sjø og land, Sævik er veldig klar på å drive miljøvenleg. Ikkje bruke plast og ikkje kjøpe plast. Hotellet tilbyr konferansesuitar til styremøte. leiarsamlingar, opne og interne arrangement. Dei har også suiter som egner seg særskilt til mindre og intime samlingar. Spør oss, kom med innspel og vi skreddersyr for ei kvar anledning. Dei skal no lage til eit konsept der dei tilbyr bursdagspakka for grupper som ikkje ønsker å ha festen heime. Kunden er i fokus, spør oss og vi kjøme med tilbod og skreddarsyr for ei kvar anledning. Diana er klar på at ho vil ha ei sikker drift i forhold til lovverket. Ho vil ha kontroll. Tilbakemelding om avvik. Ho vil ha ris og ros. Lik behandling for alle. Ho ønsker tilsette som vil, som har glød og som setter gjestane i fokus. Ho kom med eit eksempel på det. Ein ung gut som kom og ville ha jobb, Ho såg med ein gong at han hadde det som skulle til. Ho henta kontrakt og i dag er han restaurantsjef på hotellet.
Dei utanlandske turistane har i dag ønske om å oppleve aktivitetar i norske heimar, norsk kultur. Ete norsk mat, bake flatbrød mm. Diana ønsker samarbeidspartnarar til slike aktivitetar. Ho ønsker også at nokon skal kome med med innspel, eit konsept til lokala der Fuglen var før i tida. Lokalet står klart og venta. Diana fekk takk og applaus og rose frå Solrun.
Diana og restaurantsjef Juma Kahn kom inn til oss med champagne og vi fekk velje om vi ville ha med og utan styrke. Dette var ei triveleg overrasking frå hotellet si side!! Som vi sette pris på!!
Solrun las brev frå distriktspresident Karin Gabrielsen som er frå Tromsø. Ho vil komme til Inter Citymøtet i Ålesund i oktober. Ho har som mål å besøke flest muleg av laga i distriktet, om økonomien strekk til.
Solrun kom med litt tankar…Korleis blir det framover…Korleis kan vi bli meir synlege…Kva med eldrefesten i mars…Sommarfesten, der det har vore laber oppslutning siste åra… Vi får tenke og så får vi ta stilling til dette etter kvart.
Vi song for maten og hadde matykt med deilige smørbrød og kaffi. Så åresalg og trekning.
Vi bestemte at dei som har ansvar for hovudpost og 3-minutt, også har ansvar for gevinstar.
Kasserar Jenny Vatne gjekk gjennom rekneskapet frå 2018/2019. Det kom eit spørsmål om kvifor auka utgift på rekvisittar/porto frå året før. Det kunne forklarast med at no er Solrun pensjonist og difor må kopipatroner blir kjøpt av klubben og dei er dyre. Før kopierte ho på jobb.
ISO Ragnhild Høydalsvik las brev frå Svalene og Mariposa. Vi fekk også utdelt skriv frå desse prosjekta.
Elles las ho også eit brev frå innsamlinga til narkotikahundar. Så kom ho med ei oppfordring om å sende inn rapport om dei lokale prosjekta til vise rådspresident Solrun Sætre, med frist 25. september for å få det i bladet.
No er matpengane inne i kontingenten. Vi var einige om at dei som pga sjukdom mm ikkje har møtt på lenge skal få sleppe å betale for mat.
Det vart sendt rundt liste for å melde seg på Inter Citymøtet i Ålesund 05.10.2019 Det skal vere på Atlanterhavsparken frå kl 13-16. Koster 400,- Frist til å melde seg på er 22.september.
Heilt til slutt kom Solrun med ei utfordring. Skal vi tenke litt nytt… Skal vi invitere våre nye landsmenn på eit medlemsmøte…Gjere noko for dei… Tenke internasjonalt samarbeid…
Vi avslutta med song. Det hadde vore ein triveleg start på nytt IW år!
Eva Kolås – referent
Referat frå sommarfesten tysdag 04.06.19
Berre 13 medlemmer møtte til sommarfesten på Sanitetslokalet i Hovdebygda denne kvelden, og saman med Rotary vart vi 23.
Vi starta med lysseremonien, der past president Eli-Berit Strande, president Solrun Sætre og neste påtroppande president Møyfrid Vadstein tende lys
Så fekk Tore Vinjevoll ordet. Han er ein allsidig ørsting, utdanna og ettertrakta kokk, tobarnsfar, fotballentusiast med fleire verv, og i tillegg er han lyrikar. Og det var med den hatten på vi hadde invitert han.
Han har skrive dikt rundt ganske kvardagslege tema, som han las eit utdrag av. Det var både morosamt og tankevekkjande å lytte til han.
Så var det tid for matøkt, og som vanleg var det mykje godt og variert å finne på kakebordet.
Vi hadde loddsal under matøkta, og trass i at vi var så få, fekk vi inn 4000kr! Denne kvelden er pengane øyremerka «Svalene».
Presidenten las opp brevet og helsinga frå D-president Edita Krehic.
Berit Hatlestad hadde 3 minutt, og ho siterte nokre festlege gullkorn frå Konrad i Sunnmørsposten, og avslutta med eit dikt med hyllest til sommaren.
Etter loddtrekninga, takka vi av dei som hadde vore med i styret dette året, og som gjekk ut av styret, og presenterte det nye styret:
President – Solrun Sætre
Visepresident – Møyfrid Vadstein
Sekretær – Eva Kolås
ISO – Ragnhild Høydalsvik
Kasserar – Jenny Godø Vatne
Styremedlem – Liv Aam
Vi avslutta kvelde med songen «Din tanke er fri»
Solrun Sætre – referent
GOD SOMMAR!!
Klipp frå styremøtet 21.mai vedrørande arbeids-/ansvarsfordeling i klubben:
Sak 18/18-19: Praktisk gjennomføring av den nye ordninga med å engasjere medlemmene 19-20
Septembermøtet: Styret
Oktobermøtet: Eli Halsen og Sigrid Hovden
Novembermøtet: Berit Hatlestad og Eli Berit Strande
Desembermøtet: Julemøte. Ørsta Rotary er vertskap
Vinter/vår 2020:
Januarmøtet: I Volda. 3-minutt Kirsti Vinjevoll
Februarmøtet: Årsmøte. Sigrun Myklebust og Ragnhild Ørstavik Øye
Aprilmøtet: Anne- Mari Øyehaug og Eldrid Ose
Maimøtet: Tur? Åse Margrete Leite og Marit Åsen
Junimøtet: Styret . 3-minutt Turid Karlsbakk
Dei som er sette opp, vil ha ansvar for å finne hovudpost og 3 minutt.
Det er sjølvsagt fritt for å bytte, og her kan kome endringar. Vi tek det att på septembermøtet
Referat frå vårtur onsdag 08.05.19
18 medlemmer, inklusivt observatør Berit, møtte opp v/ Frikyrkja for å reise til Bakketun på Bjørke.
Etter 1 knapp times køyring, vart vi ynskte velkomne av Marita Beth Aakre, og fekk oss til bords i den oppvarma røykstova, og fekk servert herleg brennsnut m/brød, baka av speltmjøl frå Volda Mylne.
Deretter fekk vi omvising. Det var svært interessant. Marita Beth har verkeleg sett seg inn i mykje, alt frå om tømmeret som vart bruk til grindaløa og om korleis garden vart driven frå gammal tid fram til kyrne vart sende til slakting i 1976.
Det har vore eit slit for bøndene utan andre hjelpemiddel enn hest og eiga handlekraft. Marita Beth har arbeidd mange år med dei ulike husa for å få dei i den stand dei er i dag, med støtte og hjelp frå riksantikvaren og lokale idealistar.
Etter omvisinga hadde vi kaffi og kaker, som mor til Marita Beth hadde laga. Ho er visst ein kunstnar også nå det gjeld å få til flotte og velsmakande kaker.
Vi hadde nokre saker under kaffien:
Vi endeleg overbringa orkide til Anne-Mari, som fylte 80 år i februar.
Så informerte president Solrun Sætre om IC-møtet i Ålesund 5.oktober på Atlanterhavsparken. Påmelding og samkøyring tek vi på septembermøtet.
Presidenten las månadsbrevet frå D-president Edita Krehic, og orienterte om forslaget til nytt prosjekt, Care, som vart presentert på årsmøtet , og som det det har vore arbeidd litt med i distriktsstyret. Minte om at det er Care som får midlane frå årets innsamlingsaksjon
Til sist hadde Anne-Mari 3minutt: Ho hadde besøkt Grip, og historia og kulturen der hadde gjort inntrykk på henne.
Solrun Sætre – referent
Medlemsmøte onsdag 03.04.2019
Møtet fann stad på Hotel Ivar Aasen og 21 medlemer møtte. Eva Kolås hadde med ein observatør frå Hareid som gjest.
President Solrun ønskte velkomen og introduserte leiar for Ørsta næringskontor, Odd Magne Vinjevoll, som hadde kveldens hovudpost om reiseliv i Ørsta.
Reiselivet i Ørsta er sesongprega med ein inntekts-og besøksauke på 40% dei siste 2 åra. Cruisebåtane har 8 timars liggetid på Urke, og det vil bli fleire besøk når Sævikrederiet med sine 4 Explorer- skip kjem i aktivitet.
Det er laga ein masterplan for turismen i Ørstaområdet, der ein m.a. tek omsyn til forsøpling og skade på naturressursane. Småskalaprodusentane er viktige, gardsturisme, handverk, butikkar, ny fjordabåt, campingplass og anna infrastruktur.
Ein søkjer støtte frå UKL (utvalde kultur landskap), og Innovasjon Norge.
Vinjevoll orienterte også om andre vekstnæringar i området, m.a. Fiskarkona, møbelfabrikkar, Arctic Nutrition.
Det er oppretta eit kommunalt næringsfond, samarbeid næringsliv-skule, entreprenørskapsløype, og i samband med yrkesvalmessa er det oppretta møteplassar for vidaregåande skular og næringslivsbedrifter. Ulstein Industrier hadde på 90-talet eit prosjekt der elevane fekk 3 «arbeidsdagar» på verftet i løpet av grunnskulen.
Det er oppretta eit prosjekt i samarbeid med NAV og skule innanfor gaming, der eit av områda er innanfor reiseliv. Dette var interessant og Vinjevoll fekk ei rose som symbolsk takk for foredraget.
Så var det kaffi og rundstykke og loddsal.
Solrun las månadsbrevet frå distr. pres. Edita og refererte frå DÅM 2019 i Bodø.
Dei som ønskjer å delta på Europeisk Rally 2019 i Rotterdam, må kontakte Lisbeth Nesteng eller Liv Levin. Brattvåg IW fekk skryt for salg av 700 roser i Brattvåg, og det blei informert om Care Norge. Distriktskontingenten skulle ha vore auka med kr. 51.- frå mange år tilbake, det blir nok iverksett frå neste år.
Turid Karlsbakk ISO orienterte om Svalene. Dette prosjektet har søkt økonomisk støtte frå Norad, men fekk avslag igjen fordi dei ikkje har lønna tilsette. Det vart også referert til yrkesskuleprosjektet Kristiania som får støtte frå IW.
Kari Juel Rogne hadde 3-minutt om sonen Audun sitt liv og virke i Abu Dhabi, Forente Arabiske Emirater, som har 7 medlemsland. Kari har besøkt sonen og fekk oppleve mykje som var annleis enn livet i Norge.
Neste samling vårtur til Bjørke 8. mai. Det vart sendt rundt påmeldingsliste.
Kristin Bergmann (sekr.)
Referat frå medlemsmøtet onsdag 06.03.19
18 medlemmer møtte fram til dette møtet, som også var årsmøte.
President Solrun Sætre opna møtet og ynskte velkomen og vi song Blant alle saker.
I kveld hadde vi besøk av IW-medlem frå Brattvåg IW, Ingrun Gudbrandsen, som skulle ha hovudposten, ALOE VERA-produkt.
Ho driv eit føretak saman med mannen, Harald, og sel via nett og party mange slags produkt som alle inneheld ALOE VERA. Ho fortalde først om aloe vera som naturprodukt, og om positive verknader denne planten har for kroppen, både i form av kremar og som drikke. Deretter presenterte ho FOREVER, som er produktnamnet. Dette produktet vert selt i 160 land, og har hatt ein stadig aukande kundekrins. Det var mogleg å kjøpe eller bestille produkt på møtet, elles er mailadressa hennar ingrungudbrandsen@gmail.com
Etter matøkta hadde vi årsmøte.
- Årsmøtesaker
o Sekretær Kristin Bergmann las årsrapport
o Val av nytt styre v/ Eli Berit Strande:
- President (og past pres,)– Solrun Sætre
- Vise president – Møyfrid Vadstein
- Sekretær – Eva Kolås
- Kasserar – Jenny Godø Vatne
- ISO – Solrun Sætre
- Styremedlem; Liv Aam
o Ordning om matpengar på møta : Det vart bestemt i tråd med forslag frå styret at matpengane går inn i kontingenen, slik vi hadde det tidlegare.
o Fordeling av arb.oppgåver for klubbmedlemmene: Sidan vi no ikkje har korkje vertinneoppdrag eller rosesal, er det lite att for den enkelte medlem å delta på. Styret foreslo difor at ein fordeler ansvaret for nokre av hovudpostane. På møtet gjekk alle inn for styret sitt forslag :
- Medlemmene får ansvar for innhald til nokre av møta, 2 medlemmer går saman om å finne hovudpost til eitt møte i løpet av året. Det er sjølvsagt fullt høve til å innhente idear frå dei andre i klubben.
Styret har ansvar for program til sommarfesten og septembermøtet
2 medlemmer får ansvar for oktobermøtet
2 medlemmer får ansvar for novembermøtet
ISO får ansvar for januarmøtet annakvart år (saman med eitt medlem)
2 medlemmer får ansvar for februarmøtet
2 medlemmer får ansvar for aprilmøtet
2 medlemmer får ansvar for maimøtet (tur?)
- Ein av dei to som har ansvar for hovudposten, har 3 minutt på møtet.
Det er framleis presidenten som har ansvar og leier møta, og har den endelege avtalen med den som skal ha hovudposten.
Presidenten las så månadsbrev for februar og mars frå D-presidenten. Det er gledeleg å lese at så mange hadde meldt seg på til årsmøtet i Bodø.
Så fekk ISO Turid Karlsbakk ordet. Ho kunne mellom anna melde at vi skal slutte å sende babyteppe. Prosjektet går mot slutten, og då er det ingen til å ta imot teppa i Etiopia.
Marit Aasen hadde 3 minutt denne kvelden, og ho hadde valt å lese frå boka til Petra Folkestadås, ein kjend og sprek 90-åring i nærmiljøet.
Før vi avslutta med Venskapssong, minte presidenten om aktivitetar framover:
o Pensjonistfesten 12. mars som vi arrangerer saman med Ørsta Rotary.
o Invitasjon frå Ørsta Rotary om å delta på deira møte 26.mars, der redaktøren for Nett.no. skal halde foredrag. Avslutning med felles middag på hotellet.
o Motevisning 28.mars kl. 19. på Volda Turisthotell. Arrangør: Volda IW
o Neste medlemsmøte 3.april. Besøk av næringssjef Odd Magne Vinjevoll
Solrun Sætre – referent
Referat frå medlemsmøte onsdag 07.11.2018 på Hotell Ivar Aasen kl. 1930
20 medlemmer møtte, 4 av medlemmene hadde meldt forfall.
President Solrun Sætre opna møtet og ønskte velkomen.
Forfattar Louis Røren, som skulle ha hovudposten denne kvelden, melde forfall. I staden fekk vi musikkterapeut Brita Høydal til å kome og fortelje om prosjektet ho har vore med og starta på Ørstaheimen, «Musikk i eldreomsorg».
Ho opna med å presentere seg, og kva arbeidsområde ho jobbar innanfor, og ho har eit stort repertoar ved sidan av dette prosjektet. Det er kulturskulen som betaler løn inntil vidare, for ein dag i veka på Ørstaheimen. Ho har satsa på å aktivisere dei med demens, og det er ei oppleving å sjå kor dei kviknar til når dei får spele på musikkinstrument eller delta i song. Det er vanskeleg å få midlar frå det offentlege, trass i at dette er eit kvalitetstiltak for dei som treng det mest. Dei jobbar likevel for å få ei lita stilling betalt av kommunen for å kunne halde fram med dette tiltaket, og kanskje få utvide det slik at enda fleire på instititusjonen kan få ta del.
Det var stor interesse for dette emnet, og Brita deltok i kaffiøkta og svarte på spørsmål. Vi bestemte at inntekta av loddsalet denne kvelden skulle gå til dette prosjektet.
Etter matøkta las president Solrun månadsbrevet frå D-president Edita Krehic. Edita minte mellom anna om påmeldingsfristen for DÅM, 20.desember.
Så fekk ISO Turid Karlsbakk ordet. Ho las først utdrag av foredraget som tidlegare RISO Sissel Høyhjelle Mikkelsen heldt på ISO/DISO treffet til D27 i haust. Ho oppsummerte dei Fistula-prosjekta IW Norge har vore med og støtta. Sjølv var ho veldig engasjert og aktiv ved oppstarten av Fistula-prosjektet, og saman med dåverande RISO Sissel Bakken var ho og besøkte sjukehuset der operasjonane skjedde, og fekk helse på både sjukehuspersonell og på kvinner som hadde fått operasjon. Foredraget til Sissel kan den som er interessert, få kopi av.
Vidare las ho utdrag av rapport frå Mariposa-prosjektet, der det vert fortalt om nokre av dei som er knytte til Mariposahjemmet. Det er muleg å få tilsendt heile rapporten for den som er interessert.
Andre saker:
- 11. desember er IW inviterte til felles julemøte med Rotary. Det vart sendt rundt påmeldingsliste. For den som ikkje var på møtet, er det høve til å melde seg på seinare ( presidenten vil ta kontakt)
- Januarmøtet saman med Volda IW på hotellet: Medlemmene i Ørsta IW gir beskjed berre om dei er forhindra i å møte, medn Volda vert invitert, og må melde seg på.
- Distriktsårsmøtet 16.-17.mars: Vi har påmeldingsfrist 20.desember, og siden president (/visepresident) skal representere D-styret, trengst 2 delegatar .
Jenny Godø Vatne og Møyfrid Vadstein sa seg villige til å stille. I tillegg skal vi søke om å få med ein ekstra.
Eli Halsen hadde 3 minutt. Ho las to tankevekkjande tekstar: «Livet», og «En bønn for den middelaldrende» (Det sistnemde : Anonym fra 1600-tallet. Overs. fra engelsk av Ebba Haslund som har brukt det i morgenkåseri i «Som dagene går» i NRK høsten 1978 )
Eli røpa også at ho har vorte oldemor!
Solrun Sætre – referent
Referat frå medlemsmøte onsdag 03.10.2018 på Hotell Ivar Aasen kl. 1930
20 medlemer møtte, 2 medlemer hadde meldt forfall.
President Solrun Sætre opna møtet og ønskte velkomen.
Deretter fekk vi utdelt ein quiz med spørsmål frå Blåboka 2018/19. Dette var eit arbeidsmøte, der vi i fellesskap studerte Blåboka og korleis vi skal finne fram i den. Dette var veldig artig, og vi gjekk på med liv og lyst.
Så var det mat og kaffi.
Deretter hadde vi utlodding av blomar, 4 fine alpefiolar. Dei som vann, tek med gevinst til neste møte.
Det vart sendt rundt påmeldingsliste til Inter Citymøte i Brattvåg 20.10.18 i Ingebrikt Davikhuset. Distriktspresident Edita Krehic skal ha innlegg.
Saker:
Distriktspresidenten:
Distriktspresident Edita Krehic ønskjer møteagenda og møtereferat frå distr. 27
Rådet melder om at strikketeppa har kome fram og vi må gjerne halde fram med å strikke og sende babyteppe.
Val av ny vise Rådspresident innan utgangen av november, Editha utfordra personar frå D27.
Distriktsårsmøte distr. 27 for 2018 vert halde på Skagen Hotell, Bodø
ISO Turid Karlsbakk hadde ikkje fått saker frå DISO, men har fått innkalling til ISO/DISO- treff på Gardermoen. Turid har ikkje høve til å møte, og ingen av medlemmene tok på seg å reise i staden for henne.
Spørjeundersøking vedr. IW-Nytt på papir eller pc. Svarfrist 30.10.18. Resultata vart samla inn på møtet.
desember er IW inviterte til felles julemøte med Rotary. Påmelding på neste medlemsmøte
Ingunn Natvik hadde 3-minutt om kaffi og bruken av den opp gjennom historia, med døme på pro og anti blant helse/legestanden, som til tider har åtvara sterkt mot (over) forbruk. Peter Christian Asbjørnsen og fråhaldsrørsla derimot støtta kaffibruken. Kaffi inneheld antioksidantar, forbruksgrensa går ved ca. 6 koppar pr. dag seiest det.
Litt sosialt prat og hygge på tampen!
Kjekt møte.
Kristin Bergmann, -sekretær-
Referat frå medlemsmøte på Hotell Ivar Aasen 05.09.18 kl. 1930
18 medlemer møtte fram
President Solrun Sætre ønskte velkomen til første møte etter ferien.
Trude Flø Johnsen hadde hovudposten og orienterte om Topp Trening- historie og utvikling. Ho la vekt på trening-energi-helse og trivsel, og kor viktig det er å halde seg i form både for kropp og sjel. Trude er tilsett som dagleg leiar i 100% stilling, der er 13 deltidstilsette og dei samarbeider med Fysio1 i faglege spørsmål. Etter ei kort treningsøkt i møtelokalet var alle medlemene både oppmjukna og svoltne. Topp Trening ser framover og vil ta i bruk moderne metoder til avkopling og velvære, og dei har ulike former for medlemskap tilpassa medlemene. Veldig godt innlegg!
Vi delte ut Blåboka og Foldaren for 2018/19.
Vi hadde så matykt, smørbrød og kaffi. Vi skal sjå korleis det går framover, og medlemene må gi tilbakemelding til styret så vi kan formidle vidare til hotellet.
Ragnhild presenterte rekneskapen, revidert av Jenny Godø Vatne og delte ut innbetalingsblankett for kontingenten kr. 825.-, kontonr. 3992 04 68393, betalingsfristb20.09.18.
Turid Karlsbakk las opp takkebrev og informasjon frå Mariposa og Svalene. Gode tiltak.
Solrun informerte om betaling på møta, kr. 100.- som dekker mat og lokale. Viktig at dei som ikkje kan møte gir beskjed i god tid.
På oktobermøtet 03.10 tek vi ein titt på Blåboka saman, elles er det lagt opp til mykje interessant denne sesongen, sjå i foldaren.
Ny verdenspresident er Christine Kirby frå Australia, motto: Empower and Evolve, oversett av Mette Willoughby til: Maktdelegering fører til Framgang.
Edita Krehic takka for tilliten frå distrikt 27.
Utloddingsgevinstane: Den som vinn skaffar gevinst til neste møte.
Referatet frå medlemsmøta blir lagt ut på nettet, alle blir oppmoda om å sjekke.
Utloddinga ga kr. 1100.- Møte slutt 2210.
Kristin Bergmann, sekretær
************************************************************************************************
Referat frå sommarfesten 05.06.18
Tradisjonen tru inviterte vi medlemmene i Ørsta Rotary til å vere med på sommaravslutninga. Bortsett frå at vi måtte flytte til eit nytt lokale, Hovdebygda Sanitetslag , hadde vi same ramme rundt samlinga, med allsong, og dei faste innslaga.Vi starta med lysseremonien, der past president Berit Hatlestad, president Eli Berit Strande og innkomande president Solrun Sætre stod for tenning av lysa.
Som hovudpost hadde vi fått Arne Ola Grimstad til å fortelje litt i samband med boka han nettopp har gitt ut, «Min samiske veg». Boka er meint som ein hyllest til den samiske kulturen, som har hatt mykje å seie for han.
Som nygift tok han med kona og reiste til Karasjok i 1967, for å undervise på samisk folkehøgskule. Dei vart verande i Karasjok i 13 år. Han fortalde sjokkerande historier om korleis samane har vorte behandla av oss nordmenn. Korleis kunne ein finne på å sende 7-åringar til internatskule, der dei måtte vere borte frå heimen i halvårsvis, og der korkje personale eller lærarar var samisktalande. Det var ikkje lov å snakke samisk, berre norsk, og det mest rystande var at på enkelte internat gjekk dei så langt at dei stengde borna inne i potetkjellaren om dei braut dette forbodet.
Arne Ola fekk seg mange langvarige venskap i tida dei budde i Finnmarka, og han hadde mellom anna god kontakt med Mamma Karasjok (Kirsten Svineng), som er kjend for innsatsen for å hjelpe jugoslaviske fangar som var sett i fangeleir i Karasjok under krigen. (Det finst meir å lese om henne på nettet). Arne Ola har engasjert seg sterkt for samane, og fekk i 2014 Kongens Fortenestemedalje i sølv.
Så hadde vi ei sosial økt med kaffi og medbringa mat, og boksen med lodd vart sendt rundt. Inntekta av loddsalet gjekk også i år til Svalene-prosjektet. Og sjølv om det var skuffande mange som hadde meldt avbod til samlinga, kom det inn ein bra sum!
Eli Berit las brev frå D-presidenten før Eva Kolås hadde 3-minutt, og ho las dikt frå Louis Hodr Røren si debutbok «Sjå». Det gamle styret vart takka for innsatsen, og det nye styret vart presentert., før vi ynskte kvarandre god sommar.
Solrun Sætre – referent
Referat frå vårturen 02.05.18
Etter at den planlagde turen til Hellesylt gjekk i vasken, fekk Eva Kolås ordna med avtale med Union Hotell på Øye. Vi var 16 medlemer som reiste i fint, men litt kjøleg haustver.
Det som venta oss på hotellet, var ei overrasking for alle. Der var innspeling til delar av dokumetaren om Ole Brude, den kjende sjøfararen frå Aalesund.
Dette medførte at vi ikkje kunne gjere så mykje av oss, slik vi hadde tenkt, med litt saker, opplesing og song.Hotellvert Kristine Østgård gav oss eit fint overblikk av hotellet si historie, og fortalde mellom anna den tragiske kjærleikshistoria til den tyske greven og den vakre serveringsjenta Linda. Greven var her i lag med keiser Wilhelm. Då det ikkje kunne bli giftarmål mellom dei to, tok dei begge livet sitt. Det er Linda som går att på «Det blå rommet», rommet dei hadde brukt då greven var på Øye.
Etter Kristine Østgård sin presentasjon av hotellet, vart vi vist til matsalen, og fekk servert herleg fiskesuppe av torsk og purreløk, og kaffi, eplekake og is til dessert.
Sidan det ikkje vart høve til å gjennomføre noko av dei sakene vi hadde på programmet, avslutta vi på hotellet rundt 20:15, etter eit koseleg måltid.
Kristine Østgård flankert av IW-veninnene Marit Aasen og Liv Aam
Vi har byrja å finne oss plass rundt lekkert duka bord.
Referent: Solrun
**********************************************************
Medlemsmøte 04.04.2018 på Bakkolamarka.
18 medlemer møtte.
President Eli Berit Strande opna møtet og ønskte alle velkomne. Deretter ga ho ordet til rådmann Wenche Solheim, som fortalde om Ørsta Kommune og arbeidet sitt som rådmann.
Ørsta kommune er Ørsta si største bedrift, med over 1000 tilsette og ein viktig arbeidsplass for kvinnene i Ørsta. Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar og er bindeledd mellom administrasjon og politikarar.
Rådmannen representerer Ørsta kommune ut mot samfunnet, både lokalt og nasjonalt. Ho skal ivareta kommunen sine interesser, samarbeide med næringslivet, 7-stjerna (interkommunalt samarbeid), i rådmannsutvalet KS og alle arenaer der kommunen skal vere representert. Noko av desse oppgåvene kan rådmannen delegere til andre administrative leiarar. Rådmannen er ansvarleg overfor K-styret og politiske utval.
Innanfor kommunen har rådmannen ansvar for delegasjon, iverksetjing av arbeidsgjevarstrategi, personalpolitikk, etiske retningsliner for tilsette og politikarar, samarbeidsprosjektet kveik og gneist, kommunal mediestrategi, heiltidskultursatsing, KS utvilkingsprogram, økonomi og budsjett, utviklingsplan for Ørsta sentrum, tryggleik for eldre, omsorgsbustader, universell utforming og mykje meir. Mange av desse oppgåvene kan rådmannen delegere.
Eigedomsskatten har m.a. gitt kommunen høve til å få fart på bygginga av fleirbrukshallen.
Vertinner var Marit Åsen og Anne Marie Øyehaug.
Jenny Vatne hadde 3-minutt og fortalde frå Sunnmørsposten 25.02.1939, ein artikkel om Godøya skriven av Amanda Cesilie Olsen.
Vi fekk gode tilbakemeldingar om eldrefesten som gjekk føre seg 13. mars på Ørsta kulturhus.
Inner Wheel internasjonal Convention går føre seg 11-14 april i Melbourne, og vi ser fram til å få fyldig informasjon frå den.
Eli Berit orienterte om Ørsta Ballettskule og det viktige frivillige arbeidet som Synnøve Rekkedal Hill legg ned der. Styret fekk mynde til å avgjere om Ørsta Inner Wheel skal støtte ballettskulen økonomisk.
Mai-utflukta går til hotel Union på Øye 2. mai kl. 1800. Pris kr. 275.- Bilar frå Ørsta Frikyrkje kl. 1630.
DÅM for Distrikt 27, 9 klubbar. Ørsta Inner Wheel sender 4 utsendingar til Fauske.
ISO Turid Karlsbakk refererte frå hjelpearbeidet i Etiopia, Safe Motherhood. Babyteppa ligg faste i tollen i Etiopia, og vi må betale for å få dei ut av tollen.
Kristin Bergmann
Eldrefest 13.03.2018 kl. 1800 på Ørsta Kulturhus.
Eldrefesten er ei årleg tilstelling for pensjonistane i Ørsta, som Ørsta Inner Wheel og Ørsta Rotary saman står føre.
Det var godt oppmøte som vanleg, desse tilstellingane er populære.
Prseidentane Eli Berit Strande og Anne Ellingsen ønskte alle velkomne på vegner av Inner Wheel og Rotary, og vi fekk ei kort orientering om klubbane.
Deretter song vi «No livnar det i lundar» og fekk servert smørbrød og kaffi. Så song vi «Blåklokker» og det blei servert kaker og kaffi.
ØB Brass spelte fleire nummer, og vi selde lodd. Det var svært mange gevinstar og gåver frå privatpersonar og verksemder i Ørsta.
Vi fekk orientering om kva oppgåver Inner Wheel og Rotary arbeider med no for tida.
Eli Kjøde, leiar i pensjonistlaget takka Inner Wheel og Rotary for invitasjonene til denne årlige samlinga.
Medlemsmøte 04.10.17
President Eli Berit Strande opna møtet, ønskte velkommen til Bakkolamarka og ga ordet til kveldens gjest, Petter Bjørdal frå VØR. Bjørdal orienterte om renovasjon i historisk perspektiv og om nye reglement, nasjonalt og innan EU. Innlegget var svært interessant og nyttig.
Vertinnene Norunn og Sigrid serverte nydelige rubdstykker og kaffi. Sigrun hadde 3-minutt og fortalde ei morsom historie om ein opplevingsrik biltur til Bergen vinteren 1974. Turid Karlsbakk ISO orienterte frå ISO- møtet i Oslo, om prosjekt som er i gang og om prosjektoppgåver for dei komande 3 åra, nye ambassadørar, helsearbeidarar, fistula gruppe, workshop. Å oppmode kvinner om å søke hjelp, arbeid mot kvinnemishandling og trafficking er prioriterte oppgåver. Alle klubbane orienterte om arbeidet sitt. Etterpå var det utlodning og hyggeleg prat. Det vart sendt rundt påmeldingsliste til fellesmøtet med Volda (Inter Citymøte) 21.10.17
Kristin Bergmann, sekretær
Medlemsmøte 06.09.17
Ørsta Inner Wheel starta opp haustsesongen med medlemsmøte 6. september på Bakkolamarka. 21 damer møtte fram til ein svært hyggeleg klubbkveld. Vår nye president Eli Berit Strande opna med ei positiv helsing til alle, og med tydeleg motivasjon til å ta fatt på arbeidet framover. Møtefoldaren og Blåboka vart utdelt. Jenny Vatne har teke på seg å vere fylkeskasserar, takk til henne. Anne Marie Øyehaug hadde hovudposten. Frå Ørsta Sogelag orienterte ho om Ørsta si gamle Fontene, som stod plassert på Odd Fellowhjørnet frå ca. 1930 og framover til 1973, då ho vart fjerna og spreidd for alle vindar. Fontena vart oppførd av Sivert O. Myklebust. Diktet på koparplata på sokkelen er skrive av Anders Hovden. Ørsta Sogelag har arbeidd trutt i mange år for å finne delar av Fontena og finne ei fin plassering for henne. Det ser ut til å vere planer om å plassere Fontena på gamle Haldeplassen, men det utløyste ein alvorleg protest frå Inner Wheeldamene. Kjellfrid Osdal la fram rekneskapen for 16-17 og den vart godkjend utan merknader Avtroppande ISO Eli Lannerholm las opp brev frå Ljungby ISO, og påtroppande ISO Turid Karlsbakk orienterte om Mariposaprosjektet i Bolivia, som Ørsta IW støttar. President Eli Berit las opp brev frå distriktspresident Edita Krehic, og rapport om aktivitetane siste halvår. International Inner Wheel Convention blir i Melbourne, Australia 11-14 april 2018.
Kristin Bergmann
sekretær
Sommarfest på Rjåneset 13.06.17
Trass i ikkje det heilt gode sommarveret møttest vi ca 40 personar, av dei 19 IW-medlemmer til fest saman med Rotary.Vi hadde fått med oss leiar i besøkstenesta, Jostein Vatne, og han fortalde i ord og bilete om aktivitetar dei har saman med pensjonærane i kommunen. Det er ei stor avveksling og kjekt for dei gamle, men også til stor inspirasjon og glede for dei som er med i besøkstenesta.Elles hadde vi glede av å gratulere den andre spreke 90-åringen i dette IW-året: Ragna Riise. Ho er mellom anna aktiv innan besøkstenesta og er med i ei gruppe som jamleg besøkjer aldersheimen på Sæbø og gleder pensjonærane med song og musikk. Vi hadde også invitert Eli Sporstøl frå besøkstenesta, og saman med medlemmer frå IW og Rotary fekk vi musikalsk underhaldning i form av gamle slagarar akkompagnert av Ragna på gitar.
Tradisjonen tru hadde vi også i år eit mangfaldig kake- og smørbrødbord, og åresal. Inntekta av åresalet går kvart år til hjartebarnet «Svalene», og i år fekk vi inn i overkant av 7000 kr! Ingunn Natvik hadde 3-minutt, og ho hadde henta fram ord som etter kvart har gått i gløymeboka i språket vårt, og nye ord som har kome til. Interessant å få sett litt i perspektiv korleis språket nesten umerkeleg endrar seg. Vi avslutta ein koseleg kveld med markering av skifte av styret, og Eli-Berit Strande overtok presidentkjedet etter Berit Hatlestad.
Medlemsmøte 05.04.17
22 medlemmer møtte fram til denne kvelden, då vi hadde fått redaktør Rune Sæbønes til å kome og fortelje frå seglturen over Atlanterhavet for 2 år sidan. Men først opna president Berit Hatlestad med Bjørnson sitt dikt «Jeg velger meg april».
Rune Sæbønes var invitert til å følgje tidlegare journalist Kjell-Arne Steinsvik og Kristine Nygård på ein del av deira planlagde jordomsegling som skulle vare i 3 år. Ein annan som også var med frå Europa til Amerika, var Sindre Welle.
Det er vanskeleg å referere frå dette, Sæbønes synte bilete og knytte det opp mot opplevingar dei hadde undervegs. Ein kjende nok på sjøsjuka nokon kvar då han fortalde om sjø med opp til 8m høge bølgjer, og då dei ut frå den amerikanske kysten kom opp i storm, og der etterdønningane var mykje verre enn forventa, og dei fekk sundrivne segl, han sjølv nesten skylt over bord, og dei måtte bruke drivanker til uveret roa seg. Konklusjonen til Sæbønes etter turen var at ein får oppleve heilt andre sider ved å segle til eksotiske stader enn det ein får ved å reise på chartertur, mellom anna ved at ein får sjå og møte lokalbefolkninga i deira kvardag. Det er ei oppleving som aldri kan viskast ut.
Etter matpausen hadde Gerd Helen Masdal, frå Sonjakomiteen, eit innlegg om arbeidet. Sonja Wisnes var ei dame som la svært mykje arbeid og engasjement i å samle inn midlar til sjukehuset i Volda. Ein reknar med at komiteen har samla inn så mykje som 1.2mill til utstyr, mellom anna dialyseapparat, og elles småting som kjem pasientar og pårørande til gode. No har dei starta med kronerulling for å få kjøpt inn gode stolar frå Fora Form. Klubben vår gav ein sjekk på 7.500 til komiteen, prisen på ein stol.
Vi hadde påmelding til mai-utflukt 3.mai: til Herøy gard og avslutning med fiskesuppe på restaurant Fosnavåg Brygge.
ISO Eli Lannerholm las rapport frå Svalene, og ho uttrykte klart at ho er veldig glad for at vi følgjer opp dette prosjektet. Vidare las ho brev frå venskapsklubben i Ljungby. Deretter var det avstemning på nytt landsprosjekt, der kvart medlem skal avgi si stemme til. Det står om dei 4 alternative prosjekta i IW-nytt.
Vi fekk vite at neste Convention skal vere i Australia, og landstreffet i år skal vere i Stavern 1.-3.september.
Berit refererte frå årsmøtet, og vi har fått ein ny representant i distriktsstyret, ved at Jenny har tatt på seg eit år som distriktskasserar. Flott, Jenny!. Elles kunne ho opplyse at IC-møtet til hausten skal arrangerast av Volda IW 21.oktober.
Medlemsmøte /årsmøte 01.02.17
Vi var 21 medlemmer til stade på møtet, mellom anna eit tildlegare medlem som starta opp att. Vi hadde ikkje hovudpost på møte, då vi hadde ein del årsmøtesaker.
Som vanleg opna president Berit Hatlestad med eit dikt for kvelden, før vi gjekk gjennom sakene.
Vi starta med val av nytt styre for året 2017-18:
President: Eli Berit Strande
Past president: Berit Hatlestad
Visepresident: Solrun Sætre
Sekretær: Kristin Bergmann
Kasserar: Ragnhild Høydalsvik
ISO: Turid Karlsbakk
Styremedlem: Eva Kolås
Klubben har for tida god økonomi, og det har vore diskutert om vi ikkje burde støtte nokre prosjekt. Styret hadde sett opp nokre forslag, og etter avstemming vart det bestemt å gi følgjande summar:
Safe Motherhood Ambassadors – kr. 5000,-
Mariposaprosjektet – kr.5000,-
Volda/Ørsta Ballettskule – kr.2.500,-
Stol til sjukehuset («Sonja-prosjektet») – dette vil vi støtte (kr.7.500,-), men vi vil ha meir informasjon, og kanskje sørge for litt blest i media.
I tillegg har vi betalt kr.4000,- til drifta av Kaihuset
Vi hadde fått førespurnad om å vere med på å betale for ein sykkel til Bakkola-marka, men dette vart nedstemt.
ISO Eli Lannerholm las først brev frå venskapsklubbane Ljungby (Sverige) og Stege (Danmark),og refererte frå ISO/DISO-treffet som fann stad 28.januar, der ingen frå vår klubb deltok. Mellom anna hadde det vore oppe val av nytt nasjonalt prosjekt, og fleire klubbar i D27 hadde uttrykt ynskje om at vi skal halde fram med å støtte Safe Motherhood Ambassadors. Ho minte om at alle klubbar burde ha heimeside.
Åshild Taklo hadde 3minutt, som ho nytta til å fortelje om kontakt og samvær med dei 7 borneborna sine, i alder 2-24år. Ho siterte mellom anna nokre gullkorn som fekk latteren fram hos oss alle.
President Berit Hatlestad minte om pensjonistfesten 21.mars, at alle stiller med kake og kaffikanne, og gjerne gevinst. Vidare minte ho om aprilmøtet. Der må vi ha påmelding, sidan vi skal ha møtet i storesalen på Bakkola-marka, og tinge smørbrød.
Ho avslutta kvelden med ei helsing frå D-president Mette Willoughby.
Medlemsmøte 11.01.17 saman med Volda IW
Fantastisk frammøte til den internasjonale IW-dagen på Bakkola-marka, dagen derpå, ikkje minst på grunn av at Volda hadde med seg ikkje mindre enn 11 observatørar! Totalt var vi ein gjeng på ca 60 medlemmer. Etter lysseremonien kunne Ørsta IW glede seg over å ta opp eit nytt medlem, Møyfrid Vadstein.
Vi hadde besøk av distriktspresident Mette Willoughby, og ho hadde hovudposten denne kvelden, som ho mellom anna nytta til å vidaresende helsing og oppmodingar frå IIW-president Oluyemisi Alatise, og minte om mottoet ho har valt for dette året: «Touch a Heart». Vidare minte ho oss om å bruke nettsida til IW Norge, og om kodeordet om ein ville laste ned skjema ol: bergen. Ikkje uventa avslutta DP Mette med ein song, sjølvkomponert over emnet IW si historie.
Volda IW serverte eit innslag som verkeleg fenga: Ei gruppe på 6 medlemmer har, i samarbeid med Læringssenteret i Volda, sett i gang eit prosjekt inn mot å styrke integrering av nykomne flykningar ved å gi dei opplæring i våre tradisjonar og fokus på å lære dei norsk, noko som er inngangsporten til å bli integrert og til å få delta i samfunnet. For å kunne hjelpe ungane sine med skulearbeid, må dei vaksne vite litt om det norske skulesystemet, og ikkje minst, kunne forstå norsk språk.
Kirsti Garnes brukte 3minutt på refleksjon rundt tid – den som kjem og som vi ikkje veit korleis blir, og ikkje kor mykje vi har att av vår tilmålte del av tida . Det er godt å ha etterkomarar som skal overta, men samstundes vemodig at ein dag er tida vår brukt opp.
Loddsalet hadde vi i Ørsta bestemt skulle gå til «Svalene», eit prosjekt som er med og finansierer ein yrkesskule for jenter i Lima, og som klubben vår har vore med og støtta sidan oppstarten i 1964. Vi fekk inn over 5000 kr!
Det vart ein svært triveleg kveld og god stemning rundt borda innimellom innslaga, og eit lovande signal for at Volda-klubben skal få halde på alle observatørane.
Medlemsmøte 2.november 2016
21 medlemmer møtte fram på Kaihuset, der Hans Robert Bondhus gav oss eit innblikk i aktivitetane der. Kaihuset er ein stad for ungdommar mellom 13 og 18 år, der rus og mobbing har nulltoleranse. Dei har ope 2-3 kveldar i veka, og i snitt er nærare 70 ungdommar innom, ikkje berre frå sentrum, men mange kjem med buss/ foreldreskyss frå utkantane. Og at det er eit godt tilbod syner seg ved at dei kjem igjen, og at dei er ivrige etter å få vere med på dugnadsarbeid for at tilbodet skal kunne halde fram. Det baserer seg mykje på dugnad, og årsbudsjettet gir ikkje rom for så mykje oppdatering av utstyr mm. Ungdommane sjølve deltek etter tur med sal av kioskmat og tek del i rydding og anna. Hans Robert er ein av 3 deltidstilsette, og han synest det er fantastisk å få vere saman med ungdommane. Dei er fortrulege om ting, og han meiner at det kjennest litt trygt å kunne opne seg for han med problem, han er korkje forelder eller lærar, og har tausheitsplikt om det som blir fortalt han. Av aktivitetar står musikk som ein populær aktivitet, og dei har eige musikkrom med utstyr for band, og dei har scene, slik at dei får spele for publikum. Elles har dei ma biljardbord, ei gåve frå ein privatperson og datarom, med 4 stasjonære PCar. Kjøkkenet er ganske velutstyrt, og her vert det laga og servert alt frå pizza til hamburgarar. Det er ikkje inngangsbillett til desse kveldane, og det er så å seie ingen inntekt på kiosksalet.
Loddsalet seinare på kvelden hadde vi bestemt skulle gå til Kaihuset.
Så forflytta vi oss til møtelokalet, der det var ferdig pådekt, og det smakte godt med kaffi og ferske rundstykke.
Før president Berit Hatlestad la fram klubbsakene, fekk vi gratulere den utruleg spreke 90-åringen Eldrid Ose, som fylte år tidlegare i veka. Ho fekk ein orkidè frå klubben.
Presidenten las brevet frå distriktspresidenten og helsingane til klubben i høve jubileet 10.oktober. Så fekk Kari Juel Rogne ordet. Ho hadde laga eit interessant historisk tilbakeblikk om klubben. Det er vanskeleg å referere det utan å kome i skade for å utelate noko som er viktig, så Kari vil lage eit samandrag som vil bli sendt ut og lagt på heimesida seinare.
ISO fortalte om prosjekta vi støttar og at det vil bli satsa på eit nytt nasjonalt prosjekt. I samband med at vi i klubben er samde om å gå bort frå rosesal til narkotikahundar, hadde vi i styret ein runde om ulike lokale prosjekt vi ynskjer å støtte, som også kan vere med å gjere oss «synlege»:
* Mariposaprosjektet i Bolivia, som stort sett er drive av utflytta ørstingar (centromariposa.no)
* Vere pådrivarar for opplæring/ informasjon om hjartestansarar som er plasserte på ulike stader i kommunen
* Støtte til drifta av Kaihuset
Dette er sak som vil bli tatt opp på årsmøtet i februar. Uansett må ikkje dette gå inn som eit alternativ for støtte til Svalene, som har vore klubben sitt hjartebarn sidan oppstarten av skulen i Peru i 64/65.
Vi hadde påmelding til felles julemøte på Rekkedal saman med Ørsta Rotary, og til fellesmøtet med Volda i januar, der vi mellom anna får distriktspresidenten saman med oss.
Elles oppmoda presidenten alle om å melde seg på til distriktsårsmøtet 5./6.mars.
Eldbjørg Lefdal hadde 3minutt, og ho tok oss med til krigsåra på Evje, der ho vaks opp, og fekk krigen veldig nært innpå seg alt som 7-åring. Det var harde kår, mora vart enkje med 2 små, og berga seg gjennom med det garden gav, og frivillig hjelp i onnene av slektningar.
Vi avslutta kvelden med songen «Høyt over fjellet», flott akkompagnert av president Berit på piano.
Solrun Sætre – sekretær
ØRSTA IW FEIRER 60 ÅR 10.OKTOBER!
2. oktober reiste 20 medlemmer frå klubben vår for å feire 60 med IW i Ørsta! Vi starta med lysseremoni og president Berit Hatlestad gav oss eit historisk tilbakeblikk om klubben og organisasjonen IW.
Elles feira vi det med felles lunsj og koseleg samvær i strålande haustver.
Medlemsmøte 7.september
Det var godt frammøte på første møtet vårt dette IW-året, 21 medlemmer og 1 observatør.
President Berit Hatlestad opna møtet med ei helsing og takk frå døtrene til Ingrid Hovden. Deretter las ho eit dikt av Henrik Straumsheim, og vi song «Venskapsvise» før Anne-Lise Masdal frå Mo Trafikkskule fekk ordet. Det vart ei interessant og lærerik økt. Vi hadde mange spørsmål, og Anne-Lise svarte på alle. Tenk så mykje vi har trudd vi visste og som ikkje stemte i det heile – alt frå reglar i rundkøyringar til vikeplikter for vegar i lokalmiljøet som vi trygt har meint var forkjørsveg.
Under matøkta sende Berit rundt påmeldingsskjema til IC-møtet i Ulsteinvik og til jubileumslunsjen vi har planlagt i Loen:
-
IC-møte: 25.september- vi møtest til samkøyring v/ Frikyrkja kl. 12.00 (bindande påmelding til Berit: Før 16.09)
-
Jubileumslunsj 2.oktober: Vi møtest til samkøyring v/Frikyrkja kl. 11.00
Kasserar Kjellfrid Osdal gjennomgjekk rekneskapen for førre år, og einaste kommentar var om vi skal sitte med så stor sum på bok, og vi vart oppmoda om å tenke kreativt på aktuelle lokale prosjekt vi kan støtte.
ISO Eli Lannerholm hadde ein god og grundig gjennomgang om prosjekta våre, til glede ikkje minst for dei «ferskaste» i laget. Vidare las ho rapport frå «Svalene» og brev frå DISO.
Vi avslutta eit triveleg møte med songen «Din tanke er fri».
********************************************************************************************************************************************************************************************************
A R K I V
Årsrapport
Vi har hatt 3 styremøte og 8 medlemsmøte i tillegg til julemøtet, der Ørsta Rotary hadde regien, og fellesmøte med Volda IW, der Volda IW var arrangør . Eg deltok og leidde IC-møtet i september, som klubben arrangerte på Ramoen.
Medlemsmøte 2.september
President Ragnhild Høydalsvik leidde møtet, og kunne ynskje velkomen til ma 3 nye observatørar.
Deretter hadde ISO Norunn Brekke ordet. Ho refererte frå junibrevet frå DISO, der det mellom anna vart mint om å bruke internett for å halde oss oppdaterte på prosjekta våre. Norunn hadde funne mykje aktuelt stoff på nettstaden fokuskvinner.no. Til slutt slo ho eit slag for vårt «hjartebarn» Svalene.
Turid Karlsbakk hadde hovudposten. I påska var ho med slektningar til Bolivia for å sjå korleis det vert arbeidd i prosjektet Mariposa Norge. Tiltaket har ansvar for ein mødreheim med plass til 5 kvinner som har vore utsette for seksuell vald. Den som ynskjer å vite meir om dette prosjektet, kan gå inn på centromariposa.no
Medlemsmøte 7.oktober
Sidan underskrivne var hindra i å stille på møtet, stilte Norunn Brekke som referent.
Hovudposten denne kvelden hadde Rotarypresidenten, Steinar Hatlestad, og han fortalde om nokre av deira prosjekt:
”Ungdomsleiren”, sommarleir for ungdommar frå heile verda arrangert av Rotary.. Formålet med opplegget er at ungdommar skal bli kjende med andre land sine kulturar og levemåte, og at dei skal sosialisere seg og utveksle idear. Steinar Hatlestad orienterte også om ” David’s school” i Sierra Leone og Polioprosjektet i Nigeria (for meir info – sjekk ut www.orsta.rotary.no ) Medlemsmøte 4.november
17 medlemmer og 2 observatørar møtte fram dette haustmøtet. Etter at president Ragnhild Høydalsvik hadde opna møtet, orienterte Knut Aamås, seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta kommune, om organiseringa innan helsesektoren i kommunen
Presidenten las brevet frå distriktspresidenten. Ho minte ma om handlingsplanen.
Julemøte 15.desember
Tradisjonen tru samla mange rotary- og innerwheelvener seg på Rekkedal til ein festleg førjulskveld, med andakt, julesong, god mat, og god prat rundt borda. Dette året var vi rundt 50, av dei var 15 medlemmer frå Ørsta IW.
Fellesmøte med Volda IW 6.januar
Volda IW stod for programmet denne kvelden. Hovudposten stod ein flyktning frå Syria for. Han fortalde om den farefulle reisa for å kome seg unna krigen, til han kom til Noreg, og om korleis han hadde blitt motteken i Volda.
Medlemsmøte / Årsmøte 3 .februar
Vi 21 medlemmer til stade på dette møtet, som starta høgtidleg, med lysseremoni og opptak av 3 nye medlemmer: Aase Margrete Leite, Eva Kolås og Kristin Bergmann! Sidan Ragnhild var på ferie, stilte Eli sporty som møteleiar.
-
Val av nytt styre:
-
President: Berit Hatlestad
-
Innkomande president: Eli Berit Strande
-
ISO: Eli Lannerholm (Norunn Brekke går ut)
-
Kasserar: Kjellfrid Osdal
-
Sekretær: Solrun Vadstein Sætre
-
Styremedlem: Turid Karlsbakk (ny i styret) –
-
Marit tok på seg oppgåva som revisor også for komande år.
-
Saker frå styremøtet:
-
Det var stort fleirtal for at vi skal avvikle rosesalet, og det var stor stemning for at vi skal satse på å støtte lokale føretak, og profilere oss gjennom å invitere media når vi overleverer gåver mm.
Dette var det lita stemning for å finne ny møtestad i klubben, så vi avventar, og tek det heller om vi får så mange medlemmer at plassen vert for liten.
Korleis markere 60-årsjubileet: Det var stemning for at vi satsar på ei lita feiring
Medlemsmøte 6.april
Vi skulle starte kvelden med omvising på Kai-huset, og 17 medlemmer møtte fram. Men då ingen omvisar dukka opp, flytta vi oss til møtelokalet og heldt heile møtet der.
Av sakene vi diskuterte, var markeringa av 60-årsjubileet vårt. Vi vart samde om å feire
oss sjølve med søndagsbufè på Alexandra i Loen, og etter avstemning vart vi samde om datoen : Søndag 2.oktober
Medlemsmøte/ vårtur 4.mai – til Årsetøya
17 IW-medlemmer og 1 observatør var klare kl. 17.00 på oppsamlingsplassen for å skyssast til vårtur i Austefjorden.Vi starta med museumsbesøk på Førde skule, der to entusiastiske omvisararviste oss noko av dei utrulege arbeida som dei to ungkarane på Årsetøya, Andreas og Knut Årsetøy, har lagt att etter seg. Etterpå vart vi skyssa frå campingplassen på Aurstad til Årsetøya, av Helge Ryste, ektemannen til Signy, som er niesa til dei to ungkarane, og arving til øya.Vi fekk omvising, både ute og inne, og ekteparet Ryste har lagt ned utruleg mykje arbeid for å restaurere og halde ved like husa der ute, og i tillegg vedlikehald av uteområdet.
Det var rigga til,eit partytelt utanfor hovudbygningen, og her fekk vi servert kaffi, sveler og fantastiske kaker som Signy hadde stelt i stand.
Tida gjekk fort, men, ei fantastisk munter og god stemning til tross, ein gong måtte vi bryte opp og takke for oss etter ein utruleg minnerik vårtur.
Sommarfest på Rjåneset 07.06.16
Trass i stort mannefall av medlemmer, 13+ 1 observatør, vart det ein triveleg kveld på Rjåneset med Ørsta Rotary som gjester. Dei stilte med 20 medlemmer.
Hovudposten hadde vår kultursjef, Jostein O. Mo, og han fortalde om hobbyen sin som samlar.
Trass i at det var færre frammøtte enn vanleg denne kvelden, fekk vi inn ca. kr. 5000,- på årsesalet, og dei er øyremerka prosjektet Svalene
Vi avslutta kvelden med å kjedeoverrekking, takke av dei som gjekk ut av styret/ gjekk inn i anna verv, og ynskte velkomen til nytt styremedlem.
Juni 2016- Solrun Sætre – sekretær
Sommarfest på Rjåneset 07.06.16
Trass i stort mannefall av medlemmer, 13+ 1 observatør, vart det ein triveleg kveld på Rjåneset med Ørsta Rotary som gjester. Dei stilte med 20 medlemmer.
Eli-Berit Strande starta møtet med å lese dikt av Straumsheim og Bjarne Rabben, akkompagnert av Berit Hatlestad på piano («The rose» av Amanda McBroom og «I have a dream» av Benny Andersson/Bjørn Ulvaeus.. Deretter ynskte president Ragnhild Høydalsvik oss velkomne, og vi hadde 1 minutts stille for å minnast Ingrid Hovden, som gjekk bort 19.mai.
Jostein O Moe, ein mangesidig kulturperson og kultursjef i bygda, hadde denne kvelden hovudposten med temaet å vere samlar. Han sjølv starta som samlar av postkort, og sidan har det vorte utruleg mange ulike typar ting han samlar på. Å vere samlar er sosialt og ikkje avhengig av om du er rik eller fattig, og det fører til at du vert kjend med utruleg mange. Han har hatt fleire samlarutstillingar på Kulturhuset, og avslutta med å utfordre publikum til Samlarfestival i Ørsta, det ville i så fall bli det første i sitt slag
Så var det matøkt, åresal og triveleg prat rundt borda. Trass i at det var færre frammøtte enn vanleg, fekk vi inn ca. kr. 5000,-, og dei er øyremerka prosjektet Svalene
Eli Halsen hadde 3 minutt, og ho las ei ei sann forteljing om ein lokal kjendis, som fekk makrellstørje på kroken, som resulterte i ein uønska tur ut fjorden, og dikt av ein like lokal forfattar, Solveig Halse Myrold.
I ISO Norunn Brekke sitt fråvær bar Solrun Sætre fram ei helsing frå Grete Eriksen, som avsluttar i vervet som RISO til sommaren. Ho hadde følt seg veldig velkomen i D27. Eli Lannerholm las brev frå venskapsklubben i Ljungby.
Deretter var det presentasjon av det gamle og det nye styret og overrekking av kjedet til påtroppande president Berit Hatlestad.
Presidenten for Ørsta Rotary, Steinar Hatlestad, takka for invitasjonen, på vegne av klubben. Steinar skal halde fram som president i eitt år til, så då vert presidentverva innan familien!
Solrun Sætre – sekretær
Medlemsmøte – vårtur 4.mai 2016
17 IW-medlemmer og 1 observatør var klare kl. 17.00 på oppsamlingsplassen for å skyssast til vårtur i Austefjorden.
Vi starta med museumsbesøk på Førde skule, der to entusiastiske omvisarar, ma Oddvar Høydalsvik, viste oss noko av dei utrulege arbeida som dei to ungkarane på Årsetøya, Andreas og Knut Årsetøy, har lagt att etter seg. Utan profesjonelle reiskapar har dei greidd å forme små, detaljerte figurar og ulike typar båtar, og måleri frå alle setrane i Austefjorden. Eit besøk i museet er absolutt å oppmode til! Oddvar Høydalsvik lova at det var berre å ta kontakt med han, så ville han ordne eit besøk.
Etterpå vart vi skyssa frå campingplassen på Aurstad til Årsetøya, av Helge Ryste, ektemannen til Signy, som er niesa til dei to ungkarane, og arving til øya.Vi fekk omvising, både ute og inne, og ekteparet Ryste har lagt ned utruleg mykje arbeid for å restaurere og halde ved like husa der ute, og i tillegg vedlikehald av uteområdet.Det var rigga til,eit partytelt utanfor hovudbygningen, og her fekk vi servert kaffi, sveler og fantastiske kaker som Signy hadde stelt i stand.
President Ragnhild Høydalsvik las månadsbrevet frå D-presidenten, og Sigrun Myklebust hadde 3-minutt, der ho fortalde om ein tidlegare utvekslingsstudent, som familien har følgt i ettertid.
Tida gjekk fort, men, ei fantastisk munter og god stemning til tross, ein gong måtte vi bryte opp og takke for oss etter ein utruleg minnerik vårtur.
(For dei som ynskjer å sjå bilete frå turen, har Ragnhild lagt ut mange gode bilete på FB.)
Solrun Sætre- -sekretær-
Medlemsmøte 6.april 2016
17 IW-medlemmer møtte på Kaihuset for å få omvising og informasjon om aktivitetane her. Etter 20 minutts venting var det klart at det ikkje kom nokon for å vise oss rundt, så litt skuffa reiste vi opp til Bakk-Olamarka og heldt fram med møtet der. Her venta det oss dekte bord, god mat og nytrekt kaffi som vertinnene Marit Aasen og Turid Karlsbakk hadde stelt i stand.
President Ragnhild Høydalsvik las månadsbrevet frå D-presidenten, som mellom anna minte oss om å halde fokus på handlingsplanen. D-sekretær hadde også sendt ei påminning om at vi må ta vare på medlemsbøkene, dei neste to åra vil dei berre kome utan lover og rettleiingar. Desse er lagt ut på IW si heimeside, så vi finn dei der.
Berit Hatlestad hadde eit fyldig referat frå årsmøte-helga i Ålesund, eit årsmøte utan dei store sakene. Årsmøtet gjekk mellom anna inn for ein auke kontingenten til Rådet på 50kr, innbetalingane vert redusert med at talet på medlemmer går ned. Så ein slit med å halde budsjettet i balanse. Ho refererte også om turen RISO Grete Eriksen hadde til Etiopia i oktober, for å sjå resultat og arbeidet med prosjekt vi er med på.
Eli Lannerholm refererte frå det siste bladet frå Svalene. Etter ein periode i haust då dei sleit hardt økonomisk grunna dollarkursen, kunne dei no gå framtida litt lysare i møte, på grunn av auka midlar givarane. Mellom anna hadde ein givar gitt dei ein arv som gav økonomien eit skikkeleg løft. På møtet var vi samde om at dette er eit prosjekt vi er glade for å vere med å støtte.
Det vart sendt ut påmelding til turen til Årset-øya 4.mai. Men sidan det var ein del av medlemmene som ikkje var til stade, må desse ev. melde seg på til Ragnhild snarast, og innan søndag 10.april!
Vi køyrer med privatbilar, frå parkeringsplassen ved Frikyrkja kl. 17.00
Vi reiser først til Førde og besøker museet der, så reiser vi til campingplassen på Aurstad, der vi får båtskyss ut til øya. Servering vert ordna av vertskapet der ute
Prisen vert totalt kr. 250. I tillegg vart det bestemt at dei som får skyss, betaler 50 kr. til sjåfør.
Vidare orienterte styret om 60års-jubileet vårt til hausten:
Vi foreslo at vi feirar oss sjølve med søndagsbufè på Alexandra i Loen. Dette vart positivt mottatt på møtet, og etter avstemning vart vi samde om datoen : Søndag 2.oktober. Sjølv om charterdagen er 10.oktober, var vi samde om at det er så nær at vi kan gjerne feire den på forskot.
Påminning om møtet på Rjåneset 7.juni kl. 19.00. Minner om at alle må ha med mat og kaffi som tidlegare, kopp og fat, og ein gevinst til lotteriet. Hovudinnlegget vert ved Jostein Mo, der han vil fortelje om samlehobbyen sin.
Ingrid Hovden er på rehabilitering på Ørstaheimen etter ei fallulukke for ei tid sidan. Ho blir verande der ei god stund, og fredag vil Ragnhild Høydalsvik og Eli Lannerholm besøke henne, og ha med blomsterhelsing frå klubben.
Ann-Mari Øyehaug avslutta ein triveleg kveld med 3minutt, der ho delte med oss barndomsminner frå tida som sætrejente i Romedalen frå ho var 7år. Før vi braut opp og presidenten takka for møtet, song vi «Å Vestland, Vestland».
Solrun – sekretær
**********************************************************************
Referat frå medlemsmøte 3.FEBRUAR
Vi 21 medlemmer til stade på dette møtet, som starta høgtidleg, med lysseremoni og opptak av 3 nye medlemmer. Velkomne i klubben alle 3:Aase Margrete Leite, Eva Kolås og Kristin Bergmann! Sidan Ragnhild var på ferie, stilte Eli sporty som møteleiar.
Det meste av program var årsmøtet:
- Val av nytt styre:
- President: Berit Hatlestad
- Innkomande president: Eli Berit Strande
- ISO: Eli Lannerholm
- Kasserar: Kjellfrid Osdal
- Sekretær: Solrun Vadstein Sætre
- Styremedlem: Turid Karlsbakk
Marit tok på seg oppgåva som revisor også for komande år.
- Saker frå styremøtet:
- Rosesal: Det var stort fleirtal for at vi skal avvikle rosesalet, og det var stor stemning for at vi skal satse på å støtte lokale føretak. Profilere oss gjennom å invitere media når vi overleverer gåver mm.
- Ny møtestad? Dette var det liten stemning for i klubben, så vi avventar, og tek det heller om vi får så mange medlemmer at plassen vert for liten.
- Korleis markere 60-årsjubileet: Det var stemning for at vi satsar på ei lita feiring, med oss sjølve og Rotary/ ektefelle/partner.
- Etter årsmøtet la Eli fram plan for møta til våren:
- 06.04: Oppstart med omvising på Kaihuset, tilbake til lokalet for kaffi og resten av møtet
- 04.05: Til Årsetøya – dette var svært populært forslag, og alle som kan, vil vere med. Vi treng ikkje ekstra mat, greitt det som vert laga til på Årsetøya.
- 07.06: På Rjåneset. Reknar med at Ragnhild har avtalt om dette, og Solrun sender innbyding til Rotary når vi har alt på plass.Så vart alle mint om eldrefesten 1.mars, og at alle må ha med kaffikanne, kake, og gjerne ein gevinst.
- Jenny avslutta kvelden med 3-minutt, der ho mellom anna fokuserte på kor overbeskytta ungane som veks opp i dag er i dag i høve til for 50år sidan, og gav oss ei påminning om kor fort ting har endra seg på kort tid.
Solrun Sætre –
**********************************************************************
Halvårsrapport haust 2015
Eg har dette halvåret delteke på eitt styremøte,2 medlemsmøte og på julemøtet, der Ørsta Rotary hadde regien. Deltok og leidde IC-møtet i september, som klubben arrangerte på Ramoen.
Medlemsmøte 2.september
President Ragnhild Høydalsvik leidde møtet, og kunne ynskje velkomen til ma 3 nye observatørar.
Deretter hadde ISO Norunn Brekke ordet. Ho refererte frå junibrevet frå DISO, der det mellom anna vart mint om å bruke internett for å halde oss oppdaterte på prosjekta våre. Norunn hadde funne mykje aktuelt stoff på nettstaden fokuskvinner.no. Til slutt slo ho eit slag for vårt «hjartebarn» Svalene.
Turid Karlsbakk hadde hovudposten. I påska var ho med slektningar til Bolivia for å sjå korleis det vert arbeidd i prosjektet Mariposa Norge. Tiltaket har ansvar for ein mødreheim med plass til 5 kvinner som har vore utsette for seksuell vald. Den som ynskjer å vite meir om dette prosjektet, kan gå inn på centromariposa.no
Medlemsmøte 7.oktober
Sidan underskrivne var hindra i å stille på møtet, stilte Norunn Brekke som referent.
Hovudposten denne kvelden hadde Rotarypresidenten, Steinar Hatlestad, og han fortalde om nokre av deira prosjekt:
”Ungdomsleiren”, sommarleir for ungdommar frå heile verda arrangert av Rotary.. Formålet med opplegget er at ungdommar skal bli kjende med andre land sine kulturar og levemåte, og at dei skal sosialisere seg og utveksle idear. I Noreg vert det arrangert 5 slike leirar kvart år. I vårt område samarbeidde Ørsta, Volda, Sula og Giske om programmet. Desse leirane er eitt av dei store programma til Rotary. Det kom til saman 10 ungdommar frå m. a. Slovakia, Tyrkia England, Nederland , Romania , Ungarn og Taiwan til årets leir. Opplegget kostar klubbane litt, men Rotary meiner det er verdt det. I Ørsta var det privat innkvartering, vanleg med hospits eller anna rimeleg overnatting. Elles var det eit rikhaldig program, t.d. sightseeing i Ørsta, fjelltur på Brekkeheia, båttur til Trandal, Brandal (Ishavsmuset) og Rotarymøte der ungdommane presenterte landet sitt. Steinar Hatlestad orienterte også om ” David’s school” i Sierra Leone og Polioprosjektet i Nigeria (for meir info – sjekk ut www.orsta.rotary.no ) President Ragnhild las deretter brevet frå Distriktspresident Mette Willoughby, og ISO informerte om månadsbrevet frå DISO Solrun Sætre. Kari Rogne kom med forslag om at ein kuttar rosesalet i 2016, i staden kan ein betale slik som i 2015. Det vart også fremja ønskje om å få foldaren ( oversikt over møter/stad) i papir også, ikkje alle medlemane som brukar nettet. Medlemsmøte 4.november
17 medlemmer og 2 observatørar møtte fram dette haustmøtet. Etter at president Ragnhild Høydalsvik hadde opna møtet, orienterte Knut Aamås, seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta kommune, om organiseringa innan helsesektoren i kommunen
Presidenten las brevet frå distriktspresidenten. Ho minte ma om handlingsplanen.
Julemøte 15.desember
Tradisjonen tru samla mange rotary- og innerwheelvener seg på Rekkedal til ein festleg førjulskveld, med andakt, julesong, god mat, og god prat rundt borda. Dette året var vi rundt 50, av dei var 15 medlemmer frå Ørsta IW
Desember 2015- Solrun Sætre – sekretær
**********************************************************************
Referat frå medlemsmøte 4.november
17 medlemmer og 2 observatørar møtte fram dette haustmøtet. Etter at president Ragnhild Høydalsvik hadde opna møtet, fekk Knut Aamås, seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta kommune, ordet:
Han starta med å fortelje om seg sjølv og bakgrunnen til at han hadde valt helse- og omsorg som sin arbeidsplass. I samband med den nye folkehelselova i 2012 gjennomførte kommunen ein reform innan kommunale teneste, som førte til ein del omorganiseringar. I dag består helse og omsorg Ørsta av 3 hovudseksjonar:
- Institusjon og rehabilitering
- Helse og velferd
- Bu og habilitering
Han avslutta sitt innlegg med å oppmode alle om å gjere det ein sjølve kan bidra med for god helse, røykekutt og fysisk aktivitet. Vi har godt av å ikkje ha det for lettvindt.
Under kaffien vart det sendt rundt påmeldingsliste til adventsmøtet saman med Rotary på Rekkedal, til januarmøtet som vi skal ha saman med Volda IW i Volda, og til årsmøtet 5.-6.mars.
Presidenten las brevet frå distriktspresidenten. Ho minte ma om handlingsplanen.
Deretter skulle ISO ha ordet. Sidan ho var fråværande, legg eg ved utdrag frå brevet frå DISO her:
«Sidan sist har eg mellom anna fått delta på årskonferansen til Rotary D2305 i Hamar, som «ledsagar», men det var mykje interessant å få med seg sjølv om eg sat på sidelinja. Mellom anna hadde past distriktspresident Lise Holland (D30) ein fin presentasjon av IW sitt arbeid, og vi fekk svare på mange spørsmål i etterkant av det. Vi var i alt 4 IW-medlemmer som ledsagarar. Det er alltid merkeleg å oppleve at Rotary veit så lite om oss, og som forstår at det er nødvendig med IW sjølv om dei får stadig fleire kvinner i Rotary, ikkje minst med tanke på at vi er ein internasjonal organisasjon der ikkje alle kvinner er likestilte som hos oss. Og at våre prosjekt går meir direkte inn mot kvinner og born.
På konferansen fekk vi ein presentasjon frå elevar som var utvekslingsstudentar i fjor, og som alle meinte dei hadde fått fantastiske minne for livet. Eg snakka mellom anna med assisterande guvernør Jon Stennes for å få vite kva som var forventa av oss i IW. Det viser seg å vere lite kjent for Rotary at IW skal bidra i dette arbeidet.
Utfordringane for Rotary er mellom anna
- å kome i kontakt med aktuelle norske kandidatar,
- å finne vertsfamilie til studentar utanfrå.
Situasjonen for medlemmene i Rotary er dei same som for IW, det er få att som har ungdomar sjølve som kan vere kandidatar, og det er ein fordel at vertsfamiliane sjølve har ungdomar i huset, sjølv om det ikkje er eit krav. Så her er Rotary takknemlege om vi kan delta aktivt i våre lokalmiljø for å finne aktuelle kandidatar, og ev. gi tips om aktuelle vertsfamiliar. Familiar som får sende ut ein ungdom, bør sjå det som ei «plikt» å ta imot ein student ein periode av året.
Handicamp 2016 (Frå RISO) Erfaringen fra siste Handicamp var at leiren ikke ble godt nok markedsført, ikke engang innen Rotary og Inner Wheel. Veldig mange av søkerne kjente nemlig til leiren fordi de hadde deltatt før. Det er viktig at flere får sjansen derfor kan man ikke informere for mye. Brosjyrer kommer til å bli sendt til presidenten i klubbene, men jeg sender også til dere for videresending til ISO.
Hvis en Inner Wheel klubb har lyst til å sponse og hjelpe en fysisk handikapet person til en fantastisk opplevelse, må det startes tidlig. Ergoterapitjenesten i kommunen eller lokalavdeling av Norges Handikapforbund kan sikkert helpe til med å finne søkere (www.nhf.no) I papirene jeg vedlegger, står alt om vilkår og frister og hva som må gjøres.
Andre typer bidrag til leiren fra Inner Wheel kommer jeg tilbake til senere. Jeg ser at det nye styret er aktivt på facebook! Egen nettside er laget www.handicamp.rotary.no»
For tida er RISO på besøk i Etiopia og får oppleve Safe Motherhood Ambassador-prosjektet på nært hald, og vi gled oss til å få rapport derifrå. Mange har kasta seg på ideen om å strikke babyteppe. Minner om at dei skal/kan strikkast slik: Start med 3 maskar, auk i byrjinga til du måler ein diagonal på 90cm, deretter feller du 2.og 3.maske på kvart omfar til du sit att med 3 maskar. Strikk så ei hette, det er passe at denne er ca. 20cm i diagonal, før du avsluttar. Bruk babyull og tjukke pinnar (4-4,5). Adressa de kan sende til: Hanne Smørdal, Sypressveien 24, 4070 RANDABERG.
Så var det Marit Aasen sin tur til å halde 3 minutt: Ho synest at ho aldri har hatt så lita tid til alt ho vil gjere som etter at ho vart pensjonist, og slik opplever vel fleire det. Ho hadde valt å sitere gullkorn frå boka «Ta det litt roligere»
**********************************************************************
Referat frå medlemsmøte Ørsta IW 07.10.15 President Ragnhild ynskte velkomen til 13 medlemar + 2 observatørar på Bakk- Ola-marka. Etter velkomstsong var det klart for kveldens hovudpost.
Steinar Hatlestad, president i Ørsta Rotary,fortalte om ”Ungdomsleiren”- sommarleir (14dagar) for ungdommar arrangert av Rotary. Ungdommar (1 frå kvart land) kan søkje på dette tilbodet. Formålet med opplegget er at ungdommar skal bli kjende med andre land sine kulturar og levemåte, og at dei skal sosialisere seg og utveksle idear.. I Noreg vert det arrangert 5 slike leirar kvart år. I vårt område samarbeidde Ørsta, Volda,Sula og Giske om programmet. Desse leirane er eitt av dei store programma til Rotary. Det kom til saman 10 ungdommar frå m. a. Slovakia, Tyrkia England, Nederland , Romania , Ungarn og Taiwan til årets leir. Opplegget kostar klubbane litt, men Rotary meiner det er verdt det. I Ørsta var det privat innkvartering, vanleg med hospits eller anna rimeleg overnatting. Elles var det eit rikhaldig program, t.d. sightseeing i Ørsta, fjelltur på Brekkeheia, båttur til Trandal, Brandal (Ishavsmuset) og Rotarymøte der ungdommane presenterte landet sitt. S. Hatlestad orienterte også om ” David’s school” i Sierra Leone og Polioprosjektet i Nigeria ( for meir info – sjekk ut www.orsta.rotary.no ) Som takk for eit svært interessant innlegg fekk han ei rose overrekt av Ragnhild. H. Berit Hatlestad fekk overrekt orkide,( ho blei 70 år 9.sep.). President Ragnhild las deretter brevet frå Dp. Mette Willoughby, der ho m.a. skrytte av Intercitymøtet på Ramobuda. Ho kom og inn på den svekka økonomien til IW, Distrikt 27 har mista 5 klubbar i løpet av dei siste åra. ISO informerte om månadsbrevet frå DISO. Kari Rogne kom med forslag om at ein kuttar rosesalet i 2016, i staden kan ein betale slik som i 2015. Det vart også fremja ønskje om å få foldaren ( oversikt over møter/stad) i papir også, ikkje alle medlemane som brukar nettet. 3. Min ved Sigrid Hovden, eit fint innslag som informerte om seniordansen på Ørsta kulturhus. Før avslutningssong las President Ragnhild eit tankevekkande dikt: ”Kunsten å leve”
Ref. Norunn Brekke
**********************************************************************
IC-møte på sjøbuda RAMOEN laurdag 12.september 2015
**********************************************************************
Referat frå medlemsmøte 2.september 2015
20 medlemmer, og ikkje mindre enn 3 observatørar møtte fram på vårt første medlemsmøte etter ferien. Etter at president Ragnhild Høydalsvik hadde ynskt oss, og observatørane spesielt, velkomne, ga kasserar Kjellfrid Osdal gjennomgang av rekneskapen for året som var gått.
Deretter hadde ISO Norunn Brekke ordet. Ho refererte frå junibrevet frå DISO, der det mellom anna vart mint om å bruke internett for å halde oss oppdaterte på prosjekta våre. Norunn hadde funne mykje aktuelt stoff på nettstaden fokuskvinner.no. Til slutt slo ho eit slag for vårt «hjartebarn» Svalene, som vi har støtta med pengegåver sidan skulen og prosjektet vart oppretta, i byrjinga av 1960-talet. På sommaravslutninga i år fekk vi inn ca.8000 på loddsalet, som uavkorta gjekk til dette prosjektet.
Etter kaffi og prat hadde medlem Turid Karlsbakk hovudposten. I påska var ho med slektningar til Bolivia for å sjå korleis det vert arbeidd i prosjektet Mariposa Norge. (Mariposa tyder sommarfugl). Bak stiftinga står mellom anna ørstingen Hildegunn Bjørdal, som ynskte å bruke delar av ein større arv til noko meiningsfylt. Og det enda opp med dette prosjektet i Bolivia, eitt av verdas fattigaste land. Målet er å hindre omsorgssvikt og oppløysing av familiar gjennom førebyggjande arbeid og mødreheimar. Gateborn vert raskt henta inn og plasserte på barneheimar. Mariposa Norge har ansvar for ein mødreheim med plass til 5 kvinner som har vore utsette for seksuell vald. Og dei har tilbod om leksehjelp til ca. 70 fattige born. På turen var dei innom både barneheimar og på senteret der det vert gitt leksehjelp. Ein dag fekk borna ei minnerik oppleving ved å få vere med til eit badeland, noko dei aldri hadde drøymt om å få oppleve. Dei hadde med kle til borna, som vart utdelt medan dei var der. Den som ynskjer å vite meir om dette prosjektet, kan gå inn på centromariposa.no Loddsalet denne kvelden gjekk til dette prosjektet, og vi fekk inn nesten 3000 kr!
**************************************************************************************************************
Ørsta IW og Volda IW : Den internasjonale IW-dagen
Hovudposten denne kvelden var ved Eli Lannerholm og Turid Karlsbakk. Dei heldt eit svært interessant foredrag om reisa si til Syd-Grønland sommaren 2014. Først gav Eli oss eit lærerikt innblikk i historia til inuittane. Ho tok oss tilbake til 1700-talet da utfordringane starta gjennom ei innvandring frå Danmark som etter kvart endra livssituasjonen til inuittane. Det vart store kulturkonfliktar og andre interessekonfliktar, men i dei seinare åra har dei fått att mykje av råderetten over naturressursane sine og også funne att stoltheita over eigen kultur. Men dei har framleis store problem å stri med t.d høg arbeidsløyse, stort alkoholmisbruk m.m. Deretter viste dei mange flotte bilde og fortalde levande om turen dei hadde hatt sommaren 2014 saman med barnebarn og to andre damer. Dei var t.d. innom Gardar, eit gamalt bispesete, og Brattalid der Eirik Raude i si tid grunnla eit norrønt samfunn.
Det var eit svært interessant og lærerikt programinnslag, og som takk fekk dei kvar si raud rose. Inntekta av loddsalet denne kvelden gjekk til IW sitt prosjekt Fistula. Etter kaffipausen fekk distriktspresident Kari Juel Rogne ordet, der ho først ynskte godt nytt år og mange gode ønske for det vidare arbeidet i klubbane. Ho fortalde litt om det første halvåret som distriktspresident og orienterte litt om distriktsårsmøtet som skal vere i Ørsta 7.og 8.mars.Og til slutt bad ho oss hugse- hjulet skal rulle vidare og deltaking er viktig i alt organisasjonsarbeid. Så var det ”3 min” ved Volda IW, og president Torill H. Bjørneset hadde eit svært fint og tankevekkande innlegg. Ho brukte to innlegg frå Sunnmørsposten( 24.12.14) og minte oss om verdien av dei gode tradisjonane ved julefeiringa vår, og ikkje minst kjærleiken symbolisert ved fargen raud. Kjærleiken opptrer i ulike former; eros, agape og filos(kjærleik mellom venner/familie), alle formene er viktige. La oss ta vare på kjærleiken. Norunn Brekke -sekretær-
Referat frå medlemsmøte Ørsta IW- klubb 01.10.14
President Eli Lannerholm ønskte dei 10 frammøtte medlemane velkomen til oktobermøtet. Til opningssong song vi ”Innerwheelsongen”. Presidenten hadde ein del informasjon å dele med medlemane, ho refererte frå ulike møte: * Intercitymøtet i Ålesund ( sjå eige referat – epost) *Landstreffet i Stavanger Ho refererte mellom anna at i Stavanger blei det overrekt sjekk på 150.000kr til narkohundprosjektet, og Hafsøe frå Tollvesenet understreka at IW sitt bidrag og engasjement i denne saka er viktig. Det kostar 1.5 mill. kr å trene opp ein narkohund. * Eli las månadsbrevet frå DP Kari Juel Rogne. DP oppmoda om aktiv deltaking på Intercitymøter – ein viktig møteplass for IW kvinner. (Det var få deltakarar på møtet i Ålesund). Ho hadde og vore på ei særs interessant Rotarykonferanse i Molde. Før matpausen song vi ”Venskapsvise” der Berit trufast ordna tonefølgje til songen. Hovudposten denne kvelden var Janne Marit Øye som i haust har debutert som barnebokforfattar med den flotte bildeboka ” Snøhumla Mille” med nynorsk tekst. Det var skikkeleg kjekt og interessant å høyre om prosessen som ligg bak, frå det å gi frå seg ei forteljing, via manus, prosessen med illustrasjonane og til bildeboka er klar. Og ikkje minst å få bla i boka og høyre Janne Marit sjølv lese frå boka. Ein utruleg flott bok til lesestund med småbarn i familen… kan anbefalast! Berit hadde ”3 min” og las ein tankevekkande og like aktuell tekst av Inge Eidsvåg: ” Den nye madrassen.”(tema: Treng eg dette? Reklamens påverknad). Ein innhaldsrik og triveleg kveld blei avslutta med ein fellessong. Neste møte, 5.nov. blir på ”Psykiatrisenteret” Norunn Brekke -sekretær-
Referat frå medlemsmøte Ørsta IW- klubb 03.09.14
President Eli Lannerholm ønskte dei 18 frammøtte medlemane velkomne til første møtet i haustsemesteret. Og vi song ” Vestland, vestland” til opningssong med Berit ved pianoet. Presidenten hadde ein del informasjon mellom anna datoar for: *Inter Citymøte Ålesund 20. september kl. 13.00. Påmeldingsliste vart sendt rundt. *Invitasjon til Inter Citymøte frå Trondhjem IW. *Landstreff i Stavanger 5-7 sep. Distriktspresident Kari Juel Rogne og distriktsredaktør Solrun Sætre vil delta der. President Eli las ei god norsk omsetjing av brevet frå internasjonal president, ABHA GUPTA, der ho gjer greie for sitt motto for året: Light the Path”, eller på norsk ”Lys opp vegen.” Fritt gjengitt: ”Lyset må kome frå vårt indre, vårt engasjement må føre til gode tenester for andre. Skape ei betre framtid for barna, utdanning fører til forandring – og verda blir ein betre stad.” Etter det passa det fint med IW songen. Berit, vår trufaste og dyktige pianist kom med eit spørsmål om klubben var interessert i å dra på onsdagstreff i Svendsengarden 5.nov.(IW møtedag) av di ho hadde blitt spurd om å spele der. Ho sa klart frå at IW møta er hennar førsteprioritet. Etter eit lite ordskifte vart konklusjonen at medlemane synest vi treng IW møta, så vanleg møte i nov. Da var det klart for hovudgjesten vår denne kvelden; Janne Grytten Skarstein som er einingsleiar for kultur i Ørsta. Ho heldt eit svært interessant innlegg om jobben sin. Ho er m.a. sjef for Kaihuset i Ørsta, eit rusfritt lavterskeltilbod for ungdom (14- 18 år), og ho er sjef for utleige av kulturhuset og arrangementsansvarleg for alle kulturtilboda der. Ho orienterte om det svært allsidige haustprogammet og korleis ho jobba for å få booka dei ulike artistane. Og som det ikkje var nok er ho også sjef for kinoen og bestemmer kva filmar kinoen viser. Det vil seie dei store byråa bestemmer kva tilbod Ørsta kino får utfrå besøkstalet ved kinoen. Etter kaffipausen der det var utdelt raud rose til Kristi Vinjevoll som gjekk ut av styret, var det distriktspresidenten Kari Juel Rogne som informerte litt m.a. om : *Distriktsårsmøte i Ørsta 7-8. mars 2015. Møtet er innkorta( laurdag til søndag), bestemt i Tromsø, og ” Ryst saman” blir da laurdagskvelden. Ein kjem tilbake til denne saka, men medlemane kan gjerne allereie tenke på kva som kan egne seg til programinnslag og gevinstar Det var framlegg om at overskot av lotteriet kan gå til Kaihuset, som allereie sagt styret vil arbeide vidare med denne saka. Kasserar Kjellfrid la fram regneskapet, eit oversiktleg og greitt rekneskap. Og ho las også opp junibrevet frå ”Svalene.” Sekretær Norunn delte ut Blåboka og ”møtefoldaren” for 2014/15. Eli Berit ( den tidlegare sekretæren) hadde laga ein fyldig halvårsrapport som og vart utdelt. I samband med utdeling av foldaren lufta ISO Norunn ein del tankar rundt rosesalet. Rosesalet er viktig m.o.t. marknadsføring av IW, og støtte ”Narkohund” er ei viktig og god sak, men siste åra har kvaliteten på rosene(har samanheng m. prisen) ikkje vore bra nok. Det vart fremja forslag om at kvar medlem kan betale 200 kr i staden for rosesalet Styret ser på saka og ein kjem tilbake til den. Styret var vertinner for kvelden. Norunn Brekke – sekr-
Sommarfest på Rjåneset
Tradisjonen tru inviterte Ørsta IW Ørsta Rotaryklubb til felles sommarfest.
Vi var nesten 50 stk. som møttest der på ein fin sommarkveld.
Etter at vi hadde sunge vennskapsvisa med Berit ved pianoet, las ho mellom anna brev frå venskapsklubben vår Ljungby i Sverige.
Hovudposten var ved Terje Aarset og Terje Kjøde. Terje Aarset er spesialist på Ivar Aasen og diktinga hans og Terje Kjøde er ein flink intervjuar. Det var svært interessant å lytte til desse to som fortalde om diktsamlinga «Symra» som nyleg kom ut i ny utgåve. Terje Aa uttrykte det slik: Boka er på 270 sider og veg 1,6 kg og er billegare enn fårepølse. – – –
Loddsalet på junimøta er øyremerka vårt lokale prosjekt, Svalene, og det varmar å kunne sende frå seg over 6000 etter ein kveld!
Ragnhild Ørstavik Øye hadde 3minutt, og ho fortalde om barndomsminne frå Ørsta. Ho konkluderte med at Ørsta var ein fin plass å vekse opp i, trygt og godt å vere -, Ho las til slutt Monrad Nordervald sitt dikt : Med Ørstingen er det så underleg fatt
Det var kjekt å få dette bilde som tok oss med tilbake i tida.
Eli Berit Strande – sekr. –
Vårtur 2014
Dagen var 7. mai og Steinar Hatlestad stod klar med Sparebankbussen kl. 17.30.
16 damer fekk plass i bussen og så tok president Jenny med 3 til i privatbilen sin. Tilsaman var vi 21 stk. med Steinar.
Målet for turen var Ishavsmuseet på Brandal.
Veronica Kvalen Pilskog ønskte oss velkomne, og ho var ein dyktig guid for oss. Ho gav eit
interessant innblikk i det livet som førte til at museet kom i stand, og ho fortalde om mange av dei tinga som var utstilt der.
Ishavsmuseet Aarvak vart stifta i 1981. I 1998 flytta Ishavsmuseet inn i nyrenoverte lokaler i «Gråbuda», ei eldre produksjons og sjøbu tilhøyrande ishavsreiarlaget Martin Karlsen AS
Museet vart reist for å ta vare på dei rike tradisjonane frå selfangst og anna virke i polare områder som bygda Brandal og Sunnmøre har vore nært knytta til.
Då denne næringa var på topp i sluten av 1920 åra, segla 75 skuter ut frå Vestlandet. Meir enn 1000 mann hadde arbeidet sitt her. I tillegg kom det fabrikkanlegg på land som tok imot selprodukta.
Museet er reist for å heidre desse sanne kvardagsheltane som kjempa i skruis og uver der «vergudane» kunne vere nådelause. Det var eit farefullt yrke, ofte med livet som innsats. Forlisa var mange.
Dei to største ulukkene var i 1917 då 7 skuter forliste og 89 mann omkom, og i 1952 då 5 skuter og 78 mann kom vekk.
Ishavsskuta Aarvak vart bygd i 1912 og er i dag den eldste gjenverande selfangstskuta i Noreg av dei som var spesialbygde for selfangst. I 1981 overtok Ishavsmuseet skuta og fekk henne verna som kulturminne. Vernebygget over Aarvak vart opna i 2009. Det var ei oppleving å få sjå inn i skuta og vi kunne fornemme litt av dei forholda som selfangarane levde under.
Samlingane til Ishavsmuseet går over meir enn 2000m2, og omfattar utstillingar om m.a selfangst,overvintringsfangst etter isbjørn, kvitrev og moskus. Dei prøvde å frakte levande moskus med heim, men det var vanskeleg å få desse dyra til å trivast, men kanskje er moskus som einno kan sjå på Dovre, etterkomarar av dei som blei frakta hit(?)
Brandal var ein stor stad med eit yrande folkeliv, mange butikkar,skular forsamlingshus o.s.v og mange trudde at Brandal var ein av Norges største byar —-
Museet har i dag meir enn 20 utstoppa polare dyr og mange fuglar.
«Ishavskjerringa» er reist som eit minne om henne som gjekk heime og venta med ansvar for
heimegard og born.
Eventyraren og ekspedisjonsleiaren Ragnar Thorset, har også ei samling der som viser mange av bragdene hans om «levd liv»
Det var mykje informasjon og mange ting å sjå på, så etter ein god time, var det godt å få setje seg ned ved pynta langbord.
Her fekk vi servert herleg kvalkjøtgryte, buffet med mange rettar og kaffi.
Litt informasjon blei formidla av president Jenny m a om sommarfesten saman med Rotary som blir den 3 juni -14 kl. 19.00 på Rjånes Ungdomssenter.
Inkomande president. Eli Lannerholm minte om Intercitymøte til hausten. Det skal vere i Ålesund i september.
Vår trygge flotte sjåfør Steinar fekk overrekt ei lita gåve med stor takk for at han enda ein gong stilte opp for oss ( gratis).
Butikken på museet vart også besøkt, og mange nytta høve til å handle der.
Ein vellukka fin kveld i havgapet var dette og vi kunne takke kvarandre for eit triveleg lag og ta fatt på heimveg med ny informasjon og kunnskap om « ei tid som var.»
Ishavsmuseet på Brandal er vel verd eit besøk !
Eli Berit Strande
– sekr. –
Referat frå medlemsmøte ØIW-klubb 02.04.14
Klubben vår var denne gongen innvitert til Volda IW-klubb til fellesmøte.
16 møtte frå Ørsta IW inkludert ein observatør, og ca 20 frå Volda IW.
Møtet blei halde på Sanitetshuset i Volda.
President Eli Lillås ønskte alle velkomne og vi starta møtet med lyssermoni. Deretter song vi vennskapsvisa og det var virkeleg god song i forsamlinga.
Torill Bjørneset fortalde litt frå DÅM i Tromsø som ho nett hadde delteke på. Ei av sakene som blei tekne opp der , var avkorting av tida til DÅM. Frå neste år blei det bestemt å ha «Ryst sammen» på
laurdagskvelden slik at DÅM går berre over to dagar.
ISO/DISO – treffet blir på Gardermoen som før.
Der var ikkje mange voteringssaker. Torill fortalde at søndagen var det eigenaktivitet før heimreise. Som t.d. kyrkjebesøk eller til eit aktivitetssenter der det var lett å bli «reven med å leike». Barn ler 400 gongar pr dag, medan vaksne ler berre 15 gongar pr, dag.
President Eli fortalde om eit prosjekt i Moldova som hjelper fattige heimlause jenter . Desse blir utnytta på det grovaste. Prosjektet er med og hjelper 15-20 jenter med ein plass å vere i vekedagane frå mandag til fredag. Det er byggeplaner for ein stad å vere, men pt held dei til i ein privat bolig. Dei manglar alt, så kvar lita gåve er kjærkome. For desse jentene er fred og vaksenkontakt det viktigaste.
Pengane som kom inn ved loddsalet denne kvelden, gjekk til dette prosjektet.
Etter matpause med laksesmørbrød og ostekake, var det «3 min» ved Oddvor Follestad Hovden.
Ho delte ut kart og fortalde om dei mange turstiane som ein kan nytte seg av i Hovdebygda. Høgetua er yndlingsplassen hennar. Idrettslaget har også lagt ut trimpostar der.
Kjellaug Skogen fekk gåvekort som helsing til 70 års dagen sin.
Pres. Eli hadde litt info om landstreffet som skal vere i Stavanger 5 – 7 september 2014. Påmeldingsfrist er 01 mai -14. Solrun har vore på fleire slike treff og ho anbefalte det på det sterkaste.
Convention skal vere i København 05 -09 mai 2015.
Frå Rådet er det bestemt at det skal vere individuell stemming på prosjekt. Det er ikkje noko kvar klubb kan sende samla forslag om.
Pres. Jenny delte ut stemmesedlar til alle og dei fleste som var på møtet stemde med ein gong. Dei som ikkje var tilstades lyt få informasjon om dei 6 prosjektforslaga som det skal stemmast på og så må dei stemme før fristen som er 01 juni – 14. Ørsta IW-klubb tek dette opp igjen på mai- møtet.
President Jenny takka for innbydinga til Volda og hadde noko info om utflukta vår til Brandal i mai.
ISO Oddvor orienterte om rosesalget i Volda som blir den 5 april – 14. Ørsta hadde rosesalg den 15 mars – 14
Til slutt song vi «No livnar det i lundar»
Dette var ein triveleg IW- kveld !
Eli Berit Strande
-sekr –
Referat frå medlemsmøte 05.02.14
Denne gongen kunne pres. Jenny ønskje vel møtt til 17 medlemar. Vi er eit «reisande folk» og mange av medlemane var på tur.
Hovudposten for kvelden var ved lege Jørn Kippersund. Han er sjef for nattlegevaktordninga på søre Sunnmøre og han var innvitert for å snakke om denne, pluss litt generelt om legevaktsordninga i distriktet.
Jørn er fødd i 1970 og var 41/2 år då familien flytta til Bjørke. Han studerte medisin i Bergen og kom til Ørsta som komm.lege 1 og fastlege i 1998. I 2003 fekk han arbeid på legekontoret i Volda.
Nattlegevaktsordninga kom i stand då Eiksundtunellen blei opna.
Seks kommunar og 9 legekontor gjekk saman om ordninga: Volda- Ørsta – Ulstein – Hareid – Herøy og Sande er med. Nattlegevakta held til på Volda Sjukehus og startar kl. 22.00 om kvelden.
Før den tid på kvelden, er det legevakta i distriktet som har ansvaret etter at legekontoret er stengt etter vanleg arbeidstid på dagen.
Ørsta ringjer 700 48050 på vanleg dagtid for legehjelp.
Ørsta ringjer 700 48060 på kveldstid og natt tid.
Ringjer du 113 kjem du til AMK-sentralen i Ålesund. Dei bestemmer også over ambulansetenesta.
Det er planer om å innføre eit nytt legevaktsformidlingsnr ved akuttmottaket i Volda , nemleg
116117. Dette blir det jobba med, men meir informasjon blir då utsendt til befolkninga.
Eit viktig tips dersom ein ber om å få snakke med legen, men må vente: spør då når ein kan vente at legen ringjer tilbake. Dersom det tek lenger tid enn antyda, så er det lov å «purre på»
34 legar er med på nattlegevaktsordninga, og dei får poeng for kvar vakt. På denne måten blir det lettare å fordele vaktene likt på alle.
I spesielle tilfelle kan også legevaktslegen fare på sjukebesøk heim til pasienten,.
Dr. Kippersund meinar at ordninga med nattlegevakt som han er opphav til, er eit godt fagleg tilbod i distriktet.
Det blei reist ein del spørsmål frå forsamlinga som han gav greie svar på til slutt.
Pres. Jenny takka han og gav han rose for interessant og nyttig informajon.
Kari har fylt 70 år, og fekk overrekt orkide.
Pres. Jenny hadde så ein del informasjon. Vi har fått innbyding frå Volda IW til april møtet vårt .
Dette takkar vi ja til. Altså 2 april til Volda IW-klubb.
Liste over rosesalpostane 15 mars blei delt ut.
Info om eldrefesten 11mars og fordeling av kjøkenteneste blei gjort. Husk bløtkake og ei kanne kaffi.
Ørsta IW-klubb har fått innbyding frå Rotary til å vere i lag med dei på Ivar Åsen hotell den 25 februar-14 kl 19,.00. Denne kvelden kjem Joakim Rønneberg dit og vil halde foredrag.
Eli las takkebrev frå «Venner av Tibet» for pengegåva (kr. 1350.-) som blei sendt dei frå ØIW-klubb.
Etter kaffipausen og loddsal, las Kjellfrid litt frå «Svalene» nr. 13) Pengane som blir sende dit, kjem alltid i gode hender. Kjellfrid las ei gripande historie om vesle Maria som blei voldtatt og gravid og om overgripar som går fri —
Eldbjørg informerte om lokal på Brudevolltunet som kan leigast til møteverksemd.
Pres. Jenny ser nær are på dette.
Så var det årsmøte og valg.
Valkommiteen sitt forslag til nytt styre blei lagt fram av past pres Sigrun.
Valnemnda hadde ikkje lukkast med å få kandidatar til alle verva i styret. Dette gjaldt sekretær og styremedlem.
ISO Norunn sa seg villeg til å vere sekretær i tillegg til ISO.
Styremedlemvervet står uten kandidat.
Det nye styret for 2014/2015 blir då:
President : Eli Øvstegård Lannerholm
Visepresident : Ragnhild Høydalsvik
Sekretær : Norunn Palma Brekke
Kasserar : Kjellfrid Osdal
ISO : Norunn Palma Brekke
Revisor ; Marit Aasen
Past president : Jenny Godø Vatne
Alle blei valde ved akklamasjon.
Innkomande Distriktspresident Kari Juel Rogne, informerte frå møter og distriktsstyre og om evt. endringar i opplegget for DÅM.
Ho sa også at evt. stønad til å delta på årsmøtet for andre enn delegatane, blir ordna ved at klubben får pengar og kan fordele innad i klubben til dei som er interesserte.
Ingunn hadde « 3 min» og fortalde om reiseminne til Berlin og opplevingane rundt Holocaust.
Det var ein lite behageleg følelse å vere der ,sa Ingunn
Sekretæren tek kontakt med medlemane som ikkje var på møtet og leverer ut rosesalsliste, eldrefestinfo og orienterer om Joakim Rønneberg-kvelden saman med Rotary.
Ein innhaldsrik og grei kveld blei avslutta med ein fellessong.
Eli Berit Strande
-sekretær –
Halvårsrapport Ørsta IW-klubb hausten 2013.
Vi har hatt 4 medlemsmøter dette haustsemesteret. Styret har vore samla ein gong og har handsama 7 saker.
September.
Frammøte 22 medl.
President Jenny Vatne ønskte velkomne til nytt semester og hadde ein del info om viktige datoar og hendingar framover.
Marit fekk orkide\ og gratulasjon i høve 70 årsdagen.
Kasserar Kjellfrid la fram eit greit og oversiktleg rekneskap(som no føl klubbåret 1 juli – 30 juni)
Sekretær Eli Berit delte ut blåboka og ny «foldar». Det blei også oppmoda om å gjere seg kjende i blåboka og ho hadde ein del spørsmål som medl. måtte finne svar på i boka.
13 stk (inkl Rotaryanarar ) besøkte vennskapsklubben vår i Ljungby i Sverge i august -13
På dette møtet fortalde dei som var med frå denne turen, som var svært vellukka. Reportasje om turen og bilde av «gjengen» har stått i IW-bladet nr 2 2013 og på heimesida til klubben.
Oktober.
Frammøte 18 medl.
Pres Jenny starta kvelden med å gi tonen til vår faste pianist Berit. Ho gav oss ei fin opning på kvelden ved å spele nokre melodiar på pianoet.
Hovudgjesten var Petra Tverrberg. Ho fortalde om sjølvopplevde hendingar i samband med hjelpesendingar til Ukraina. Der er stor naud og stor glede over det som blir motteke, og ho har sjølv sett kor det nyttar. Det er sjølvsagt store språkvanskar, men dei har lokale kontakter som tolk og hjelp til formidling av hjelpesendingane. Dei som bur der, veit kvar nauda er størst.
Petra har vore der fleire gongar (SI-reiser) og ho planlegg å vere med på fleire turar.
Sigrid fekk orkide\ og gratulasjon i høve 70 årsdagen.
Åsta hadde «3 min» der ho som fersk pensjonist reflekterte litt om alder. Eit liv er ei vandring i ukjent terreng.
ISO Norunn refererte frå ISO/DISO-treffet og las brev frå Ljungby vennskapsklubb.
PresJenny las månadsbrev frå distr. Pres Solveig Kristoffersen og frå Liv Skudal i valkommiteen.
ISO i Ålesund IW har teke kontakt for å vurdere sammøte mellom klubbane på søre (intercitygr) om å feire IW 90 års jubileum i lag. Klubben vår var stemt for dette og pres gir positiv tilbakemelding til Ålesund IW.
November.
Frammøte 21 medl.
Hovudposten denne kvelden var ved vår eigen medl. Eli Lannerholm. Ho fortalde engasjert og kunnskapsrikt om Tibet noko som har engasjert henne frå tidleg i ungdomsåra. Dalei Lahma var politisk og relgiøs leiar, men måtte røme til India i 1959 for å berge livet. Han var i Oslo Spektrum i 2000. Eli var der, og har også vore til Tibet og er medlem av «venner av Tibet» som samlar inn pengar til diverse prosjekt. Inntekta av loddsalet denne kvelden gjekk til «venner av Tibet»
Fistulaprosjektet blir avslutta ved nytt år, og Rådet oppmodar kvar klubb om å gi kr. 700.- Ørsta IW klubb bestemte å gi kr. 1000.- som sluttsending til dette førmålet.
Pres Jenny informerte om julebord saman med Rotary på Rekkedal 10 des -13 og om felles feiring av IW-dagen i Ålesund den 11 jan -14. Påmeldingslister blei sendt rundt på møtet, og sekr, tek kontakt med dei som ikkje var tilstades for info og evt, påmelding.
Liv Grete hadde «3min» der ho la fram tankar om det gode skuletilbodet som vi har i Norge med rett til 13 års skulegong.
Desember.
Frammøte 14 medl.
Også dette året hadde vi julemøte på Rekkedal gjestehus saman med Rotary.
Rotarypres Arnstein Nupen var festleiar.
Pinnekjøt og riskrem blei servert og smakte godt. Nokre julesongar blei sunge, elles var det loddsal og hyggeleg prat rundt festpynta bord.
Eli Berit Strande
Referat fra Inner Wheel møte i Ålesund på Waterfront Hotell, lørdag 11/1-14 kl. 12.00.
Dette var et fellesmøte mellom Ørsta, Volda, Ulsteinvik, Ålesund og Brattvåg i anledning av Inner Wheel dagen og Inner Wheel sitt 90 års jubileum i år.
Ålesund var teknisk arrangør av møtet, programpostene fordelt på de forskjellige klubbene.
Det var 49 medlemmer til stede, fordelt på Ørsta 15, Volda 13, Ulsteinvik 5, Ålesund 9 og Brattvåg 5.
President Mette Willoughby i Ålesund ønska oss velkommen til møtet og leste hilsen fra Solveig Kristoffersen (DP), Sissel Høihjelle Michelsen og Helene M. Torkildsen (RP).
Deretter hadde vi lysseremoni i regi av Ålesund. Vi avslutta med sangen ”Tenn lys”.
Vi gikk så over til programmet og Liv Skudal (Ålesund) hadde en fin gjennomgang av historikken til IW. Den første klubben ble stifta i Manchester 10/1-24 med Margarette Golding som president og klubben hadde 24 medlemmer. Den første klubben utenfor Storbritannia ble stifta i Bergen 15/3-35. Pr. 30. juni 2013 er IW representert i 103 land og har ca. 100.000 medlemmer.
Dagens hovedpost var Volda ansvarlig for. Cecilie Wilhelmsen hadde skrevet manuskriptet som ble lest av Else-Marie Holsvik. Tema var internasjonal forståelse i et kvinneperspektiv.
Bli kjent med andre, vær åpen og raus mot de du møter, føl deg som en verdensborger. Vi kan være norsk, tysk etc., men vi er alle mennesker og ingen nasjon skal føle seg bedre enn andre. Verdensbanken har i en undersøkelse spurt hva kvinner ønsker mest, og svaret var: Gi oss en stemme. Ved å støtte kvinner hjelper vi hele familien og samfunnet.
Etter hovedposten var det nydelig lunsj.
Etter pausen var det loddsalg v/ISOene. Hver klubb hadde med 3 gevinster, og overskuddet går til Fistula-prosjektet. Dette ble kr. 7.378,-.
Blant deltagerne hadde vi representanter både fra Råd og Distriktsstyret, og disse ble presentert av Kari Mette Abusland (Ålesund).
3-min var ved Ørsta, ISO Norunn, leste dette. Her fikk vi mange gode råd om å ta vare på både gamle og nye medlemmer. Det er viktig å ta godt vare på observatørene, gi ros, anerkjenning, være aktiv lytter, være åpen for endringer og ha respekt for hverandre.
Ulsteinvik har vært flinke til å få med yngre medlemmer. ISO Berit leste et skriv om hvordan vi kan få til dette. Ha det trivelig sammen, sosialt arbeid, bedriftsbesøk, gode foredrag, direkte kontakt med potensielle medlemmer. Ellers er det viktig med spredning i alder og yrkesbak- grunn da alle har noe å bidra med.
Til slutt var det lodd-trekning og avslutning av møtet ved Ålesund sin president Mette.
Tusen takk til alle som bidro til et veldig hyggelig møte.
Referent: Wencke Uri Marken, Brattvåg IW
President Jenny ønskte dei 18 frammøtte medlemane velkomne til oktobermøtet, og etter samlesongen, fekk vi lyttte til nydeleg pianomusikk ved vår trufaste pianist Berit. Eli Berit las dikt mellom musikkstykka.
«Ei fin opning» , sa hovudgjesten vår Petra Tverrberg, som så fekk ordet. Ho fortalde om sjølvopplevde hendingar med hjelpesendingar til Ukraina.
Vi spør oss ofte om hjelpa virkeleg kjem fram, og ho kunne fortelje om «reisa» til dei hjelpesendingane ho hadde vore med på. Tre gongar har ho vore med – men det blir ikkje den siste (om helsa held) —
Det er stor naud, og stor glede over det som blir motteke og ho har sjølv sett kor det nyttar.
Det er SI-reiser som har stått bak desse turane.Reiseleiar Kurt Andre Henriksen si kone er frå ein av desse byane som dei har reist til. Byen heiter Khmelnitskiy. Med lokalkunnskap og manglande språkbarriere er ho ei viktig brikke for at dette kan bli vellukka. Det er elles store språkvanskar, dei snakkar ikkje engelsk, men medmenneskeleg kontakt merkast —. Petra fortalde om barneheim med sovesal der det låg 18 stk på rad tett i tett , men kanskje er det ei viss trygghet også å ha selskap med kvarandre. Ho skildra ein «heim» langt ute i einsemda for tilbakeståande menn. Det var eit dystert inntrykk som vitna om at dei slett ikkje hadde det godt. Der trengst det også «mannakle».
Ein lege som heiter Valentina (som er tante til fru Henriksen), er med på distribueeringa av hjelpesendingane. Ho kjenner til kven i distriktet som har størst naud.
Petra fortalde også at midt i fattigdomen , så er dei gavmilde, t.d dyrka dei valnøtter som dei fekk til «takk».
Ukraina – hjelpa har arrangert barneleir i Ukraina. Ein av borna kom til leiren med bagen full av Vodkaflasker. Det var det einaste han fann å ta med—. Der er stort alkoholmisbruk i landet. På leiren fekk guten slå ut vodkaen og fekk gitar istaden noko som viste seg at han hadde gode musikalske evner og lærde seg raskt å spele.
I butikkane er der vare å kjøpe, men befolkninga har ikkje pengar å kjøpe for. T.d ei jente som jobba på supermarked 12 timar pr dag . Ho tente kr. 50.-
Det er ikkje alltid like lett å kome over grrensa for tollarane er så forskjellige. Ho fortalde om ein gong dei blei ille ute. Tollarane gav dei tre valg: lempe ut halparten av sendinga, stå i trailerkø i 14 dagar eller betale 100 dollar( bestikkelse). Denne gongen valde dei alternativet med betaling for å kome vidare, men som regel går grenseovergangane greit.
Petra fekk rose for ei interressant og tankevekkande skildring av Ukrainahjelpa.
Sigrid fekk overrakt orkide`i samband med fylte 70 år.
Så var det kaffipause,prat og loddsal.
Åsta hadde « 3 « min. der ho som fersk pensjonist, reflekterte litt om alder. Eit liv er ei vandring i ukjent terreng —
ISO Norunn las brev frå svenske Anna i Ljungby der ho takka for besøket dei hadde frå Ørsta i august i år.
Vidare refererte Norunn frå ISO/DISO treffet. Denne gongen var alle distrikta samla og både Disoane og Riso var tilstades. Dette var vellukka og blir sikkert innført som ein tradisjon.
Der var ein del diskusjon om prosjekt, men det blei konkludert med at det var opp til kvar klubb kva prosjekt dei ville satse på. Norunn følte at det var ein del forvirring rundt dette
Den 29 august – 13 var det Intercitymøte i Brattvåg. Fire stk frå Ørsta deltok. Nordisk prosjekt blei også der diskutert og Grønnlandsprosjektet fekk flest stemmer. Meir info om dette på nettet:
www.fgb.dk
Presidenten las månadsbrev frå distriktspres. Solveig Kristoffersen.
Verdspresidenten sitt motto : «We for women» blir oversett til «kvinner kan»
Ho las også brev frå Liv Skudal som no er i valgkommiteen og vil ha kandidatar til
distriktskasserar og 2.distr.visepresident.
Pres. minte om at dei som ønskjer å delta på DÅM i Tromsø mars- 14 , kan søkje om tilskot til dette no. Det er dei som evt. vil delta utanom delegatane.
Frå ISO i Ålesund er det kome brev til klubbane i gruppe 3 D27 med spørsmål om vi skal «feire» IW sitt 90 års jubileum i lag. Det er Volda sin tur å innvitere Ørsta denne gongen, men dersom Volda ønskjer å delta i Ålesund, er det naturleg at spørsmålet blir reist til medlemane her om Ålesund er aktuelt .
Dei blei ein fin samtale/diskusjon om dette, og mange var interessert i å reise til Ålesund på lunsjmøte laurdag 11 januar-14
Presidenten tek vidare kontakt og orienterar om planlegginga.
Kvelden blei avslutta med hyggeleg prat og meiningsutveksling med gode historier, då vi ommøblerte litt i lokalet slilk at alle såg og høyrde alle—-
President Jenny kunne etter 3 timar takke for eit hyggeleg oktobermøte.
Eli Berit Strande
– sekr. –
Ørsta IW-klubb på tur til vennskapsklubb i Ljungby
I dagane 22-27 august- 13 , var 13 stk. Frå Ørsta IW og Ørsta Rotary-klubb på besøk til vennskapsklubben vår, Ljungby i Sverige.
Ned minibuss lånt av Sparebank 1, Steinar som dyktig sjåfør, og Berit som sjef og reiseleiar, var ramma lagt til ein vellukka tur.
Alle var klare til start frå Ørsta kl. 06.00 om morgonen i eit fint haustver.
Etter ein stopp på Kvam, la vi ut på nye mil mot Oslo. I 15.00 tida køyrde vi ombord i «danskebåten» DFDS Pearl sea ways, og kl. 15.30 la vi ut frå Oslo med retning København.
Vi handla, slappa av eller rett og slett berre naut utsikta frå båten fram til vi kunne gå til eit perfekt
dekka middagsbord som var ekstra arrangert for oss. Ei flott oppleving!
Kirsti feira 73 års dag, noko som vi også feira i baren seinare på kvelden med gåveoverrekkelse og Berit fekk orkesteret til å spele «Happy birthsday» til henne.
Etter ei roleg sjøreise og ein god frukost, køyrde vi ut frå København og 10.45 fredag morgon passerte vi Øresundbrua og var på svensk jord.
Til Ljungby kom vi i 14.00 tida, og då venta ein mottakskommite på oss med lunsj og velkomstord i Gæstgivergården.
President Linda Larson gav oss eit detaljert program for dagane i Ljungby og fortalde litt om huset vi var samla i som tidlegare hadde vore i mannen hennar Rolf sin familieeigedom, men som no var statleg eigd.
Sagomuseet ligg i same området, og dit blei vi vist til etter maten. Guiden der var makelaus i sin forteljarkunst. Ho gjorde eventyra levande for oss. Der var også eit skrukkete «trolltre», stikk ein spikar inn til tanna der du har tannverk, slå spikaren inn i treet, så blir du kvitt tannverken—.
Ljungbu tyder»byen i lyngen», men utan ei dame som heitte Martha Ljungberg fødd 1656, så hadde det neppe vore nokon Ljungby. Ho var ei dyktig og rik kvinne som gav stipend til ungdomar i området så tettstaden utvikla seg og blei by i 1936.
Etter Sagomuseet, var det «dags» å sjekke inn på Hotel Terraza eit triveleg hotell i sentrum.
Om kvelden blei mennene med på Rotary-møte, medan damene blei innviterte til middag heime hjå presidenten. Der hadde vi ein hyggeleg kveld med prat, mat, tale og gåveoverrekkelse. Vi hadde med lysestake laga av kjeramikar Rolf Vatn i Ørsta som takkegåve til vertinna.
Laurdag var det også fint sommarver , og etter frukost blei vi henta i privatbilar til nye opplevingar.
Cooee Design var første stopp. Der selde dei flotte smykke og diverse spennande interiør. Alt var laga av plastmateriale. Kunsten var m.a inspirert av aborginerkunst frå Australia.
Damene handla smykke ( mest armeband) medan mennene utruleg tolmodig venta på at kjøpelysta skulle ta slutt.
Vegen gjekk vidare til Værnamo som ligg 3 mil frå Ljungby. Vi køyrde på flotte beine vegar gjennom eit vakkert landskap med sjøar, vatn, fin bebyggelse og velstelte hus og gardar.
I Værnamo besøkte vi Bruno Mattson museet. Bruno Mattson var fødd i 1907 og døydde i 1988. Han blir rekna for å vere den mest betydningsfulle møbeldesignaren på 1900 talet. Han var framståande på fleire område både som snikkar, arkitekt, forretningsmann og filosof.
Bruno lærde folk å sitje rett og behageleg gjerne i ligge og kvilestolar av «limmat bøjtræ». Forma blei ofte bestemt ut frå sitjestillingar som kom når han sette seg i snøen.
Dette var svært interressant og fleire av møblane som var utstilte der, er like moderne og aktuelle i vår tid.
Etter denne vitjinga, gjekk vi til Apladalen park, ein idyllisk og fin park med mange store gamle eiketre. Her vart det «piknik» med handbroderte dukar på borda og spennande tunnbrød med kylling, salat og dressing, og kaffi og kake til slutt. Vi kosa oss i det flotte sommarveret og praten gjekk livleg.
På heimveg besøkte vi Dørarps kyrkje, ei steinkyrkje frå 1200 talet. Denne kyrkja kan minne litt om Giske gamle kyrkje frå omlag same tidsepoke. Eit høgdepunkt vart det då Einar gjekk fram i koret og stemde i med « Den fyrste son eg høyra fekk»
Denne dagen skulle avsluttast med grillkveld i sommarstugua hjå Lena Engvall og mannen hennar Lennart. Her blei vi møtt med kanapear og velkomstdrink ute på den fantastiske eigedomen deira ved sjøen. Her budde dei store deler av sommaren noko det bar preg av for har var virkeleg flott og velstelt. Det blei servert grillmat og kaffimat før vi litt før midnatt blei køyrt heim att til hotellet og vi kunne nyte måneskin på vegen.
Vertsfolket fekk overrakt same gåva som tidlegare vertinne nemleg lysestake frå R. Vatn
Planen for søndag var besøk til Huseby gård.
Historia til Huseby går tilbake til 1600 talet og det har vore drive jernverk,jordbruk og skogbruk der. Herregården blei bygd kring 1840 åra og har hatt fleire eigarar. Den siste eigaren Florence Stephens som døydde i 1979, testamenterte eigedomen til den svenske stat.
Kongehuset hadde god kontakt med Huseby gård og foreldra til vår kronprinsesse Martha, prinsesse Ingeborg og prins Carl, var gjester på Huseby.
Guiden som tok oss med frå rom til rom, hadde mykje interessant å fortelje om både om interiør og om folk som hadde budd der. Ogå i dag er der aktivitet. Det går an for « vanlege folk « å tinge plass der til selskap om det er noko dei vil feire.
Til godset høyrde ca 20 husmannsplassar og ei ung jente som fekk barn, blei vald som amme på herregården. Ho vart verande på herregården for å ta seg av ( og amme) dei 3 søstrene Stephens og vart etter kvart som eit medlem av familien.
Stallen er i dag restaurant, og etter omvisninga var det lunsj i stallen.
Kvart år i november er der julemesse på Huseby som er ei av dei største i Norden.
Vi rakk enda eit kjapt kyrkjebesøk på veg tilbake. Vi merka oss at på gravplassen stod gravsteinane rygg mot rygg. Slik vart det plass til fleire namn på ein familiegravstad.
Den siste kvelden saman med vertsfolket vårt, var vi heime hjå Britt og Bengt Lunden Johanson.
Heimen deira blei etter kvart fylt opp med 36 kvinner og menn. Vi fekk servert «hyttsill». Deet var varme sildefilear, potetsalat, men også sterk grov korv. Til dessert ostekake med jordgubbe og grædde. Drikke var vatn, vin,minneralvatn og kaffi.
Det var god stemning, song og musikk. Einar song solo , men også duett med Steinar. Elles var det
samsong med svenske og norske songar og Berit sat ved pianoet.
Det var helsingar og lysestake til vertsfolket.
Gryndaren Eldbjørg fortalde litt om korleis det heile starta med at Ljungby IW vart Ørsta IW sin vennskapsklubb. Ho fortalde også om korleis ho og svenske Birgitta «fann kvarandre» gjennom brevskriving og som førte til dette med vennskapsklubbar. Frå klubben i Ørsta , overrakte ho kr. 1000.- svenske kroner til Ljungby- klubben.
Vi tok farvell med dei fleste denne kvelden, men både Birgitta og Iris kom til hotellet mandag morgon for å ta farvell.
Då hadde dei med ferske aviser til oss der klubb-besøket var omtala og der var bilde i avisa.
På heimturen tok vi ferge Helsingborg/Helsingør. Og det blei ein fin køyretur langs med kysten.
Danskebåten med nye opplevingar om bord, førte oss til Oslo tidleg tirsdag morgon.
Så var det å ta fatt på siste etappe på heimveg. Det fine og varme veret kunne vi fortsatt glede oss over.
Vi var ein gjeng med godt vaksne folk, og det var nok «vondtar» både her og der, men hummøret skorta det ikkje på.
Heldigvis kom vi oss heim før blindtarmen sprakk for ein aaav deltakarane. Då var det godt å få kome til kyndig operasjonshjelp på sjukehuset i Volda.
Vi takkar ekteparet Berit og Steinar Hatlestad for ei trygg og «sytalaus « reise.
Vi takkar vennane våre i Ljungby som tok så godt imot oss og gav oss mange rike minner.
Vi takkar kvarandre for eit fantastisk felleskap og eit suverent «i hopehav» på denne turen.
Minna vil vi bere med oss vidare.
Referat frå medlemsmøte 04.09.13
22 medlemmer kom til første møtet i haustsemesteret.
President Jenny Godø Vatne ønskte alle vel møtt og vi song «samlesong» med Berit ved pianoet.
Presidenten hadde ein del informasjon mellom anna datoar for:
- Intercitymøte i Brattvåg 29. september. Påmeldingsliste blei sendt rundt.
- ISO/DISO- treff på Gardermoen 06.-07. september. ISO Norunn deltek der.
- Solrun Sætre er ny distriktsredaktør, og ho fekk «redaktørnål» av vise distr. Pres Kari.
- Distriktsårsmøte blir i Tromsø 28-30 mars -14. Presidenten minte om at det er lov å søkje tilskot for å delta på dette møte for andre enn delegatane. Søknadsfrist er 5. januar-14.
Sekretær Eli Berit delte ut Blåboka, pluss halvårsrapporten og “faldaren“, og hadde i den samanheng ein del spørsmål som medlemmene skulle finne svar på ut frå Blåboka. Ho oppmoda om å bruke boka. Ein finn mykje nyttig informasjon der.
Marit Aasen fekk overrekt orkidè og gratulasjon i høve 70 års dagen hennar.
Kasserar Kjellfrid la fram rekneskapen som no følgjer klubbåret frå 1. juli til 30. juni. Det var eit oversiktleg og greit rekneskap. Marit Aasen hadde revidert det.
13 medlemmer (inkl. rotaryanarar) besøkte Ljungby som er vennskapsklubben vår i sør Sverige, i slutten av august. Det var ein svært vellukka tur og på møtet refererte deltakarane frå turen.
Sjølve turen blir også forsøkt referert i Inner Wheel bladet og på heimesida vår.
Ved avreise fekk klubben i Ljungby overrekt kr. 1000.- svenske kroner frå Ørsta Inner Wheel klubb.
Dette blei gjort ved «gryndaren» Eldbjørg, som samtidig fortalde litt om korleis ho fekk i stand
at Ljungby blei vår venskapsklubb.
Styret var vertinner for kvelden.
Eli Berit Strande -sekr –
Halvårsrapport våren 2013
Vi har hatt 5 medlemsmøte dette vårsemesteret og frammøtet har vore slik: 21-20-19-15 22.
Januar
Det har etter kvart vorte tradisjon å starte i januar med fellesmøte med Volda IW-klubb. Denne gongen var det Ørsta som arrangerte, og vi var ca 40 samla på Ørsta vidaregåande skule.
Hovudposten denne kvelden var ved Betty Søvik som er tilsett i 50% stilling som diakon i Ørsta. Ho er frå Namibia, men gift med ein mann frå Ørsta. Ho fortalde om oppvekst og fattige kår i Namibia, og kva det betyr å få utdanning spesielt for jenter.
Inntekta av loddsalet gjekk til Misjonselskapet sitt prosjekt i Bankok, til ein barneheim som blir driven der.
Februar
Dette var første medlemsmøtet i sanitetslokalet på Bakk-Ola-marka , som er det nye møtelokalet vårt. Leiar i Ørsta sanitetslag Turid Åmbakk, orienterte om arbeidet som dei driv og gav eit historisk tilbakeblikk sidan skipingsmøte i 1940. Dette var emne som engasjerte, for fleire IW-damer kunne fortelje om tiltak i sanitetsgregi som dei hadde vore med på.
Så var det årsmøtesaker og val
Det er tidlegare bestemt at rekneskapet skal følgje klubbåret, så ikkje noko rekneskap blei lagt fram på dette årsmøtet.
Mars
Det var ikkje vanleg medlemsmøte denne mnd, men vi var likevel godt engasjerte:
Distriktsårsmøte i Ålesund 8.-10. mars
Eldrefest arrangert saman med Rotary 12.mars
Rosesal 16. mars
April
Vi hadde ingen inviterte gjester på aprilmøtet, men det var fullt program heile kvelden med mykje informasjon.
President Sigrun hadde eit fyldig referat frå distriktsårsmøtet.
Kari fortalde engasjert om ein tur til Tyrkia i februar d.å.
Marit hadde «3 min», der ho skildra ein tur til New York i november i fjor.
Det vart eit triveleg møte som president Sigrun losa oss vel gjennom.
Mai
Eit nydeleg vårver med 20 varmegrader og sprettande bjørkelauv, danna ramma kring utflukta vår den 8. mai. Vi var 15 medlemmer som tok turen, via Kvivsvegen til Grodås.
Første stopp var Anders Svor-museumet med god guiding av Fritjof Urdal.
Etter denne interessante synfaringa, reiste vi til Raftevoll hotell der vi fekk servert laksesmørbrød, kaffi og eplekake.
Etter ein del orienteringssaker og god og hyggeleg prat rundt borda, drog vi heim att med gode minner om ein vellukka og triveleg vårtur.
Juni
Sommarfesten som markerer avslutninga på IW-året, vart også i år feira saman med Rotary.
Vi var ca 40 stk samla på Rjånes Ungdomssenter.
Turid Karlsbakk blei teken opp som nytt medlem i Ørsta IW – klubb.
Hovudposten denne kvelden var ved Ragna Riise. Det var gripande å høyre henne fortelje om
Riise-ulukka i februar 1968. Ho viste også filmen som er laga om denne ulukka, der fleire av dei involverte blei interjuva.
Ragna (86) fekk rose og takk for at ho delte opplevinga og tankar med oss.
Kaffi, smørbrød og kaker blei servert medan praten gjekk livleg rundt om ved borda og loddsalet gjekk unna.
Vi fekk inn kr. 7490.- Dette blir sendt til prosjektet vårt «Svalene», ein jenteskule i Peru.
«3min» var ved Solrun, som fortalde om arbeidsplassen sin som er Ørsta vid. Skule, der ho er ass. rektor. Før president Sigrun takka forsamlinga for ein kjekk kveld i lag,var det det høgtidlege president/styreskifte.
Det har vore 1 styremøte dette vårsemesteret, der 7 saker vart handsama.
Vi er framleis 30 medlemmer i klubben. Eitt medlem har meldt seg ut grunna flytting til annan del av landet og eitt nytt medlem er teke opp i klubben.
Dei som har hatt «runde dagar» har fått gratulasjonsmarkering med orkide.
Eli Berit Strande
-sekretær –
___________________
Referat frå sommarfesten 04.06.13 saman med Rotary.
Også dette året inviterte Ørsta Inner Wheel til sommarfest på Rjånes Ungdomssenter.
Då president Sigrun ønskte velkomen, var 22 IW medlemar frammøtte, og saman med Rotary var vi vel 40 personar samla.
Til opning song vi ”Du skal ikkje sova bort sumarnatta—“ og Berit spela piano til songen.
Så var det lyssermoni og opptak av Turid Karlsbakk som nytt medlem i ØIW-klubb.
Hovudposten denne kvelden var ved Ragna Riise.
Ho fortalde om Riise-ulukka og snøfonna som gjekk den18 februar 1968 kl 01.30 om natta.Der budde på den tid 20 personar på Riisegardane og 17 av 20 hus blei heilt knuste i raset.
Ragna fortalde gripande om denne hendinga der ho sjølv blei begravd i snøen og kunne ikkje røre ein finger i dei ca 2 timane ho låg under snøen.
Ho kunne høyre barnegråt som etter kvart stilna. Det var yngste sonen, Ivar som omkom i raset.
Ekteparet Tostein og Hjørdis Årset omkom også.
Knut Riise som då var 20 år, klarte på ein mirakuløs måte å kome seg fram i dei svære snømassene og hente hjelp frå Sæbø. Han fekk slått inn brannsirena og både lege og leitemannskap kom til etter kvart. Ragna trur at det var Knut å takke at der ikkje gjekk til fleire liv.
I eit hus der 3 søsken budde, var både folk og hus uskadde. Denne heimen blei brukt som samlingsstad etter kvart som folk blei grevne fram. Også sonen Aril blei hardt skadd, men dr. Ljones klarte å berge han. Dottera til Ragna blei også skada,men eldste guten unngjekk ulukka, då han ikkje var heime.
Ragna viste filmen som er laga om denne ulukka. Det var rørande å sjå og høyre. «Ein kjem styrka ut av noko så fælt», sa Knut avslutningsvis i filmen.
Ragna fekk rose og stor takk for at ho delte opplevingar og tankar med oss.
Matpausen var lang og god og loddsalet gjekk unna med Kjellfrid, Solrun og Marit som loddseljarar. Mange fine gevinstar blei fordelte. I alt kom det inn kr. 7490.- som blir sendt til prosjektet vårt, «Svalene», ein pikeskole i Peru.
Pres. Sigrun las brev frå distr.pres Liv Skudal. 25 nye medlemar er teke opp i D 27 dette året , men 2 klubbar har gått inn. Liv Levin frå Kobbervik blir ny redaktør, og Britt Indresøvde blir viserådspresident.
Steinar Hatlestad fekk overrekt vinflaske som takk for sjåfør-jobb på turen vår i mai.
ISO Berit la fram prosjektforslag frå Finnland, Dannmark og det Norske der klubben frå Fauske hadde eit godt utarbeidt forslag . Dette stemte vi for. Det var barneheimen «Egipatsko selo» i Bosnia Herzegovina i byen Moster. Denne heimen er for foreldrelause born og born med nedsett funksjonsevne. Der er plass til 50 born i alderen 5-22 år. Der er 12 tilsette. Her trengst støtte, men dei sjølve prøver også å skafffe midlar t.d. starte frisørsalong, bruktkle butikk, helsestudio.m.m
14 stk har meldt seg på turen til Ljungby.
«3 min» hadde Solrun og ho fortalde om arbeidsplassen sin, som er Ørsta vidaregåande skule, der ho er ass. rektor. Der er 80 tilsette , 60 er pedagogar. Elevtalet er 310, derav 10 % med minoritetsbakgrunn. Skulen har fått godt renomè og der er liten strykprosent. Der er også intensiv-kurs om sommaren.
Før president Sigrun takka forsamlinga for ein kjekk kveld i lag, var det det høgtidlege president/styre skifte. Dei som gjekk ut av styret, blei takka med ei rose, og dei nye blei ønskt velkomne inn.
President Sigrun overlet presidentkjedet til Jenny, som er den nye presidenten i 2013/2014.
Sigrun har gjort ein glimrande presidentjobb dette IW-året og ho blei takka med gode ord og rose.
Til slutt ønskte vi kvarandre ein god og innhaldsrik sommar.
Klubbtur 8. mai 2013
Eit nydeleg vårver med over 20 varmegrader og sprettande bjørkelauv danna ramma kring utflukta vår. Vi var 15 IW som hadde meldt
oss på, og Steinar stod klar med Sparebankbussen kl. 18.00
Turen gjekk via Kvivsvegen til Hornindal.
Første stopp var på Anders Svor museet. President Sigrun hadde ordna tid og bestilt guide.
Guiden heitte Fritjof Urdal og kom frå Førde til dette oppdraget. Han er tilsett i Sogn og Fjordane kunstmuseum. Han var ein fargerik person som underheldt og informerte oss i ca 1 time.
Anders Svor var bondegut fødd 14 desember 1864 på garden Svor i Hornindal. Alt som gut viste han uvanlege evner i treskjering, noko som skulle verte starten på kunstnarlivet hans. 17 år gammal reiste han til Kristiania,der han tok til som treskjerar ved brødrene Hals sin pianofabrikk.Seinare vart han elev ved Den Kgl.Tegneskole. 21 år gammal drog han til København, der han vart elev ved Københavns Kunstakademi. Sitt gjennombrot som bilethoggar fekk han under den internasjonale kunstutstillinga i Berlin i 1891 der han fekk gullmedalje.
Seinare deltok han under fleire kunstutstillingar i Kristiania, vidare i København, Paris og Chicago. I 1891 sigra han i konkurransen om Tordenskjoldmonumentet i Noregs hovudstad.
Men han fekk ikkje utføringa av denne ,noko som vart eit hardet slag for den unge kunstnaren. Anders Svor budde ei tid i Paris, men slo seg ned i Kristiania, der han hadde atelieret og bustaden sin. Han levde einsam og døydde 2 mai 1929. Han er gravlagd på Hornindal kyrkjegard.
I 1953 vart Anders Svor Museum opna i Hornindal. Her er dei fleste av arbeida hans samla i alt 450.
Anders Svor sin kunst er kjenneteikna av det enkle, reine og rotekte. Arbeida hans har ei naturalistisk form, ofte med eit romantisk drag.
1 1992 vart museet utvida og skulptursamlinga fekk betre utstillingsrom.
Vi kunne sjå skulpturar av B. Bjørnson, F. Nansen, O. Bull, KM Falsen, R. Amundsen, S. Foyn,
K. Mikkelsen, P. Wessel, E. Munch osv, ofte med «artibuttar» som viste kva dei var kjent for.
Han arbeidde svært mange år med H. Ibsen og hans verk.
Dei fleste av arbeida hans er støypt i bronse etter at dei blei flytta til museet på Grodås.
Nokre av Anders Svor sine arbeid er plassert kring om i landet. Her kan nemnast: Oslo, Moss, Trondheim, Porsgrunn, Horten, Tønsberg og Bergen.
Etter denne interessante synfaringa, reiste vi til Raftevoll hotell der vi fekk servert laksesmørbrød, kaffi og eplekake.
President Sigrun hadde ein del orienteringssaker og minna bl.a om vårfesten på Rjånes den 4 juni
kl 19.00. Alle medlemane tek med mat, kaffi, gevinst kopp og asjett og sjølvsagt loddpengar–
ISO Berit las brev frå DISO, og orienterte vidare om Ljungbyturen. 12 stk er påmelde.
Det ser ut til å ordne seg med buss, og Steinar har lova å vere sjåfør.
Berit kallar inn reisegjengen til planleggingsmøte.
Rosesalget gav dessverre ikkje det overskotet som vi hadde rekna med. Vi måtte betale kr. 6600.- for rosene, men kr. 6000.- blei sendt til narkotikahundprosjeketet.
Steinar fekk ros og takkord for fin køyring.
Dette var ei veldig vellukka og triveleg utflukt!!! Det meinte alle som var med på turen.
Referat frå møte 3.april
19 medlemar møtte denne kvelden.
Til opning song vi «Alle fugler» , og Berit akkopagnerte på piano.
President Sigrun starta med å fortelje frå «Ryst sammen» 8 mars og DÅM 9-10 mars 2013.
Tidlegare IIW president Erna Fandal var innvitert der, og ho blei utnemnt til æresmedlem, noko som ho sette stor pris på.
Av referatet kan elles nemnast at auking av medlemskontingent blei ikkje vedteke.
– Solrun Sætre Ørsta IW blei utnemnt til distriktsredaktør. Funksjonstid 3 år.
– Km godtgjerdsle blei vedtatt auka frå kr. 2.50 – 3.50 pr. Km
– Handlingsplanen skal « gå « i alle høve 2 år til.
– Britt Indresøvde Volda IW stiller som kandidat til viserådspresident
– Vatne /Tennfjord og Trondheim Lade IW-klubbar blir begge lagt ned frå 30/6-2013
– Det skal vidare jobbasst med retningsliner for fadderskap og ivaretaking av observatørar.
– Oppmoding til alle klubbane om å søkje tilskot til å delta på DÅM.
– Frode Tafjord frå Cammillastiftelsen takka for kr. 30 000.- frå DÅM
– ISO/Diso møte blir 6-8 september på Gardermoen.
– Solveig Kristoffersen blir neste distriktspresident
– Neste års DÅM blir 29-30 mars i Tromsø.
President Sigrun gav ros til eit vel gjennomført årsmøte.
Mange av medlemane våre reiser mykje, og på dette møtet fekk vi reiseskildring frå Kari Rogne som hadde vore i Tyrkia i februar i år. Ho gav eit interessant og detaljert bilde av opplevingar frå turen, og då spesielt frå besøket til Kappadokia (1000-1200 o.h) dette er eit gammalt vulkanutbrot og blir også kalla Lilleasia.17 e kr blei dette ein provins i Romerrike.
Der er mykje historie knytta til området der,og ho hadde mykje å fortelje om kyrkjer bygd i fjellet, om moskear om folkeliv og tradisjonar, om tyrkisk bad i Gøreme, om underjordisk by, om kvinner som lagar dukker og knyter teppe o.s.v
Under kaffipausen fekk Eldbjørg Lefdal overrekt orkide og gratualsjonshelsing. Ho fylte 80 år 14. mars -13.
ISO Berit orienterte om reisemåtar til Ljungby i august d.å.Siste frist for påmelding er den 17 april. Dei som då er «reiseklare», blir kalla saman til drøfting/informasjonsmøte.
Ho las også brev frå Diso Mona.
Riso deltek på ISO/DISO-treffet på Gardermoen.
Rosesalet gjekk fint. Det kom inn kr. 12 821. Rekning frå blomsterhandlar er ikkje kome, men nettoresultatet blir sendt til narkotikahundprosjektet.
Mai-møtet blir utflukt til Horningdal. Først på Svor museet og sidan til Raftevoll hotell til kaffi og mat. Det blir arrangert felleskøyring. Oppmøte på Sparebanken 8. mai -13 kl. 18.00
Eldrefesten var vellukka. Ca 160 møtte og frå ØIW var der 19 medlemar. Overskotet frå festen blir delt mellom dei to klubbane.
Marit hadde 3 min. og fortalde frå ein tur til New York i november 2012.
Kjellfrid delte ut brev frå Svalene.
Sjølv om vi ikkje hadde inviterte gjester, var det fullt program heile kvelden med mykje informasjon. Alt i alt eit triveleg møte som presidenten losa oss vel gjennom.
Referat frå årsmøte 6 februar 2013.
19 medlemmer og 1 observatør møtte denne kvelden.
Møtet vart halde i det nye lokalet vårt som er Sanitetslokalet på Bakk-Ola marka. Det gamle
møtelokalet vårt i Nordeabanken, kan vi ikkje nytte lenger då huset er selt og det blir anna bruk av bygninga.
President Sigrun ønskte alle vel møtt før vi song Samlesongen.
Formann i Ørsta Sanitetslag Turid Åmbakk, var invitert til å fortelje litt om det arbeidet som sanitetslaget driv. Dei har mange lokale og nasjonale tiltak som dei støttar både med pengar og med diverse tilstellingar. Pengane får dei ved salg av fastelavensris, basarar o.s.v
Skipingsmøte var i 1940, og der var då 640 skrivne medlemar. Både under krigen og i ettertida har dei hatt mange oppdrag som viser at: »Saniteten går føre», og så kjem gjerne det offentlege på bana etter kvart.
Utdeling av tran, folketannrøkt til alle skuleborn, « svenskesuppe», enkeltmannspakkar, førstehjelpskurs, folkebadet,sengklede og handklede til Finnlandshjelpa, helsestasjon for born,utlån av sjukekorg (båre).støtte til lokale helsefremjande tiltak. Dette var noko av dei tiltaka som blei nemnt.
Turid hadde med ein handskriven protokoll frå den første tida, og der var mykje informasjon om kva «fruene» engasjerte seg i og fekk utretta. Denne protokollen vil Turid få avskriven, slik at den kan bli tilgjengeleg opplysning for fleire.
Sanitetslokalet blei kjøpt då Bakk-Ola marka blei bygd.
Fleire av IW-medlemane kunne fortelje om hjelpetiltak som Saniteten stod for, men som dei hadde vore med på.Dette var tydeleg eit emne som engasjerte.
Etter matpausen var det valg.
Pastpast president Åshild Taklo la fram valgkommiteen sitt forslag til nytt styre.
Alle kandidatane var spurde på førehand. Alle styremedlemane blei valde med akklamasjon.
Det nye styret 2013/2014 blir då:
President : Jenny Godø Vatne
Visepresident : Eli Øvstegård Lannerholm
Kasserer : Kjellfrid Osdal
Sekretær : Eli Berit Strande
ISO : Norunn Palma Brekke
Styremedlem : Kirsti Vinjevoll
Past president : Sigrun Myklebust
Revisor : Marit Aasen
Det er tidlegare bestemt at rekneskapet skal følgje klubbåret, så ingen rekneskap blei lagt fram på årsmøtet.
Halvårsrapporten blei utdelt til alle.
President Sigrun las brev frå distr pres Liv Skudal og IIW pres Carole Young.
Det var også informasjon om Nordisk Rally i Sverge september 2013.
Ho minna også om innbydinga til vennskapsklubben i Ljungby i august 2013.
Fistulaprosjektet er igang igjen og jordmødrene er på plass.
Det var orientering om eldrefesten som blir arrangert saman med Rotary den 12 mars 2013 kl. 18.00 på samfunnshuset i Ørsta. Medlemane tek med bløtkake og ei kanne kaffi.
Dei frå Bondalen som treng skyss til festen, kan henvende seg til Ragna Riise, så vil ho samordne skyss.
Vidare vart det orientert om rosesalget som er den 16 mars 2013. ISO Berit hadde laga liste for salget og desse blei delt ut. Styret kjem saman fredag 15 mars for å klargjere rosene for salg.
Det er 11 stk frå Ørsta IW som har meldt seg på festen til Volda IW sitt 25 års jubileum den 8/2-13
President Sigrun orienterte litt om saker til DÅM (distriktsårsmøte) i Ålesund 8-10 mars 2013
Der er m.a forslag om auke av kontingenten og forslag om auke av km godtgjerdsle
frå kr. 2.50 til kr. 3.50 pr. km for bruk av bil.
« 3 min.» innslaget gjekk ut p.g.a sjukdom.
Det såg ut til at medlemane hyggja seg godt i det nye lokalet. Der er heimekoseleg og med gode
sofaer å sitje i.
Eit medlem sa at «dette er nett som i gamle dagar, då vi hadde møta i heimane våre»
President Sigrun takka for samværet , og minna til slutt om alle «gjeremåla» i mars månad.
I fleire år har vi hatt sammøte med Volda IW-klubb i samband med den internasjonale IW-dagen. (10januar). Slik blei det i år også, og det var Ørsta IW som inviterte Volda IW.
Vi hadde møtet på Ørsta vid. skule («Husmorskulen»)
Vel 40 personar var samla der til ein triveleg kveld.
Etter velkomsthelsing ved pres. Sigrun, var det lyssermoni. Ei høgtidleg opning der forsamlinga reiste seg og song: «Tenn lys»
Hovudposten var ved Betty Søvik. Ho er frå Namibia, men har gifta seg med ein mann frå Ørsta. Dei har vore busette i fleire land. Betty fortalde om oppvekst i fattige kår i Namibia, og kva det betyr å få utdanning, spesielt for jenter. Ho sa at ho hadde vore heldig som var godt utdanna og ho takka Gud for leiing gjennom livet.
Ho er no tilsett i 50 % stilling som Diakon i Ørsta.
Vi hadde invitert pressa og journalist Ingvild Runde dekka dette med ei heil side reportasje og bilde i lokalavisa «Møre-Nytt».
Sekr. har også sendt reportasje om dette til distr. redaktøren B. Kirkpatrick
Kopi blir også limt inn i møtejournalen.
Inntekta av loddsalet denne kvelden, gjekk til misjonsselskapet sitt prosjekt i Bankok i Thailand
til ein barneheim som blir dreven der for born frå 6 mnd til 3 år. (40 born tilsaman)
Praten gjekk livleg rundt borda, og vi fekk tid til ein god matpause med smørbrød og kaker.
ISO Berit var pianist til allsongane, og president i Volda Else Mari Holsvik hadde «3 minutt» Ho tok fram diverse hjelpeorganisasjonar som t.d SOS-barnebyer og minte om at det som for oss er små givarsummar, kan bety svært mykje for dei som tek imøt støtta.
Ein del orienteringssaker frå begge klubbane vart formidla.
Påmeldingsliste til «Ryst sammen» 8 mars i Ålesund og til jubileumsfest i Volda den 8 februar, blei sendt rundt.
Vi song til slutt «De nære ting», og president Sigrun takka for eit hyggeleg samvær.
Eli Berit Strande
-sekretær-
Julemøte 11. desember 2012.
Stad: Rekkedal Gjestehus.
Tilstades: Rotary medlemar og Inner Wheel medlemar m/ følge.
Det har etter kvart vorte ein tradisjon med felles julemøte noko som fungerar svært godt.
Etter oppmøte i «Løda» til gløgg, samlast vi i «Ny-stova» der det var pynta til fest.
Rotary-pres. Arnstein Nupen leia festen.
Vi fekk servert nydeleg julemat med pinnekjøt, riskrem og kaffi.
Vi song fleire julesongar og Berit Hatlestad spelte piano.
Matias Autrheim hadde juleandakt.
Inntekta av loddsalet gjekk til Rotary-prosjektet TRF som er Rotary foundation prosjekt David school i Sierra Lione.
ISO Berit las julehelsing frå IW sin venskapsklubb i Ljungby i Sverige, og fortalde at dei innviterar til gjenbesøk der i august 2013.
Praten gjekk livleg rundt borda og det var ingen tvil om at festlyden hadde det hyggeleg.
Festleiaren takka for ein triveleg kveld før vi ønskte kvarandre
GOD JUL og song saman «Deilig er jorden»
Frå IW var der 19 medlemar.
Eli Berit Strande
– sekretær-
Medlemsmøte 7.november 2012
Denne kvelden hadde vi medlemsmøtet vårt på Ørsta Kulturhus (kantina).
Vi var 19 stk. inkludert ein observatør(Turid Karlsbakk)
Det var visepresident Jenny Godø Vatne som leia møtet då pres Sigrun melde forfall (beinbrot)
Etter at vi hadde sunge oss saman med songen:» Vi tror vi tror på IW—», fekk kveldens
hovudgjest Reidun Åmbø, ordet.
Ho heldt eit svært interessant og engasjerande foredrag. I 45 minutt, fortalde ho om tida si ( 21 år)
med elevar frå ulike kulturar på Høgskulen i Volda. Ho har hatt elevar frå 91 ulike land.
Ho gav mange døme på «kor feil» mange ting kan bli i det fleirkulturelle samvær p.g.a at vi har ulike normer, ulike tolkningar og ulik betydning av kropps språket.
Ei vanleg høflegetsfrase med oss, kan vere direkte uhøfleg i andre kulturar.
Banke på døra t.d. ser vi på som høfleg, medan andre seier at det er berre tjuvar som bankar på for å finne ut om der er folk heime—
Ei risting på hovudet kan t.d bety «ja». Matskikkane er svært forskjellige og det er vanskeleg å
gjere rett.
Reidun fekk applaus, rose og ei velfortent takk for foredraget.
Visepres. Jenny las brev frå distr. Pres. Liv Skudal. Ho brenn ekstra for at arbeidet vårt også må dreie seg om hjelp til born og då spesielt hjelp til utdanning og helse.
Etter matpausen og loddsalg med trekking av blomstergevinstar, orienterte Eli Berit om møtelokalet vårt i framtida.
Vi får ikkje lenger ha møtelokalet vårt i Nordea banken. Banken skal flytte til andre lokaler og nye brukarar skal inn. Styret har jobba med saka og mange forslag har vorte vurderte. Hotellet har vore eit av forslaga og nokre av medlemane har hatt ønskje om det, men tilbodet vi fekk var å betale kr. 2000.- pr kveld ikkje fast lokale og mat i tillegg, Det gode tilbodet som Rotary har fått der, kunne ikkje gjevast til oss også. Heldigvis har vi fått ei god avtale med Sanitetslaget. Vi får leige lokalet som dei har på Bakk-Ola- Marka 2 etg og vi skal betale kr. 15.- pr person pr. møte.
Første møte der blir februarmøtet den 6/2-13
Kari orienterte om valg og oppmoda medlemane om å vere villege til å ta på seg verv, slik at det ikkje blir dei same personane som har verv heile tida.
Norunn hadde 3 min som handla om internasjonal kvinnesolidaritet og ho minna om at det er viktig å tenkje på det i kvardagen ikkje berre i «fest-taler»
ISO Berit informerte om FN`S kvinnekonvensjen som skal vere 4-8 mars 2013 og at det er høve til å søkje Focus reisestipend. Evt. interesserte kan ta kontakt med Berit
Ho fortalde vidare at på fellesmøtet med Volda IW den 9jan 2013 som skal vere på Ørsta v. skule (Husmorskulen), kjem Betty Søvik. Ho er frå Namibia og er nytilsett kateket i Ørsta
Før visepres. Jenny takk for samværet song vi «Vennesangen»
Medlemsmøte 3.oktober 2012
Etter at president Sigrun hadde ønskt dei 17 frammøtte medlemane velkomne, song vi»Hu hei kor er det vel friskt og lett opp på fjellet»
Kveldens hovudprogram var ved Turid Karlsbakk. Ho har nett gitt ut ei bok som ho har skrive om far sin, Jonas Karlsbakk, og tida før, under og etter Grønlandsopphaldet hans.
Far hennar var fødd i 1895 og han døydde i 1970, då var Turid 25 år gammal.
Boka har tittelen:»Gripen av Grønland». Ho fortel at ho blei ikkje riktig kjend med far sin medan han levde, men gjennom å lese dagbøkene som han skreiv, og å «få gå i fotefara hans» på Grønland, så har ho vorte kjend med ein fantastisk far.
Turid har to tvilling-halvsøstre frå faren sitt første ekteskap. Første kona døydde i barsel medan Jonas var vekke og dreiv fiske. Det var familien som tok seg av dei to småjentene.
I 1927 var desse jentene vorte 6 år gamle, og då drog Jonas til Gønland med båten «Hird» og eit mannskap. Fangstmålet var jakt på isbjørn og rev og det var skinnet av dyra som var ettertrakta og som skulle gi ei bra avkastning.
Dei levde nær alt, alltid på jakt, alltid på vakt.
Båten blei øydelagd og dei måtte overvintre på Grønland – på Eirik Raudes land. Dei mange historiene frå tida der blei skrive ned i dagbøkene.
I 1990 fekk Turid og halvsøstra Jona, vere med eventyraren Ragnar Torset m/fl til Gønland med båten «Havella».
Det var ein liten båt og mykje sjø og det var eit under at vi overlevde, sa ho.
Det var ei historisk oppleving der dei fann vraket av «Hird» og restar av fangsthyttene som
Jonas Karslbakk hadde bygd og budd i på Grønland.
«Ei fantastisk oppleving å vandre i spora til far 63 år etter», sa Turid.
Mange av medlemane kjøpte boka, og ho fekk rose og takk for eit svært interessant foredrag.
Jenny refererte frå Intercity-møte i Volda. Der var 6 medlemar frå Ørsta IW tilstades.
Norunn fortalde frå ISO/DISO treffet på Gardermoen 15 -16 sept.-12 ( Ho reiste i staden for ISO Berit).Ho refererte grunndig og fint og hadde hatt stort utbytte av å delta der. Ho bad oss vere meir bevisst på kva internasjonal forståing er ,og minte om å vidareføre dei prosjekta som er på gang.
ISO Berit las frå NMS`misjonsblad der Fistula-prosjektet var omtala og der var det gitt ros til «dyktige og engasjerte IW damer».
Ragnhild Ørstavik Øye fyller 80 år den 31 oktober -12 og ho fekk gratulasjonsorkide`frå klubben.
Ho er ei av dei mest trufaste til å delta på alle IW møta/arrangementa.
Eldbjørg hadde «3min.» der ho fekk forsamlinga engasjert i emnet som ho tok opp ;nemleg musikk/songval i radioen. Program og songar passar dårleg saman og det er alt for lite norsk tekst.
Ho har teke kontakt med programansvarleg, men fekk til svar at :»Det er lista frå Tyholt i Trondheim som bestemmer kva som skal sendast».
Kanskje kan dette takast opp vidare t.d med den nye kulturministeren?
På slutten av møtet, var det mange som delte ferieopplevingane sine. Mange av medlemane reiser mykje. Kanskje skulle vi vere flinkare til å bruke»eigne krefter» som programpostar på møta våre?
På neste medlemsmøte blir Reidun Åmbø med og fortel om arbeidet med utanlandske studentar på Høgskulen i Volda.
Vertinnene denne gongen var Sigrid og Åshild. Møtelokalet vårt var reinska for stolar og bord, så dei hadde ein del arbeid med å få dette på plass frå eit anna rom. Det vart fortalt at rommet blei brukt til andre føremål (pilates). Dette blir ei oppgåve på neste styremøte for å finne ut korleis dette heng saman, og kva som vil skje med møterommet vårt.
Åshild hadde baka nydeleg kake som vi koste oss med.
Loddsal og song fekk vi også tid til før presidenten takka for ein triveleg kveld,
Eli Berit Strande – sekretær –
ISO Berit oppmoda ein av medlemane til å reise på ISO/DISO-treff 15.-16. sept.-12 då ho er forhindra i å reise. Treffet er denne gongen på Gardermoen. Truleg reiser Norunn Brekke. Ny DISO er Mona Sissel Emanuelsen frå Fauske.
Sekretær Eli Berit delte ut og orinterte om «Blåboka».Ho hadde vidare ein del spørsmål som medlemane måtte leite opp og finne svar på og kvar det står i blåboka. Ho oppmoda om å bruke boka og å gjere seg kjend med innhaldet.
Halvårsrapport våren 2012 og ein ny «Foldar» med opplysning om bl. a 3 min., vertinner, møtedagar og arrangement og styret med adresseliste, blei også delt ut av sekretæren.
Berre to medlemar skreiv seg på liste til Intercitymøte i Volda. Sekretæren tek kontakt med dei som ikkje var på møte for å orientere om Intercity-møte den 23 september på Volda turisthotell, og ta immot evt fleire påmeldingar og rapportere dette til presidenten i Volda IW. Ørsta er også bedne om å ha takk for maten tale og ei orientering om arbeidet i klubben siste året.
Tidlegare kasserar Marit Aasen la fram rekneskapen 2011-2012 revidert av revisor Kjellfrid Osdal. Rekneskapen følgjer no IW-året.
Styret var vertinner denne kvelden, og den bestemte menyen med rundstykke og kaffi blei servert.
President Sigrun overrekte orkide til:
Ragnhild Høydalsvik 70 år 16/9-12
Solrun Sætre 60 år 22/9-12
Liv Grete Løken 60 år 7/5-12
Åshild Taklo 70 år 22/9-12
Presidenten takka for møtet og ønskte at dette måtte bli eit godt IW-år for oss alle.
Eli Berit Strande -sekr.-
Halvårsrapport for våren 2012
Denne våren har vi hatt 5 medlemsmøte. Frammøte har variert mellom 13 og 24 som gir eit snittresultat på 58,6 %.
Januar:
Dette var fellesmøte med Volda IW som dei arrangerte på Bakk-Ola marka, ein institusjon i Ørsta. Merete Heggedal Longvastøl var der og fortalde om sitt forhold til ein barneheim i Bolivia, der ho er «tante» til 100 born. Barneheimen heiter « Hogar Shalom es mi casa» og tyder Fred.Ho skildra naud og hjelpetiltak der.
Inntekta av loddsalget denne kvelden kr. 4000.- gjekk sjølvsagt til denne barneheimen.
Februar:
Vi var samla i lokalet vårt i Nordea-banken. Merete Flø som var heime i Ørsta på ein snartur, fortalde om opphaldet sitt på Bjørnøya. « Vaktlaget» blir skifta ut kvart ½ år og det tel berre 9 personar som er det totale antal personar som er på Bjørnøya.
Det er verobservasjon og rapportering som er arbeidet til vaktlaget på Bjørnøya.Ho engasjerte oss med eit interessant foredrag om tida der.
Denne kvelden blei to nye medlemar teke opp i Ørsta IW-klubb. Det er Norunn Brekke og Liv Grete Romestrand Løken.
Det var val av nytt styre som då får denne samansetninga 2012-2013.
President : Sigrun Myklebust.
Visepresident : Jenny Godø Vatne.
Pastpresident : Kari Juel Rogne.
Kasserar : Kjellfrid Osdal
ISO : Berit Hatlestad.
Sekretær : Eli Berit Strande
Styremedlem : Eli Øvstegård Lannerholm.
Revisor : Marit Aasen.
Rekneskapen blei lagt fram av kasserar. Frå neste gong er det bestemt at rekneskapen skal følgje klubbåret.
Mars:
Deltaking på distriktsårsmøte i Bodø.(President og visepresident )
Rosesalg. 600 roser selde og kr. 7000.- sendt til narkotikahundproskjektet.
Eldrefest arrangement saman med Rotary. Ein vellukka fest, og fyldig referat i lokalavisa «Møre Nytt» etterpå.
April:
På medlemsmøte denne månaden, var det vår nye rådmann Wenche Solheim som var invitert. Her var det mange som gjerne kunne diskutert mykje for dette var aktuelle saker som blei framlagt. Ho har mange tankar om korleis kommunen kan styrast og medlemane har ønskje om korleis bli styrt, men så er det desse pengane som bremsar— eller rettare sagt mangel på sådanne. Ho fekk rose som takk for eit ¾ t interessant foredrag.
Det blei referert frå distriktsårsmøte i Bodø.
Det er no 11 klubbar i D-27
Mai:
24 medlemar var glade for å reise på tur, så Ragnhild Ø Øye fekk storbesøk på hytta si på Urke. Ho og mannen Bjarne, serverte nydeleg kjøtsuppe og vertinnene Jenny og Eli hadde baka kake. Diverse programinnslag og livleg prat rundt borda vitna om ein svært hyggeleg kveld. Busstur med Steinar Hatlestad som sjåfør set vi alle stor pris på og det gjer utflukta ekstra kjekk.
Juni:
Det har i mange år vore tradisjon å avslutte vårsemesteret med ei sommarutflukt saman med Rotary. Så også denne gongen.Vi var på Rjånes Ungdomssenter. Hovudposten var ved Gunnar Ellingsen som fortalde om Raudøyholmen si historie heilt tilbake til 1700 talet.
Raudøyholmen som er 27,5m høg og har eit areal på 30 mål, er næraste nabo til Rjånes Ungdomssenter. Her var industri og busetnad fram til 1917. Han gav oss eit svært godt og interessant foredrag.
Ragna Riise fylte 85 år denne dagen og ho blei sjølvsagt gratulert og hylla med flagg, ballongar song og gåve, noko den spreke dama tok vel imot og heldt ei flott takketale.
Eit bugnande matbord og god prat rundt borda vart det tid til før loddsalget .
På loddsalet kom det inn kr. 5360.- som blir sendt til Svalene.
Diverse programinnslag og fellessong blei unnagjort, før det høgtidlege president og styreskifte. Dei som gjekk ut av styre, blei takka for innsatsen og dei nye blei ønskt velkomne inn i styret. Sentralt her er presidentskifte: Kari Juel Rogne fekk velfortente gode ord og takk for at ho har vore ein solid og dyktig president. Kjeden blei høgtidleg overrakt til Sigrun Myklebust som no er ny president og er klar til å «føre skuta» inn i eit nytt Inner Wheel år 2012-2013.
Det har vore 3 styremøte dette semesteret og 15 saker er handsama.
Eit mangeårig og trufast Inner Wheel medlem har p.g.a sjukdom meldt seg ut av Ørsta IW-klubb denne våren. Det er Kjellaug Øyehaug.
Eli Berit Strande
-sekretær-
Referat frå medlemsmøte Ørsta IW den 12 juni 2012.
Det har lenge vore tradisjon å avslutte vårsemesteret med ein sommarfest saman med Rotary. Så også i år på Rjånes Ungdomssenter. Styremedlemane hadde pynta fint med blomster og lys på borda og etter kvart vart det eit flott og bugnande matbord då det også er vane at medl. tek med mat på fat og kaffi/te.
Pres. Kari ønskte velkommen og vi song oss saman med «Å Vestland Vestland»
Hovudposten var ved Gunnar Ellingsen. Han fortalde om Raudøyholmen si historie heilt tilbake til 1700 talet. Raudøyholmen som er 27.5 m høg og på 30 mål , er næraste nabo til Rjånes Ungdomssenter . Det var såleis ekstra interessant å få sitje å sjå dit samtidig som Gunnar gav oss eit foredrag fullspekka med årstal og opplysningar om eit aktivt industriliv på øya og der det har vore fastbuande heilt fram til 1917. Han hadde også ein del bilder og kart som blei lagt fram.Ei velfortent rose fekk han som takk for eit svært interessant foredrag.
Ein av våre sprekaste medlemar, hadde fødselsdag denne dagen. Det var Ragna Riise som fylte 85 år.Ho blei sjølvsagt gjort stas på med ballongar,flagg,song og gåve, før vi tok ein lang matpause med hyggeleg «drøs» rundt borda.
Ved loddsalget kom det inn kr. 5360.- Dette blir sendt til Svalene.
ISO Berit las brev frå Ljungby IW der dei inviterar til gjenbesøk i 2013.
3 min. var ved Anne- Mari Øyehaug. Ho fortalde om korleis Kristian den tredjes bibel frå 1550 vart overlevert i Hjørundfjord kyrkje via Kvalsvikbrødrene.
Presidentskifte og styreskifte, gjekk greit unna. Marit Åsen, Sigrid Hovden og Åshild Taklo fekk takk og rose for innsatsen i styret , medan Jenny Godø Vatne, Kjellfrid Osdal og Eli Lannerholm går inn i det nye styret.
President Kari Juel Rogne blei takka av innkomande president Sigrun Myklebust. Ho fekk rose som takk for ein flott innsats og god leiing i dette IW-året. Presidentkjeden blei overrakt til Sigrun Myklebust som no er den nye «skipperen» på IW-skuta i 2012-2013.
Medlemsmøte 2. mai 2012
Denne dagen var 24 medlemar på utflukt. Vi tok turen til Ragnhild og Bjarne Øye si hytte på Urke.
Ragnhild serverte nydeleg kjøtsuppe og flatbrød og vertinnene Jenny og Eli (Lannerholm) hadde
baka kake til kaffien.
Etter velkomsthelsing og diktlesing av Ragnhild, song vi «No livnar det i lundar»
Der var nydelege dekka bord med kvitveis og tulipanar og der var plass til alle. Nokre sat inne i hytta og andre ute på terrassen med varmeomnar og pledd. Triveleg!!
President Kari informerte litt frå Convention m.a er det no opna for at medlemar til IW kan vervast fritt utan direkte tilknytning til Rotary. Ho sa også at neste Convention blir i København.
Jenny har printa ut boka om «Svalene 50 år» frå nettet. Denne kan lånast ut til medlemane. Det er ISO som administrerer utleiga. Takk til Jenny for jobben!!
91 år gamle Ingrid kunne fortelje at ho var kasserar i klubben i 1964 og då blei det sendt støtte til Svalene. Dermed har altså Ørsta klubben støtta Svalene mest heile tida.
Ragnhild (Høydalsvik) hadde eit tankevekkande 3 min som ho avlsutta med å vise eit bilde med
teksten:» Fyll dagen med liv, ikkje livet med dagar»
Ragna(Riise) og Bjarne fortalde og mimra litt om turismen på Øye og Hjørundfjorden i «gamle dagar».Det kunne vere opp til 70-100 hestar som tok turistane med gjennom Nordangsdalen frå dei mange turistskipa som vitja fjorden. Frå skipa blei det også kasta ting som folk langs fjprden plukka opp.
Loddsalet gjekk kjapt unna, og så var det gruppebilde av blide damer i vakker natur.
Tida går fort i godt lag, og det høyrdest på latter og prat at folk kosa seg.
President Kari takka vertskapet Ragnhild og Bjarne for alt dei hadde gjort for at vi skulle få ein så
hyggeleg kveld.
Vår kjære sjåfør Steinar blei sjølvsagt også takka for at han så velvilleg stiller opp.
Pres. Kari minte så om vårfesten på Rjånes den 12 juni 2012 kl. 19.00 saman med Rotary.
Medlemane tek med mat på fat, kanne med kaffi eller the,gevinst, kopp/asjett/teskei og loddpengar.
Vi fekk tid til å synge eit par songar til, før vi måtte bryte opp for å rekke ferga.
Praten gjekk fortsatt livleg då vi i 23-tida var tilbake i Ørsta og kunne takke kvarandre for ein triveleg og vellukka hyttetur.
Eli Berit Strande
– sekr –
____________________________________________________________________________
Medlemsmøte 11 april 2012.
Vi var 17 medlemar samla til møte for å høyre vår nye rådmann Wenche Solheim.
Til tross for influensa, stilte ho opp og delte tankar med oss som ho har for stillinga som ho gjekk inn i den 11 juni 2011. Ho er utdanna sosionom og har ein master i leiing.
Den beste skulen har ho likevel fått ved å verte leia av gode leiarar.
Ho fortalde at det er mange utfordringar i Ørsta kommune. Det tek tid å endre ein stor organisasjon.
( 700 årsverk/ 1000 tilsette ). Planlegging – nybygg – sjukmeldingsreduksjon – tilsynsbesøk – halde
på ungdomane i bygda etc og ikkje minst få kontroll på økonomien.
I 2004 var der «sparepengar» på ca 30 mill, men no er der heilt tomt. Korleis auke inntektene og redusere utgiftene?
Formannskapet er som eit styre i ei bedrft, men her er mest alltid pressa tilstades.
Ho fortalde også at dei slit med IKT p.g.a ulike system som ikkje «snakkar» med kvarandre.
Rådmannen har mange tankar om leiarskap i organisasjonen og meinar at dyktige trygge leiarar gjev trygge, fornøgde og gode medarbeidarar som både blir sett og høyrt.
Forandring fører ikkje alltid til forbedring, men ved ei forbedring så må noko endrast.
Ho informerte om sparetiltak som t.d nedlegging av skular, om bustadfelt i utkantane, om matombringing frå eit storkjøkken osv . I dette låg det mykje «sprengstoff» som medlemane gjerne ville diskutere. Ho svarte på ein del spørsmål, men vi kunne gjerne brukt enda lenger tid til diskusjon og det er sant som ho sa at kommunen det er «vi» og ikkje»dei».
President Kari overrekte rose som takk for eit interessant foredrag.
Vertinnene Kirsti og Solrunn, serverte nydelege vafler til kaffien, og på loddsalet kom det inn kr. 850.-
Sekretær Eli Berit orienterte litt om blåboka og retningslinjer for kva som skal stå i adresseregisteret for medlemane.
Vårturen 2 mai, går til Ragnhild si hytte på Urke. Påmeldingsskjema blei sendt rundt og sekretæren tek kontakt og orienterar dei som ikkje var på møte.
ISO Berit takka for rosesalet som resulterte i 12246.- kr som blir sedt til utdanning av narkotikahund. 600 roser blei selde.
Ho las brev frå vennskapsklubbane Stege i Dannmark og Ljungby i Sverge.
Ho refererte også til månadsbrev frå Diso Turid som minte om orda frå Hæssels bok: «stopp likgyldigheten, vær engasjert»
President Kari fortalde så frå distriktsårsmøte i Bodø der ho og visepres. Sigrun deltok.
Eli Berit Strande
– sekr. –
Medlemsmøte 1. februar 2012.
Vi var 19 medlemar og 2 observatørar som møttest til årsmøte denne kvelden.
Vi hadde invitert Merete Flø ( frå Ørsta p.t Svalbard) til å fortelje om det ½ året ho var på Bjørnøya som metrologfullmektig.
Ho var på Bjørnøya frå 28 mai til 9 desember 2011. Dette var eit opphald som ho søkte på. Tilsaman var der 9 personar totalt på Bjørnøya.
Dette «vaktlaget» blir skifta ut kvar ½ år.
Bjørnøya som ligg mellom Svalbard og Norge, er 21/2 mil på det lengste. Heile øya er naturreservat. Det høgste fjellet er 535 m.o.h. Der er 700 vatn med mykje fisk i spesielt ishavsrøye. I havet er der mykje fisk og dei hadde ofte fersk torsk til middag.
Vaktlaget til Merete, var 6 menn og 3 kvinner derav 2 kokker.
Matserveringa på Bjørnøya er som på det flottaste hotell og det mangla ikkje på nokon ting.
Dei får forsyning via kystvaktskipet som kjem kvar 4-6 veke, og i periodar kan dette vere einaste «kontakta» med omverda.
Om sommaren er der fleire som «stikk inn om», og der er etablert Bjørnøya nakenbadforrening som til no har 2800 medlemar. For å motta denne diplomen, må du ha bada naken i Barentshavet medan ein av motsatt kjønn ser på. Dette er eit populært tiltak.
Det er verobservasjon og rapportering som er arbeidet på Bjørnøya. Dei 9 som er der har hatt 1 vekes opplæring i Tromsø, og gått gjennom grundig legesjekk både fysisk og psykisk. Rabiesvaksnine er også obligatorisk.
Når det gjeld medisinsk hjelp, så er der forbindelse til sjukehuset i Longjerbyen, og det tek 1 ½ timie med helikopter til Bjørnøya. Der er dessutan eit stort medisinlager som dei kan bruke etter konsultasjon med lege i Longjerbyen.
Der er vaktordning med 3 dagar på og 3 dagar fri. I friperiodane blir det mykje friluftsliv og forholda er lagt svært godt til rettes for å drive med ulike fritidsaktivitetar.I vinterhalvåret må dei alltid gå med våpen for då kjem isbjørn med isen.
Løna er veldig god. Dei tener ei god årsløn på eit halvt år.
Frå president Kari fekk ho overrekt rose som takk for eit interessant foredrag i ord og bilde.
Etter matpausen med rundstykker, var det lyssermoni og opptak av 2 nye medlemar:
Norunn Brekke og Liv Grete Romestrand Løken
Val til nytt styre vart leia av past president Ingun Natvik. Det gjekk greit unna og alle blei valde ved akklamasjon.
Styret 2012/2013 blir då:
President : Sigrun Myklebust.
Visepresident: Jenny Godø Vatne.
Pastpresident: Kari Juel Rogne .
Kasserer : Kjellfrid Osdal
ISO : Berit Norunn Hatlestad.
Sekretær : Eli Berit Strande
Styremedlem : Eli Øvstegård Lannerholm
Revisor : Marit Åsen
Kasserer Marit la fram rekneskapen revidert av Kjellfrid Osdal. Det var ingen merknadar. Frå neste gong er det bestemt at rekneskapet skal følgje klubbåret.
Ørsta/Volda ballettskule skal til Aberdeen på Internasjonal Youth Festival i august 2012. Klubben støtta styret sitt vedtak om å yte kr. 2000.-
3 min, var ved Eldrid Ose som reflekterte litt om dagsaktuelle tema som lavkarbo, smørkrise, «Dagmar» og glatte vegar og avslutta med ønskje om ein god vår til alle.
President Kari hadde så diverse informasjon:
*Eldrefesten blir 13 mars kl 18.00. Husk bløtkake og ei kanne kaffi.
*Sigrun og Kari reiser til Bodø på Distriktsårsmøte i mars
*Kari Juel Rogne stiller som 2 visedistriktspresident.
*Molde IW er avslutta som klubb.
*Intercitymøte blir i Volda september 2012.
*Medlemsmøte i april blir 11 april 2012.
*Vi planlegg utflukt den 02.05.12
*Sommaravslutning på Rjåneset blir den 12 juni 2012
ISO Berit informerte om Madagaskarprosjektet som no er avslutta men som har gitt høgare utdanning til mange tusen born.
Vaktliste for rosesalget den 24 mars 2012 blei delt ut. Vi skal selge 600 roser.
Styret møter 23 mars hjå Berit for å klargjere rosene.
Kasserer Marit las frå Svalene og informerte om at det er utgitt jubileumsbok men den er berre på nettet. www.svalene.no
Styret prøver å få til ein papirversjon av boka.
Ein innhaldsrik kveld blei avslutta med songen: « De nære ting»
Fellesmøte mellom Ørsta IW og Volda IW 11.01.
Møtestad: Bakk Ola Marka, Ørsta
Det var Volda IW som stod for arrangementet dette året. ISO i Volda Sissel Andersen
ønskte velkomen og informerte litt om bygget Bakk Ola marka der ho har jobba i 9 år. Ho og 4 andre er tilsette i Furene arbeidstrening, men arbeidstaden er dette bygget der dei tek imot folk som er inne til diverse arbeidstreningstiltak.
Ordninga er i samarbeid med Nav.
Aktivitets-senteret er ope kvar dag frå kl. 10.00 – 15.00.
Her er då aktivitetar som bingo, seniordans, fotpleie, frisør, andakt , kafèdrift , m.m.
Lokalet blir også utleigd til private arrangement og til lag og organisasjonar.
Her blir også kontroll av høyreapp.
Det blir også laga ting til utlodning og inntekta går til oppgraderingstiltak på huset.
Vi song venskapsvise med ISO i Ørsta Berit Hatlestad ved pianoet.
Hovudgjest var Merete Heggedal Longvastøl frå Naustdal i Sunnfjord, men p.t lærar i Volda.
Ho fortalde om sitt forhold til ein barneheim i Bolivia, der ho er «tante» til 100 born.
Engasjementet starta med eit besøk i 2006 som varte i 4 mnd. Sidan har ho vore der 2 gongar. Barneheimen heiter: «Hogar Shalom es mi casa» og tyder Fred.
Grunnleggaren av denne private barneheimen, er ein universitetslektor som heiter Anna. Ein dag såg ho ein gut som hadde heimen sin på gata og sov med noko plast over seg. Dette synet følgde henne gjennom natta, så om morgonen gjekk ho med mat til guten. Etter kvart kom fleire til og ho hadde til slutt 10 stk som ho gav mat og etter kvart tok inn i heimen sin. (1997)
Dette var forløparen til barneheimen som i dag har plass til 100 born. Dei er fordelte med 12 born og 2 foreldre i kvar boeining.
Her får borna bu til dei har fått seg ei utdanning. Barneheimen blir driven med støtte frå kristne vesentleg frå USA. Borna blir plukka ut av barnevernet.
Merete hadde fleire rystande historier å fortelje om kva desse borna hadde opplevd før dei fekk kome på barneheimen.
Merete engasjerte seg i ball leik for dei og har starta vollyballtrening for dei og har sendt både ballar og drakter dit med støtte frå idrettslag i heimbygd.
Privat støttar ho og familien barneheimen med div. tiltak.
Til sommaren reiser ho ein tur tilbake.
Inntekta av loddsalet denne kvelden gjekk sjølvsagt til barneheimen i Bolivia. Det kom inn kr. 4400.-
Eli Halsen Ørsta IW, hadde eit flott 3 min innslag med fokus på det gode liv.
Det ein sender ut får ein tilbake. Ho avslutta med å seie: « Fortsett med å gjere
det som gjer livet ditt godt å leve»
ISO Berit Hatlestad las helsingar frå vennskapsklubbane Ljungby (Sverige) og Stege(Dannmark)
Til slutt hadde presidentane for klubbane : Kari Juel Rogne Ørsta IW og
Åshild Longvastøl Volda IW, innlegg med diverse opplysningar og takka for ein triveleg kveld i lag.
Møta har vi hatt i vårt faste lokale i Nordea banken .
Vi har hatt foredrag av tidlegare flyktningkonsulent Birgitte Sætre. Ho fortalde om arbeidet sitt i kommunen og om dei utfordringane ho hadde møtt i forhold til « våre nye landsmenn».
Klubben fekk tilsendt «Forslag til handlingsplan for økt aktivitet D 27 2012-2016
Del 2 Mål og tiltak» til uttale. Planen blei drøfta på klubbmøte og resultatet blei vidaresendt til distriktspresidenten.
I august hadde vi besøk frå vennskapsklubben vår i Ljungby i Sverige. Vi var vertar for 10 gjester og hadde ei svært triveleg helg i Ørsta og omegn. Blandt gjestene var det 4 Rotaryanarar. Mange frå Ørsta Rotaryklubb stilte opp og gjorde mykje til at besøket vart så vellukka. Vi var ca 40 stk. samla på dei fleste arrangementa.
På første møtet hadde vi evaluering av besøket, og vi kunne konkludere med at det hadde vore med og berika klubben, og at nye vennskapsband var knytta.
25 september var 6 stk frå Ørsta I.W på Intercity møte i Ulsteinvik. Distriktspresident Ingebjørg Ivarrud var tilstades der.
Iso Berit Hatlestad har delteke på ISO/ DISO treffet i Stjørdal 17 og 18 september.
Vidare har ho på kvart møte hatt informative innlegg der ho har fortalt om diverse program og prosjekt som er på gang.
«3min» og loddsalg har vi hatt på kvart møte, og elles opna for diverse spontane innlegg frå medlemane. M.a hadde 91 år gamle Ingrid Hovden teke med ei lærebok frå 1863 som ho las litt frå under tittelen:»Forberedelse til renlesning»
Den 7 september døydde vår mangeårige medlem Lillian Hagen. Frå Ørsta I.W la president Kari Juel Rogne bårebukett på kista ved gravferda den16 september. Mange av medlemane var med i kyrkja og på minnestunda på Bedehuset etterpå.
Solrun Sætre var på Landstreff i Halden i august og gav oss eit inspirerande referat derifrå.
Ørsta IW klubb var 55 år den 10 oktober. Vi feira oss sjølve med attersyn som Liv Rørnes hadde. Ho har vore medlem sidan 1959 altså i 52 av 55år. Pres. Kari las helsingar frå andre klubbar og det blei ekstra servering og tid til «mimre-prat».
Julemøtet hadde vi saman med Rotary på Rekkedal Gjestehus den 13 desember.
Det var både vellukka og kjekt og etter kvart er dette vorte ein god tradisjon.
Etter sommaravslutninga på Rjånes, blei det sendt kr. 4000.- til Svalene.
Dei to observatørane som har delteke på fleire møte, har gitt uttrykk for at dei ønskjer å bli tekne opp som medlemar. Dette blir nok gjort i starten på nytt semester.
Dei som har hatt «runde dagar» har fått blomster (orkide`) frå klubben.
Styret har fungert godt, og president Kari Juel Rogne har vore ein trygg og sikker «skipper på skuta»
Styret ønskjer alle medlemane i Ørsta Inner Wheel klubb eit godt nytt år med mange fine opplevingar og eit godt fellesskap.
Ørsta den 8 januar 2012
Fellesmøtet m/ Volda IW blir 11. januar 2012 kl. 19.30 på Bakk-Ola marka , Ørsta.
« 3min.» var ved Sigrid Hovden. Ho las dikt frå boka Konkyliens sang av Oddbjørg Husøy.
Det blei sendt rundt påmeldingsliste til julemøtet på Rekkedal Gjestegard den 13.12.11.Dei som ikkje var på møtet, vil bli kontakta av sekretæren.
«Forslag til handlingsplan for økt aktivitet i D 27 2012-2016 Del 2 Mål og tiltak» er sendt til klubben til uttale. Visepresidenten delte ut ein kopi av denne planen til kvar, og ba medlemane om å lese gjennom spesielt mål og tiltak og kome med innspel. Styret skal så samanfatte dette, og sende uttalen til ditriktspresidenten. Etter ein del «summing» var det eit «lyst hode», Jenny, som skar gjennom og gjekk på dei foreslåtte tiltaka: einig/ ikkje einig. Forslaget blei einstemmig vedteke med nokre kommentarar til. Styret skal samanfatte dette . Planen skal drøftast på Didtriktsårsmøte i Bodø i mars 2012.
91 år gamle Ingrid Hovden hadde teke med seg ei lærebok frå 1863 med tittelen; «Forberedelse til renlesning» . Ho las nokre avsnitt frå den boka og fortalde litt om tida med omgangsskule i heimane.
Vertinnene Ingun Natvik og Kjellfrid Osdal hadde sytt for god mat og kaffi. Åresalget gjekk greitt unna, og nokre songar blei det også tid til innimellom. Alt i alt ein triveleg Inner Wheel kveld.
Eli Berit Strande – sekretær
Medlemsmøte den 5/10-11.
Nitten medlemar var samla for å feire at vi som klubb er 55 år (10/10-11).President Kari Juel Rogne leia møtet og las helsing frå Volda IW-klubb.
Møtet blei opna med minneord og 1 min. stillhet for å heidre minne etter Lillian Hagen som døydde den 7/9-11. Frå Ørsta I.W -klubb, la presidenten bårebukett på kista ved gravferda 16/9-11.
Liv Rørnes har vore medlem i klubben sidan 1959, altså i 52 av 55 år. Ho hadde eit historisk attersyn frå tida i Ørsta I.W-klubb. Det var Asbjørg Djuvstein som var den første presidenten. Bergen IW-klubb er fadderklubb. Dei første åra var møta rundt om i heimane til medlemane. Først i 1970 åra blei vi tilhøyrande distrikt 27. Klubbsaker og praktiske oppgåver har prega klubben.
ISO Berit refererte frå ISO/DISO-treff i Stjørdal den 17-18/sept.-11. Av distriktet sine 13 klubbar, var berre 8 representerte. Riso kom heller ikkje.
Det blei informert om prosjekt som er på gang både nasjonale ( t.d narkotikahund, fistula 2, handicamp) og internasjonale ( m.a at unicef programmet vert avslutta )
På treffet var der innlegg ved Berit Johanne Hoås om prostitusjon og menneskehandel.
Det var ulike erfaringar med venskapsklubbar. Det blei vist til at det også går an å ha venskapsklubb med andre klubbar i Noreg.
Neste ISO/DISO-treff blir på Gardermoen.
Seks medlemmer frå Ørsta IW var på Intercity møte i Ulsteinvik. Distriktspresident Ingebjørg Ivarrud var tilstdes der.
3min. var ved Eli Lannerholm. Ho fortalde om den boka ho ville teke med seg til ei aude øy, nemleg romanen av den russiske forfattaren Dostojevskij. Boka heiter «Brødrene Karamazou» og omhandlar holdningar og verdiar som styrer oss menneske.
President Kari tok opp spørsmålet om evt. lesesirkel, men dette kjem ein evt. tilbake til seinare.
Solrun Sætre er heimesideredaktør og ho fortalde litt om arbeidet med den og oppmoda alle til å sende inn stoff og bilde.
Julemøtet blir på Rekkedal Gjestehus saman med Ørsta Rotary den 13.12.
IW-bladet kjem ut den 30 okt-11 Vi har sendt inn refr. og bilde frå Ljungby besøket.
Vi fekk god tid til ein hyggeleg prat og ekstra lang matpause der vi fekk servert både rundstykke og nydelege kaker.
Alt i alt ein triveleg kveld med feiring av oss sjølve som klubb.
Eli Berit Strande
sekr.
Medlemsmøte 7/9-11
Vi var 20 medlemmer, inkludert 2 observatørar, som var samla til første møtet i haustsemesteret. President Kari losa oss dyktig gjennom det ho kalla eit arbeids- og informasjonsmøte. Besøket frå Ljungby, vår venskapsklubb, blei gjennomgått med eit tilbakeblikk. Vi var einige i at det var «vel blåst», kjekt og økonomisk i god balanse. Vi har hatt besøk av ein utruleg flott gjeng som har berika oss alle.
Eli Berit Strande hadde 3 minutt, og ho las opp takketalen som president i Ljungby IW, Iris Steiner, heldt på Folkehøgskulen. ISO Berit Hatlestad las takkebrev frå gjestene. Ørsta vgs sponsa oss med minibuss og Steinar Hatlestad var gratis sjåfør, så vi er veldig takksame for den store støtta.
Det var omtala på møtet at vår kjære Lillian Hagen var alvorleg sjuk.
President Kari Juel Rogne refererte brev frå D-president Ingebjørg Ivarrud. Ho blir med på intercity-møtet i Ulsteinvik 25.september. Påmelding til dette skal skje til Doris Høybakk innan 15.september. Møtet startar kl.13.00. Kr 300,- skal betalast inn på konto 4137.07.16143 på førehand. ISO Berit Hatlestad reiser på ISO/DISO-treff i Stjørdal 17.-18.sept.
Matservering på møta. Pres Kari stadfesta den ordninga som no gjeld: Vertinnene held og kokar kaffi/te, ordnar med gevinst, dekker bord, tek med lys og serviettar og har ei enkel servering med kringle/skuffekake eller rundstykke med ost. Alle kan lage flott mat, men ingen skal overskride dette. Matpengar kr. 50.-, blir kravd inn saman med kontingenten .Vertinnene hentar nøkkel til lokalet i banken tidlegare same dag.
Past distr pres Britt Indresøvde utarbeidde eit spørjeskjema om IW kva no og i framtida? Dette blei diskutert på klubbnivå og på distriktsårsmøte. Noverande distr pres har jobba vidare med dette som skal munne ut i ein visjon for klubbane. Del 1 er sendt klubbane til info og gjennomgang og del 2 blir sendt ut i løpet av hausten.
På møtet blei det «summing» og gjennomgang av dette utkastet. Mange av medlemene gav utrykk for at IW har betydd mykje for dei og at dei trivst godt i klubben som er både variert i innhald og triveleg.
Vi var samde om at samandraget på utkastet virka noko negativt og at klubben blir ikkje betre enn du gjer han til sjølv. Trivst vi, vil det ha smitteeffekt på alle medlemane i klubben.
Det var styret som var vertinner for kvelden og Åshild hadde baka nydeleg kringle.
Eli Berit Strande
sekretær
Besøket frå venskapsklubben Ljungby i Sverige, var i dagane 19-22 august
Dette vart ei svært triveleg helg både for dei 10 gjestene( 6 damer og 4 menn), og for oss som var vertskap.
Steinar gjorde ein fantastisk jobb som sjåfør i minibuss heile helga !!!!
Laurdag starta vi omvisning i Ørsta kyrkje.Kyrkjetenar Aslak Solbjørg orienterte.
Turen gikk så vidare til Aasentunet .Der såg vi filmen som er laga om Ivar Aasen og fekk orientering om viktige hendingaar i livet hans.
Etter tur gjennom verdas djupaste tunell, hadde vi stopp i Fosnavåg og åt nydeleg fiskesuppe på Fosnavåg brygge. Det blei litt tid til rusling og butikk, før vi reiste vidare til Runde.Eit blikkstilt hav i solskin møtte oss der.
Om kvelden samlast vi ca 40 personar på Ørsta vidaregåande skule. Her var det kåseri av Anders Roald og song av Einar og Sæbjørn.
Maten var eit innhaldsrikt koldtbord med dessert og kaffi etterpå. Livleg prat viste at stemninga var på topp.
Søndag kom med nydeleg ver og kl. 10.00 var vi på hjul til Sæbø, Nilsbuda, Taklogalleriet og Riisetunmodellen.
På Union hotell på Øye fekk vi vandre rundt, og vi let oss alle begeistre over det fine vi såg.Vi fekk servert kaffi med nydeleg eplekake,is og vaniljesaus til.
Hotellsjef Marianne Øye orienterte om hotellet og historia bak, og tilslutt song ho til oss med ei flott operastemme. Ei allsidig dame som trivst i jobben sin.
Gjennom Norangsdalen blei det fleire stopp både for å sjå og for å forevige inntrykka gjennom kamera. Bjarne var guide på denne turen som enda på hytta som han og Ragnhild har på Urke. Her var det « strøkent» og koseleg både inne og ute.
Mykje arbeid var nok lagt ned for å få til eit langbord til 34 personar. I tillegg hadde Bjarne sett opp party-telt over langbordet.
Ragnhild serverte rømmegraut og spekemat, noko gjestene ikkje hadde ete før , men alle var like begeistra over den gode grauten.
Eli Berit las eit par dikt om fjorden og dei fjella som omkransar staden.
På tilbaketuren køyrde vi om «Riisetrappa», og Ragna fortalde om rasulukka i 1968.
Søndag kveld samlast ca 40 personar til gryterett , kaffi og stort kakebord på Folkehøgskulen. Sigrid Terøy Finnes song to songar og elles var det både svensk og norske allsongar. Gjestene våre laga kor og framførte ein song. Iris heldt tale om opphaldet , der ho tok utgangspunkt i alfabetet. Vi hadde lyssermoni og takke-/avskjedstaler. Berit takka spes . ISO Karin for god korresbondanse før dette besøket.Klubben fekk pengegåve ( kr. 1000.-) frå gjestene.
Mandag morgon var nokre frå IW til frukost saman med gjestene før vi vinka dei farvel og takka for eit svært hyggeleg besøk. Ordet vennskap passa for alt vi fekk oppleve saman desse dagane.
Ei varm takk til alle som bidrog til at dette blei så vellukka og ikkje minst til president Kari som losa oss trygt og godt gjennom heile helga.!